Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. juli 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Hafslo Prestegjeld



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, stortingsval og union med Sverige. - Hafslo prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars.

Hafslo kyrkje er ei mellomstor langkyrkje. Tårnet er ein ekstra fin detalj på kyrkja. Ho vart reist i 1878, som erstatning for den gamle som i 1814 var vallokale for Hafslo prestegjeld.

Hafslo kyrkje er ei mellomstor langkyrkje. Tårnet er ein ekstra fin detalj på kyrkja. Ho vart reist i 1878, som erstatning for den gamle som i 1814 var vallokale for Hafslo prestegjeld.

Eigar: Creative Commons CC BY-NC-ND 3.0

Datering: 2010-2011

Fotograf: kirkesøk.no

Hafslo prestegjeld i 1814

Prestegjeldet bestod i 1814 av hovudsoknet Hafslo, og i tillegg dei fire sokna Urnes, Jordanger, Fet og Solvorn. Det meste av prestegjeldet låg på vestsida av Lustrafjorden, med den avsidesliggjande bygda Veitastrond heilt i nordvest. På austsida av fjorden låg grendene Urnes, Kinserdal og Kroken.

Søren Hjelm Friis, son til soknepresten i Hafslo, skreiv i 1816 ei lita utgreiing om tilhøva i prestegjeldet. Her kjem han mellom anna inn på den sosiale kløyvinga av samfunnet:

Jeg feyler neppe i at antage, at huusmænd, strandsiddere og omfarende Betlere, viss antal er legio udgiør Pluraliteten af Folkemængden saavel i Hafsloe, som tilgrænsede Prestegiæld, og om disses Vilkaar behøver jeg ikke at tale. De første ere i almindeligh. sande Heloter og fortiente en mere blidere Behandling, end de for det meste nyde, da de ved sine Pladsers Oprydning og forbedring bidrage uendelig meget til Jordbrugets Udvidelse

Hafslo hadde i 1801 eit innbyggjartal på 2195. Jorda var levevegen for dei aller fleste, anten dei var gardbrukarar eller husmenn. Fisk var ingen viktig næringsveg, men det utgjorde eit viktig matemne. I hovudsak var det tale om sild som blei handla i Marifjøra og Solvorn.

Hafslo Kyrkje

Hafslo kyrkje vart bygd i 1878, og er såleis ikkje det opphavlege vallokalet frå 1814. Det gamle gudshuset i bygda blei truleg reist på 1100-talet ein gong, om lag på same tid som nabokyrkjene på Urnes og Kaupanger.

Vallokalet i 1814 var ei enkel stavkyrkje utan utskjeringar og dekor. Ho vart mykje endra opp gjennom hundreåra. Då ei byggjenemnd drøfta kyrkjestoda på 1870-talet vart det fyrst vedteke å restaurere og utvide den gamle stavkyrkja. Men nemnda gjorde snart heilomvending, og ei ny kyrkje på Hafslo stod ferdig og vart vigsla i 1878.

Soknepresten

Nils Friis vart fødd i Svendborg i Danmark 1. august 1741. Han tok teologisk eksamen i 1765. I 1777 blei han utnemnd til sokneprest i Nedstrand i Ryfylke. Han gifte seg i 1780 med Birgitta, fødd Hjelm, enkje etter presten Peder Jacobson Pavels.

Friis fekk i 1791 presteembetet i Hafslo, og huslyden flytte året etter til Sogn. Nils Friis døydde på den symboltunge dagen 17. mai 1814.

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Hafslo brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

I kyrkjeboka frå Hafslo har soknepresten notert dette om bededagen:

«Fredag 19d. Mart blev holdet Bede Dag ved Hafsloe da der ogsaa af prædikestolen blev oplæst kon Frederic den 6tes Frasigelse og Afstaaelse af kongeriget Norge til Sverige, ligesaa Prinds Regenten Christian Fredrics modtagelse af Regenstskabet over ? kongeriget Norge og blev der tillige til højst same aflagt Tronskabs Eeden»

Det har nok gått litt i surr med datoane for Friis. Fredag var den 18. mars, ikkje den 19. Soknepresten hadde fått brevet om bededagen frå prosten den 10. mars, og notert seg at det var ein «mærkelig Skrivelse»

Fullmakt

Fullmakt
Til
Hans Kongelige Høyhed Norges allernaadigste Prinds Regent
Christian Friderik!
Vi underskrevne tilstaae og bevidne, at der Fredagen den 18de
Martii blev ved Hafsloe Hoved Kirke holdet en Bededag, da der af
Prædike Stolen blev oplæst saavel Kongen af Dannemark Frederik den Siettes Frasigelse og Afstaaelse af Kongeriget Norge til Sverrig som Hans Kongelige Høyhed Norges allernaadigste Prinds Regent Christian Frederiks Modtagelse af Regentskabet over benevnte Kongerige Norge, og blev der tillige til Høystsamme Hans Kongelige Høyhed Prinds Re- gent, Christian Frederik med Fædrene Lands Sind aflagt Troeskabs Eed saavel af os som øvrige Almues Mænd.
Som Embeds Mænd samt de 12 af Meenigheden valgte Mænd
give Vi Hr. Mogens Tobiesen Forligelses Commissair og Bonde
Manden Lars Grov herved Fuldmagt paa egne og Folkets Vegne at
møde og stemme ved den berammede Forsamling, som af Amtet er
bestemt og beordret til den 30te i denne Maaned at afholdes paa Giest-giver Stedet Wiigøren i Wiigs Præstegield og yttre Sogns Fogderie.
Hafsloe Præstegaard 18de Martii 1814.

Munthe, Major
N. Friis, Soknepræst
M. Tobiesen, Forligelses-Commisair
Jens Bremer, Lensmand for Hafsloe
Peder Lomem. Klokker for Hafsloe
Johanes Lilleskov
Lars Grov
Erich Jordanger
Erich Tørvig
Iver Mælem
Knud Urness
Ole Hillestad.
John Weum
Einer Kalhagen
Iver Beum
Peder Urness
Iver Tang
Med paaholden Pen.1

Dei som skreiv under

Fullmakta har 17 underskrifter. Fem av dei er oppførte med yrkesnemning. To var embetsmann, medan Tobiesen truleg lot seg underhalde av svogeren. 14, eller 82%, var såleis bønder – to av dei rett nok med oppgåver i tillegg til gardsdrifta (klokkar og lensmann).

Valmennene

Mogens Tobiesen:
Mogens Hausdorfer Tobiesen vart fødd på Kongsberg i 1749. Han var son av gruveoverstigar Tobies Monsson og kona Karen Sophie Jensdotter Klingsborg frå Eiker. I 1773 kjøpte han eit sagbruk i Ofredal i Årdal. Bygdebokforfattaren Jon Laberg omtalar Mogens slik:

Um Tobiesen dugde som sakførar veit me lite, men det er ymse som peiker i den leid at han ikkje dugde til sagemeister. Og aller minst til å styra pengar. Men han hadde då Ofredal i fem år og budde då der og for det meste. I 1778 selde han bruket til Vilken Sjurson For, og sjølv flytte han med kona og born til Ornes, der han let verbroren Samuel Bugge syrgja for seg resten av si tid.
 

Mogens var utdanna jurist, og arbeidde ei tid som prokurator. Laberg kan ha rett i at han sleit med å halde styr på privatøkonomien. I folketeljinga frå 1801 vert han omtala slik: «Forhen procurator, brødløs, fattig og logerende».

Lars Arnessøn Grow:
Lars vart fødd på Sjøtun i Solvorn i 1774, men der han busette seg seinare på Grov, der svigerfaren bygsla eit bruk til han i 1802. Lars gifta seg i 1799 med Øllegaard Nitter. Dei fekk to born i lag. Øllegaard fekk lepra i ung alder, og døydde berre 31 år gammal.

Bygdebokskrivaren Jon Laberg gjev Lars denne gode attesten: «Lars Grov var ein av dei mest vyrde menn i bygdi. 1814 var han soleis valmann for Hafslo, og han var i mange aar presten sin medhjelpar. Han hadde i sin ungdom tent hjaa presten og der faatt lært meir enn vanleg.»

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

• Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
• Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (SogndaL, Indre Sogn sorenskrivardøme).
• Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Merknad: Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

Val til omframt Storting

Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde opphavleg vedteke at det fyrste «ordentlige Storting» skulle haldast i februar 1815. Men etter det militære nederlaget mot Sverige vart det underteikna ein fredsavtale, Mossekonvensjonen, som sa at eit storting skulle haldast i september eller oktober 1814 for å tilpasse grunnlova til ein union med Sverige.

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Desse representantane kom inn frå Sogn og Fjordane:

• Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
• Nils Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn
• Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
• Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Minnesmerke

Hafslo har fleire fysiske spor om 1814. I Solvorn vart det i 1914 reist ein stein til minne om ufredsåra 1807-1814. Eit tilsvarande minnesmerke står òg på Hafslo kyrkjegard. I Solvorn er det i tillegg reist eit gravminne over eidsvollmannen Lars Johannes Irgens. Han budde rett nok i Sogndal i mirakelåret 1814, men to år etter flytte han med huslyden til Solvorn, der han døydde i 1830.

kjelder:

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914
Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane – grenseendringar gjennom tidene. I: Kjelda nr. 3 2002, s. 26-46
Aaraas, Margrethe Henden [et al]: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Nordfjord og Sunnfjord. Førde : Selja forl., 2000
Prost Niels Friis’ dagbok og opptegnelser 1773-1814
Friis, Søren: Hafslo i 1816. I: Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, nr. 9 1934, s. 67-78.
Laberg, Jon: Årdal i Sogn : bygd og ætter, 1932

Statsarkivet i Bergen: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 17 (1809-1825), Dagregister 1814, side 70
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR