Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ryggjastøylen



Ryggjastøylen sommarstøl ligg ca. 320 m o.h. Han ligg fremst i Traudalen og er støl for dei tre bruka på Grov (gnr. 11) og dei ti bruka på Rygg (gnr. 12). Stølen vart om sommaren brukt vekselvis med Dalsbøen (Dalen), som ligg innanfor Traudalsvatnet. Stølsdrifta slutta litt etter litt og kring 1957 var der ingen att. Ryggjastøylen vart teken i bruk omkring år 1500. No er her 13 fint vedlikehaldne sel og 12 fjøsar som er noko mindre vedlikehaldne, men med taket i orden. Her er og to-tre hytter.

Ryggjastøylen, med hus i grupper.

Ryggjastøylen, med hus i grupper.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Fram til 1984 var det å gå til fots eller å bruke hesteslede. Den ca. 1,5 km lange stølsvegen er hellelagd, og har om lag 2500 trappetrin. Denne råsa var berre for folk. Dyredrift og slede-køyring gjekk etter storevegen nærare elva.

Bruk av stølen

Frå bygdeboka, band III, frå skriv av Jetmund Rygg 1969 og frå Hans E. Rygg, har vi opplysningar om driftsmåten på fremste stølen, Ryggjastøylen og inste stølen Dalen (Dalsbøen) og Flætene.

Her var eit vekselbruk. Dei flytte til fremste stølen kring jonsok. Til Flætene, innanfor vatnet for dei i månadsskiftet juni-juli. Stølstausene heldt framleis til på Ryggjastøylen og måtte ro i storbåten fram og tilbake kveld og morgon. Så flytte dei dyra "framatt" kring 10. juli. Deretter vart det endå ein Flætetur og ein tur til på fremste stølen. Laurdag før barsok, 24. august, tok dei med seg "pikk og pakk" og flytta til Dalen, som òg ligg innanfor vatnet. Der vart dei eit par veker og til slutt eit parveker på fremste støylen. Heimferda vart nærare mikkelsmess, 29.september.

Med dette noko kompliserte opplegget vart stølsopphaldet vel tre månadar, med mindre press på heimemark og på vinteropphald. Kor gammalt dette skiftande beitebruket i Traudalen er, veit vi ikkje. Båten var, og er framleis, ein svært viktig lekk i transporten av folk og avdrått. I dag er det eit tjuetals naust ved nedre enden av vatnet.

Slåtten var òg viktig på stølane. Fremste stølen var innegjerda og vart slått fram til 1955. Inste stølen hadde også slåtteteigar frå 1726 til kring 1910. Høyet var køyrt heim på slede om vinteren.

Ei av hyttene på Ryggjastøylen fekk Gloppen Hotell bygd i 1897. Her var seks senger, naust og to båtar. Mange var årvisse sommargjester som fiska og dreiv jakt. Nordahl Grieg skreiv i gjesteboka eit hyllingsdikt til Olina Rygg som var kokke på hytta i mange år:

"Vi slutter oss villig til alle poeter, som priser i bunden og ubunden form, det livet man fører på Traudalen seter. Og Oline, du tok oss jo alle med storm, .."

Nokre fakta

Grov, gard nr. 11, hadde tre bruk i 1890. Rygg, gard nr. 12, hadde 11 bruk dette året. 23 personar budde på Grov i 1865, medan 92 hadde bustad på Rygg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 100, 109. Sandane 1988.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR