Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Fjaler kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Fjaler.

'Dale i Søndfjord', Prospektkort frå Dale sentrum rundt århundreskiftet<br />

'Dale i Søndfjord', Prospektkort frå Dale sentrum rundt århundreskiftet

Eigar: Hatlevik, Edvard

Datering: 1900.

Fotograf: Ukjent.

Fjaler kommune i 1905

Fram til 1911 heitte Fjaler kommune Ytre Holmedal og omfatta Dale, Guddal og Holmedal sokn. Også grensene var annleis enn i dag: Før 1990 høyrde den delen av Holmedal sokn som låg på nordsida av fjorden (områda frå Rivedal til Helle), Fossedal og områda frå Laukeland til Kleppe (i noverande Gaular) til Fjaler. Bygdene på sørsida av fjorden frå Fure og ut til Folkestad høyrde til Askvoll. Gardane Skitnevik og Byrkjosen (i noverande Høyanger), aust i Guddalen høyrde fram til 1942 til Fjaler. Folketeljinga i 1900 viser at det budde 3776 personar i Ytre Holmedal kommune. Jordbruk var den viktigaste næringa, gjerne i kombinasjon med fiske.

Industri

Det var industri rundt Dalsfjorden alt i 1905. I Holmedal var Troldefos Uldvarefabrik, Firda Brusfabrikk og teglverk både på Helle og i Vårdal. I Dale var det bakeri, salteri og kloggfabrikk. Dale vart kopla til rikstelefonnettet i 1902, og aktiviteten med å kople seg til telefonnettet var stor i bygdene i Fjaler både i privat og offentleg regi. Ytre Holmedal Sparebank (skipa 1873) heldt hus i kommunehuset i Dale.

Stoppestadar

Dalsfjorden var hovudfartsåre og bindeledd til verda og mellom bygdene på begge sider av fjorden. Om du kom sjøvegen med Fylkesbaatane si rute frå Bergen til Bygstad i 1905, var fyrste stoppestad Korssund. Forutan stoppestadane i det som i dag høyrer under Askvoll kommune tok "Dampen" deg vidare til Grytøyra, Hellevik, Gjølanger, Straumsnes, Fagervik (Jensbua), Flekke og Dale. Alle desse bygdene hadde postopneri.

Vegane i Fjaler i 1905

Vegane var få og skrale og det raskaste framkomstmiddelet på land var hesten. Ei skildring av ei reise til Sørebø i Guddalen som distriktslege Dahl i Askvoll gjorde i 1905 høver godt som døme på samferdsletilhøva langs vegene:

Paa Thuland maatte baade hest, medicinkiste og reisehyre lades tilbage, sneen blev saa dyb og rokket saa tæt, at hver mand fik nok med sig selv; 2 mand maatte skiftes med at braute veien, og vi maatte nøiagtig følge i hinandens spor. Alle broer var revet væk af flommen, saa dels maatte der hentes stiger, for at vi paa disse kunde klavre oss over, dels maatte vi klyve i fjeldet langs elvekanten, udsat for med den løse sne at glide ned langs skraaningerne; en af elvene passeredes paa hesteryggen, men det var heller ikke behageligt i den stride strøm og paa glatte stene. Visselig er ikke min reise omtale værd i sammenligning med, hvad mange læger under haardere naturforhold maa kjæmpe med, men jeg forstaar ikke, hvorfra jeg ved fremkomsten, om der havde foreligget et barseltilfælde eller lign. operativt indgreb, skulde hentet kræfter.

..Tung og daarlig..

Amund Helland si utgreiing om Nordre Bergenhus amt i serien "Norges land og folk" frå 1901 gjev oss eit godt innsyn i vegnettet ved hundreårsskiftet. Der går det fram at den lengste samanhengande vegstrekninga kom inn i kommunen ved Nautsunddalen. Vegen nordover tilsvarar noverande riksveg 50 via Rennestraum, Flekke, Stav, Sletteland og Dale. Vegen vert av Helland omtala som 3.7 meter brei, og er visst nok frå Rennestraum til Dale "tung og daarlig". Av andre "kjørbare veie" nemner han ein vegstubb frå Leitet til Tyssedal.

Frå Hellevik fører ein "bedre ridevei" til Lone og Holt. Vegen deler seg så i to, der ein veg fører til Langesjøen med båtskyss til Hyllestad kommune. Den andre vegen (noverande riksveg 607) går aust for Loneelva til Horne i Hyllestad.

..en daarlig ridevei..

Frå bygdevegen ved Stav tek ein rideveg av sørover øst for "Klibberen" (Klibberdalsfjellet). Vegen deler seg deretter i to: ein veg fører langs Bjørndalselva (Bjordalen) til Nautsundvatn og ein veg fører forbi "Svartvatn" (Svartetjørna) til Guddal, og derfrå vidare over Tuland, Gallefoss, Heggheim og vidare til Årberg i Gaular. Frå Dingsøyr går ein rideveg sørover langs austsida av Skilbreidvatnet og inn i Lavik kommune.

Frå Seljebakken (ved Steinsetvatnet) går det ein rideveg til Myklebust og opp gjennom Vassdalen til Steiestøl. Frå Sunndalen går den same vegen vidare til Norddalsvatnet og vidare til Strandenes.

Ved Dale går det ein veg frå "Haugsbakke" austover til Skadal og vidare til Norddal, medan det på nordsida av Dalsfjorden går "en daarlig ridevei" frå Fossevik til Fossedalsgardane. Tok ein båt over Fossedalsvatnet og Krokvatn, kom ein seg vidare over fjellet til Førdefjorden. "Denne forbindelse er vistnok daarlig, men passeres af og til af fodgjængere" kommenterer Helland.

Fjaler - ein nynorskkommune

Målsaka var ei varm potet i Fjaler i 1905. Sokneprest i Solund, Rasmus Haugsøen, var aktiv målmann i Sunnfjord. Han kjempa hardt for nynorsk som kyrkjespråk og heldt gudsteneste på nynorsk i Dale kyrkje i 1905. "Kyrkja vart full og det gjekk bra" minnes han i Sunnfjord Ungdomslag sitt jubileumsskrift frå 1923. Men målstriden var eit svært brennbart tema også i Dale. Under kveldsmaten saman med verten sin, misjonsprest Egenes, gjekk det nesten over styr:

Me rauk ihop ved kveldsbordet um maalsaki, so den milde og gilde frua hans laut avstyra oss. Men so var me kan henda enno betre vener baketter, daa me skyna, at det var krutt i oss baae. Me leika ikkje meir med kruttet.

Heradsstyret held fest

Etter kommunevalet i 1904 vart det David Olson Bakke (1857-1935) frå Venstre som overtok vervet som ordførar i Fjaler. Søndfjords Avis (06.01.1905) gjev oss eit lite innblikk i livet på heradshuset ved inngangen til 1905: "Siste møte i Heradsstyre den 29de desember slutta med ein liten Fest. Traktementet var Kaffi og Smaabraud og talarne gjekk slag i slag". På den same festen vart gardbrukarane Johan T. Arstein og Ola T. Kleppe heidra av ordføraren for lang og tru teneste i heradsstyre. Heradskasserar J. Barsnæs sa fram dette diktet til dei to veteranane:

Naar Veteranen gjeng i fraa og legge ned sitt Yrkje
daa vert det justsom alvorsfullt som sat me i ei Kyrkje.
Me sit og sturar kvar for seg
og ser den eine og den andre ganga burt sin Veg.
Det er so rart naar Gamlefolket gjeng or Huset,
det er som sit du att med tome Kruset.
Det vert so tomt aa audslegt alt darinne;
me siter att med berre Minne
Men det kan ogso vera gott aa ha,
og helst naar det er gildt og bra.
Den Mann er sæl, som etterlæt eit fagert Minne
han treng ei skjemmast kvar han gjeng, korkje ut' eld' inne.
So vil me daa takka Gamlemennerne for deira Stræv,
og ynskja at dei unge maa verta like gjæv'
og læra av dei gamle som gjeng burt

Ein engasjert ordførar

Ordførar D.O. Bakke var svært engasjert i den nasjonale, kulturelle og politiske fridomsstriden. Også målsaka opptok han i stor grad, og han var den første som nytta skriftleg nynorsk i Fylkestinget i Sogn og Fjordane (i 1896). Han sat i styret for Firda mållag og "Firda og Sygnafolket folkevæpningssamlag". Då Sunnfjord Sogelag vart skipa i 1910, var han ei kraft i arbeidet og ein sjølvskriven formann. Han såg også tidleg kva vegar og kommunikasjon hadde å seie for utviklinga i bygdene. Då fylket valde si første vegplannemnd i 1905, vart David O. Bakke vald til formann i nemnda. Han sat også i styret for Fylkesbaatane frå 1906 til 1921.

Folkemøte i Dale og Holmedal

Regjeringa Hagerup søkte avskjed 1. mars 1905. Fem dagar etterpå kunngjorde spesialkomiteen i Stortinget at dei i sitt vidare arbeid ville gå inn for å oppretta eige norsk konsulatstell i inneverande stortingsperiode ved lov. Lova skulle iverksetjast 1. april 1906, og frå same dato skulle det felles konsulatstellet seiast opp. Denne radikale kunngjeringa danna grunnlaget for utnemninga av regjeringa Michelsen laurdag 11. mars. Alt dagen etter vart det halde folkemøte i Dale og Holmedal med til saman "vel 100 møtande". Dei to møta slutta seg til spesialkomiteen ("sernemdi") si kunngjering og vedtok denne kunngjeringa: "Møtet uttala tilslutning til sernemdi, men vonar, at um kgl. Sanktion ikkje fåast no, so vil Storting og riksstyre ikkje nøla, men handla fort og kraftigt." Dei heile kom på trykk i Søndfjords Avis måndag 13. mars, signert innbydaren sjølv: D.O. Bakke. Liknande støtteerklæringar kom også frå andre kantar av landet, men få ordførarar reagerte like kjapt som Bakke.

17. mai 1905

I Dale var det i fylgje Søndfjords Avis (26.05.1905) "ualmindelig stor Tilslutning vid Festligholdelser av 17de Mai". I den stutte meldinga i avisa går det også fram at ordføraren heldt tale.

7. juni 1905

Onsdag 7. juni 1905 vart unionen med Sverige oppløyst. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga, og kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Frå nabokommunen Askvoll veit vi at soknepresten las opp kunngjeringa frå preikestolen i Askvoll kyrkje søndag 25. juni. Kyrkjelyden reiste seg og etterpå song dei "Vår Gud han er så fast ei borg."

Folkerøystinga 13. august 1905

Som elles i landet var det folkerøysting i Ytre Holmedal valsokn 13. august 1905. Innbyggjarane i kommunen skulle no seie si meining om unionen med Sverige. Det var høve til å røyste på tre stader i valsoknet: I kyrkjene i Holmedal og Guddal og i kommunelokalet i Dale. Dagsregisteret til Ytre Holmedal prestegjeld viser at hjelpeprest L.R. Landmark heldt gudsteneste med temaet "Vogter Eder for de falske Profeter". På grunn av at Dale kyrkje var under oppussing, var gudstenesta i kommunehuset.

I Dale vart valurna forsegla og "hensattes i Ytre Holmedal sparebanks aflaasede kontor i kommunelokalet". Stemmene frå kyrkjene i Holmedal og Guddal vart frakta til Dale om kvelden den 13. Neste morgon klokka 9 var alle medlemmene i valkomiteen for Ytre Holmedal samla for å telje opp stemmer. Leiaren for møtet, lensmann O.B. Steen, kunne saman med komitémedlemmene Christian Jensen, Søren K. Sletteland, Andreas Sande, Torgeir Hellevik, O.J. Espedal, Øystein Sørebø, Knut Bakkebø, Peder Svartefoss, ordførar D.O. Bakke og referent A. Faleide, konkludere med at fjalerbuene ikkje hadde vore mykje i tvil. Av dei 805 innbyggjarane som hadde røysterett, var det ingen som røysta nei til skilsmålet. I alt hadde 762 menn røysta ja, noko som gav ei valdeltaking på over 94 prosent, trass i at valet kom midt i håslåtten. I tillegg kan det nemnast at 12 av i alt 101 såkalla "forfaldsanmeldelser" (stemmer gitt via tredjeperson) og tre ordinære stemmer vart forkasta av stemmemøtet.

Fjalerbuene var ikkje noko særsyn i denne samanhengen. Over heile landet var valdeltakinga høg, trass i at vedtaket i Stortinget om at valet skulle finne stad kom berre 2 veker før avstemmingsdagen (28. juli). Resultatet av eintydig over heile landet: berre 184 nordmenn røysta nei til oppløysinga av unionen.

Ordføraren vil ha ny folkeavrøysting

Det neste slaget sto no om kven som skulle få siste ord i val av statsform for landet. D.O. Bakke kasta seg inn i diskusjonen og gjekk hardt inn for at også dette spørsmålet måtte avgjerast ved folkeavrøysting. Den 22. oktober sende eit folkemøte i Holmedal ut eit telegram til Stortinget der dei gjorde det klart at dei forventa at folket vart spurde. Telegrammet var signert "Bakke, Helgerud og Skarstein". Dei tre karane skulle få det som dei ville. Den 12. november var det på nytt folkeavrøysting i Dale, Holmedal og Guddal.

"det vert ein kreftskade"

I forkant av valet var D.O. Bakke aktiv i valkampen. Den 10. november 1905 dukkar det til dømes opp eit lengre innlegg i Sogns Tidende der han luftar sine meiningar om monarkiet som statsform. Han skriv mellom anna:

Me talar um ein million: - det vert millionar; det vert ein kreftskade, som ikkje kann setjast i tal. Me hev sidan 1814 havt litt av kongedøme. Eg hev sjølv set ein snipp av det, - men naar du daa tenkjer paa vaare kaar her i landet, korleis ein maa stræva for livet og for skattarne, daa gjeng du derifraa med redsla og med avsky, og du ser, at eit kongedøme her høver til vaart demokratiske men fatige folk som knytte neven til det blaa auga. Eg er viss um, at fekk folk aalment høve til personlegt aa sjaa og kjenna kongedømet, so vilde deira "nei" koma over det som ein stormvind og jaga dei dit, der dei kom ifraa.

Han trekkjer vidare fram Sveits som eit framifrå føredøme: "Um nokon kom til dei og baud dei ein konge: dei vilde tru dei høyrde heime i galehuset. Dei betalar præsidenten sin, som er vald av stortinget kr. 9720 for aaret. Og dei hev justsom litt betre raad enn me."

Folkeavrøystinga 12. og 13. november 1905

Oppslutninga om kongedømet vart likevel på 74,9 prosent i Fjaler. I alt 481 personar ville ha prins Carl som norsk konge medan 161 stemde nei til monarkiet. Dette var likevel noko lågare oppslutnad enn nabokommunane Askvoll (90,7), Hyllestad (96), og Gaular (92,9). Noko av forklaringa på dette må nok tilskrivast ordførar D.O. Bakke sin aktive innsats.

Fleirtalet i Fjaler fekk viljen sin då prins Carl av Danmark vart krona til konge i Norge 22. juni 1906 og tok namnet Håkon den 7.

Takkegudsteneste 7. desember

Torsdag 7. desember 1905 - halvtårsdagen for 7. juni - vart det halde takkegudstenester rundt om i landet. I Ytre Holmedal var det takkegudstenester i Dale ved Prost Michelsen og i Holmedal ved Pastor Landmark. Etter oppmoding frå kyrkjedepartementet vart dagens tekst henta frå salme 118 vers 23: "Lad os glæde os og give Gud Æren! Thi Folkelykken vi har faaet, er fra ham; Fremtidens Opgave vil vi trygt bede ham velsigne"

kjelder:

Søndfjords Avis: 06.01.1905, 13.03.1905, 26.05.1905


Sogns Tidende: 10.11.1905


Seip, H. : Sogn og Fjordane fylke, Eit tilskot til kommunalsoga (Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958)


Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane (Televerket 1984)


Sunnfjord Ungdomslag 25 aar (Sunnfjord Ungdomslag 1923)


Kjelda nr. 1, 2005 (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005)


Jul i Sunnfjord 1958 (Sunnfjord Sogelag 1958)


Målreisingssoga i Sogn og Fjordane 1950


Helland, Amund: Norges Land og Folk, typografisk statistisk beskrevet (Aschehoug 1901)


NRK Sogn og Fjordane: Fylkesleksikon på nett


Statsarkivet i Bergen: Dagsregistra til sokneprestane i Sogn og Fjordane

PERMANENT IDENTIFIKATOR