Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Davik kyrkje



Davik kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i bygda Davik i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 500 sitjeplassar, vart vigsla 6. juli 1886 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Arkitekt Georg Andreas Bull laga teikningane. Davik kyrkje er soknekyrkje for Davik sokn og hovudkyrkje i Davik prestegjeld.

Sjeldan har striden omkring plasseringa av ny kyrkje vore så hard som han var i Davik på 1870- og 1880-talet. Den tradisjonsrike kyrkjestaden på sørsida av fjorden fekk konkurranse av det einaste alternativet soknestyret ville gå inn for - ny kyrkje på Haus, på motsett side av Nordfjorden. Kvar folket budde var avgjerande for kva dei meinte.

Sjeldan har striden omkring plasseringa av ny kyrkje vore så hard som han var i Davik på 1870- og 1880-talet. Den tradisjonsrike kyrkjestaden på sørsida av fjorden fekk konkurranse av det einaste alternativet soknestyret ville gå inn for - ny kyrkje på Haus, på motsett side av Nordfjorden. Kvar folket budde var avgjerande for kva dei meinte.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Strid om stadvalet

I 1870 tok dåverande prost Wilhelm Frimann Koren opp spørsmålet om ny kyrkje i Davik. Det var stadig problem med plassen i den gamle krosskyrkja. Fleire i kyrkjelyden hadde sett fram klager, og dei fekk støtte av medhjelparane i kyrkja, som stadfesta at der var for liten plass. I åra framover vart både storleik, materialval og finansieringa diskutert, men fyrst i 1876 starta for alvor den store striden om kvar kyrkja skulle byggjast.

Haus på nordsida av fjorden vart føreslege som ny kyrkjestad. Det var ein meir sentral stad enn Davik, meinte soknestyret. I styret sat det berre folk frå nordsida. Dei arbeidde iherdig for at både kyrkja og prestegarden skulle flyttast over til nordsida av fjorden. I 1877 tinga soknestyret byggmeister Gjert Lien til å setje opp kyrkje på Haus. For arbeidet skulle han få 4920 spesidalar og 48 skilling.

Men folk på sørsida protesterte. Sokneprest Lassen støtta dei som gjekk imot bygging på Haus, og dei vart det stadig fleire av. Folk i Ålfoten og Davik protesterte. Dei ville slett ikkje at borna skulle over fjorden for å lese for presten, også i Rugsund var motstanden stor. Eitt av argumenta mot kyrkje på nordsida var at landingsplassen var for dårleg. Men soknestyret stod på sitt. Dei meinte det ville vere farleg å byggje kyrkje på ein så stormhard plass som Davik, og polemiserte kraftig mot dei som gjekk imot flytting. Soknestyret hadde bestemt at det skulle averterast etter bygningsmaterialar i Fjordenes Blad og Aalesunds Tidende.

Byggjearbeidet starta i 1885

Men i det stille arbeidde dei mange som var imot. Sokneprest Nikolai C. Lassen skreiv brev til alle instansar i saka. Ein "påliteleg mann" frå sørsida, Martines O. Frimannslund, vart send fleire turar til Bergen for å forklare Stiftsdireksjonen korleis alt hang i hop. Og slik gjekk striden i fleire år. Ei tid stansa arbeidet heilt opp etter at departementet gjekk imot bygging på Haus. Soknestyret hadde ordførar Ole Haus på si side, og Haus var det einaste alternativet. Etter å ha sendt søknad og fått avslag tre gonger var det slutt på tolmodet og sinnet tok overhand, også hjå sakshandsamarane i departementet. Derifrå fekk soknestyret i 1882 eit alvorleg brev der dei vart skulda for uthaling. Til slutt måtte dei gi seg, og i 1884 starta for alvor førebuinga til ny kyrkje i Davik.

Bygdefolk gav stein til muren utan vederlag, og dei deltok i pliktarbeid både under oppføring av muren og med framføring av tømmeret. I mai 1885 starta sjølve bygginga, og rundt 20 karar arbeidde 12 timars dagar og gjorde huset utvendig ferdig til advent. Resten av vinteren og neste vår gjekk med til det innvendige arbeidet. Den nye, store kyrkja vart reist like ved krosskyrkja, som fekk stå til den nye var kommen opp. På vigslingsdagen gjekk biskopen, prestefølgjet og medhjelparane fyrst inn i den gamle kyrkja. Då dei kom ut att, gjekk biskopen fyrst med gullkrossen på bringa og alterstaupet i høgre handa. Bak han følgde det staselege følgjet med Nordfjord-prestane på rekkje og rad. Kyrkjelyden stod langs vegen, og mange av dei gamle gret då dei heilage kara vart tekne ut frå gamlekyrkja.

Kyrkjebygningen

"Enkel, men fin i all sin enkelhet", har det vorte sagt om Davik kyrkje. Det er lett å slutte seg til dei orda. Dei flotte, trekvite tømmerveggene og dei gamle, ubehandla furugolva er så naturlege og reine. Golva er eit tema for seg, og reinhaldaren i kyrkja skulle gjerne fått dei lakka. Det er nemleg ei svært krevjande oppgåve å vaske over dei svære golvflatene, og ikkje mindre krevjande å skrubbe dei opp, slik ein må gjere med denne typen golv innimellom.

Sjølve kyrkja er ikkje særleg lang, men ho er uvanleg brei. Før orgelet kom på plass på galleriet i 1933, var her plass til om lag 700 menneske. Davik kyrkje er dermed ei av dei største i fylket. Kor og skip går i eitt, og har same breidd som våpenhuset. Det firkanta koret har innebygde benker langs sidene. Kyrkjebenkene er blåmåla i seta, og er elles eikemåla eller "odra" med eigne nummer for dei ulike gardane og familiane. Skråtaket over skipet og koret er kvitmåla, og i skipet nedfelt og flatt ut mot sidene. Kyrkjerommet har søyler som støttar opp galleriet og elles gjer nytte som takstøtter ut mot sidene. Langs sidene er der fem spissboga vindauge på kvar side, med farga felt øvst i raudt og grønt. Alterringen er oval og har kvitmåla balustrade, lik dei i korskiljet. I forlenginga av koret finst dei vanlege sakristia. I vestenden ligg det romslege våpenhuset med trapper på kvar side opp til galleriet. I kvart av hjørna i våpenhuset er der laga til små rom med toalett.

Utvendig er tårnet plassert oppe på sjølve takmønet. Tårnfoten er firkanta, tårnhalsen åttekanta og spiret korpartekt. Inntrykket av ei sjeldan stor og fin kyrkje vert forsterka nettopp på grunn av den breie vestveggen og dei reine linjene i arkitekturen.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1885, er eit måleri av Anders Ohrem og Ole Marius Holmøe, med motivet "Nattverden". På alteret står to lysestakar i messing frå 1714-1716, ei gåve frå kapellan Fr. Holberg m.fl. Den tredje alterlysestaken har innskrifta: "Gave fra Daviken Kristelige Ungdomsforening 1915." På alteret ligg også eit eksemplar av Frederik den Vs Bibel, niande opplag, utgitt i København 1760. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv, og ei brødøskje og ei vinmugge i svart steinty med gullkross.

Døypefonten frå 1886 er laga av Ole Marius Holmøe. Dåpsfatet i messing er truleg frå 1620, med bilete av Maria som tek imot bodskapen om å bli Jesu mor. Det er merka med bokstavane C - V - G - E - M. Rundt biletet av Maria er to innskrifter i gammalgotisk skrift. Desse er ikkje tyda. Dåpsmugga i messing, er ei gåve frå Per Hamre, som òg har laga den.

I kyrkja er det tre lyskroner. Lysekrona i messing frå 1752 har innskrifta "Dnne Crone er af Sognepræsten og Almven i Davigs Sogn givet till Davigens Kircke - Gud til Ære og Kircken til prydelse - M.DCC.LII - den 6. September". Dei to andre er av nyare dato. Den eine har innskrifta: "Gave fra Marie og Alfred Myrvang 1954." På den nyaste lysekrona står innskrifta: "Gåve frå soknepresten og kyrkjelyden 1955". Orgelet er frå 1933, og har 15 stemmer, laga ved Vestre orgelfabrikk. Kyrkjeklokka frå 1885, er laga av 'der Bochumer Verein für Gußstahlfabrikation', og har innskrifta "Ære være Gud i det Høie - 1885".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR