Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Russisk krigsgrav i Høyanger - Iwan Schvroladsew (Iván Ivánovitch Shirolápov)



23. juni 1943 døydde den russiske krigsfangen Iwan Schvroladsew (rett namn: Iván Ivánovitch Shirolápov) på sjukehuset i Høyanger. Han vart gravlagd same dagen på kyrkjegarden på Høgereina. I 1946 reiste den faglege samskipnaden ein minnestein på grava hans. Steinen vart avduka 17. mai.

<p>Grava til den russiske krigsfangen Schvroladsew (Shirol&aacute;pov) p&aring; H&oslash;greina kyrkjegard i H&oslash;yanger.</p>

Grava til den russiske krigsfangen Schvroladsew (Shirolápov) på Høgreina kyrkjegard i Høyanger.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Både kjend og ukjend soldat

Minnesteinen på grava til Iván Ivánovitch Shirolápov har mørkslipt overflate der innskrifta kjem fram på lyse bakgrunnsfelt. Det står:

Her kviler * den russiske soldat * IWAN * SCHVROLADSEW * Født 29/11 1892 * Døde i tysk fangenskap * 23/6 1943

Denne soldaten er kjend ved at me veit noko om han: namn, når han var fødd, kvar han kom frå, namn på ektefelle og når han døydde. Han hadde fangenummer IIB 117/451, og det ligg føre opplysningar døsdsårsaka. Men det er også alt. Iván Ivánovitch Shirolápov er ein ukjend soldat på den måten at folk i  Høyanger (pr. 1990) ikkje hadde lukkast i å koma på sporet av livsløpet hans før han kom til Høyanger som krigsfange.

Russiske krigsfangar i Høyanger

Avisa Firda hadde 15. februar 1992 eit stykke om den russiske krigsgrava i Høyanger. Her fortel Olav S. Hjetland, Høyanger, at tyskarane tid om anna brukte russiske krigsfangar på anleggsarbeid, til dømes på luftvernbatteri fleire stader i bygda. Dei fleste kom frå ein fangeleir på Årberg i Gaular. Fleire av dei miste livet, men Ivan si grav er den einaste i Høyanger.

Hjetland fortel at folk prøvde å hjelpa fangane med å stikka til dei mat, og at dei visste takksemd ved å gje tobakksboksar av aluminium der dei hadde rissa inn bilete av fuglar og blomar ved hjelp av ein spikar.

Hjetland sin onkel såg ugjerninga

Olav Hjetland hadde ein onkel som budde like ved idrettsbana. Han vart ved eit høve augevitne til at ein av fangane vart slått til blods og liggjande att.

Fangen vart teken inn på sjukehuset i Høyanger, men var så hardt skadd at han døydde same dagen. Etterpå grov tyskarane han ned på kyrkjegarden oppe på Høgereina. (Alt dette i følgje Olav Hjetland og Firda.)

Minnestein

I 1946 vart det reist ein minnestein på grava. Det var den faglege samskipnaden som stod bak, og "avduking av minnestein" var post på 17. mai-programmet klokka åtte om morgonen. Etter salutt kl 07.00 gjekk folk i morgontog. Lærar Førde heldt tale for dei falne, og ved avdukinga på kyrkjegarden heldt pastor Førsund ein varm og gripande tale.

Privat vedlikehald i mange år

Ein tyskar med namn Beringer flytte til Høyanger før krigen. Han passa i mange år på at grava til Ivan alltid var velstelt. Då Olav Hjetland i 1968 la merke til at det ikkje var krans og granbar på grava til jul dette året, sytte han for at grava vart pynta slik det hadde vore vanleg. Sidan heldt Hjetland fram med å halda orden på grava sommar som vinter.

I samsvar med ein internasjonal konvensjon for krigsgraver, er Ivan si grav i Høyanger automatisk freda som krigsgrav til utanlandsk statsborgar. Utanlandske krigsgraver i Norge er forvalta av Den norske krigsgravtjenesten, eit kontor i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. No har kyrkjeverja i Høyanger ansvaret for stell og vedlikehald.

Oppdateringar

Tillegg 2009: Fylkesarkivet har fått tilsendt digital kopi av fangekortet til Iván Ivánovitch Shirolápov. Her går følgjande fram: a) faren sitt førenamn: Ivan, b) nasjonalitet: russisk, c) tenestegrad: sivil, d) yrke: landarbeidar, e) når teken til fange: 16.08.1942, f) sent til Noreg frå Stalag II, f) namn og adresse til ektefelle. vanskeleg å tyda, g) død: 23.06.1943, h) dødsårsak: slagskader. (Informasjon frå Marianne Neerland Soleim, Falstadsenteret.)

Tillegg 2015: Jørn Fossheim frå Høyanger, busett i St. Petersburg, har studert krigsfangekortet og kome fram til at namnet på minnesteinen ikkje kan vere rett. På steinen står det Iwan Schvroladsew, men det korrekte namnet hans var Iván Ivánovitch Shirolápov. Jørn har i tillegg funne ut at kona til Ivan heitte Lukerja Shirolapova. Dei var busette i Blagodarnoe, som ligg i Stavropól'skij kraj i Russland.

kjelder:

Sogn Folkeblad. 20.05.1946. Høyanger.
Firda. 15.02.1992.

Opplysningar frå:
Oberstløytnant Eiliv Thorheim, Den norske krigsgravtenesten, Oslo.
Marianne Neerland Soleim
Jørn Fossheim

PERMANENT IDENTIFIKATOR