Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Moldestadstøylen



Moldestadstøylen ligg i ei høgd på ca. 615 m o.h., tett ved riksvegen. Det er stølen for gard nr. 90, Moldestad. Her er den uvanlege situasjonen at 3 fjøs og ein fin fjøsmur står att, men berre eitt sel. Tidlegare hadde dei 5 bruka på Moldestad kvart sitt fjøs. Vidare var her 3 sel, der bruk nr 2 og 3 hadde sel i saman. Det same hadde bruk nr 4 og 5. Mange turistar stoppar ved den grøne stølsvollen, der dei gamle husa tydeleg viser at stølen var der lenge før vegen var tiltenkt.

Moldestadstølen med riksvegen kloss inntil.

Moldestadstølen med riksvegen kloss inntil.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I dag ligg stølen ved riksvegen. Tidlegare bruka dei om lag 1 times tid på turen. Det var å gå den gamle postvegen oppover Moldestadbakkane, og så skråa nedover til stølen då dei var komne over høgda.

Bruk av stølen

Som vanleg på desse på desse gardane gjekk dei dagleg til og frå stølen. Opp om kvelden og ned om morgonen. Dei bar mjølka heim og leverte vidare til meieriet. Tidlegare var det nok å setje mjølka til syrning i treasker på mjølkehylla i selet, skumma av rømmen og frakte den heim eit par gonger i veka. Skjøret bar dei heim kvar dag. I tida 1930 -1950 brukte dei gardfjøsen og bøalada til mjølking. Stølsdrifta var heilt slutt rett før 1950.

Nokre fakta

Moldestad, gard nr. 90, Breim sokn, hadde 5 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR