Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stølen i Eikjadalen



Garden Eiki ligg på vestsida av elva heilt nede ved sjøen i Vetlefjorden. Dei to bruka på garden hadde støl i Eikjadalen. Eikjadalen går bratt opp frå gardane til stølen. Vidare vestover opnar dalen seg i ein stor og vid botn. Her er gode beite, godt med vatn, men rasfarleg om vintrane. Dei slutta å støla i Eikjadalen i 1946.

Eikjadalen går vestover frå garden Eiki i Vetlefjorden. Det er ein typisk hengjande dal som endar i ein vid botn. Her er gode beite heilt opp mot vel 1000 moh. Stølen ligg heilt nede i dalen på biletet, nokolunde ved enden av den lange skuggen.

Eikjadalen går vestover frå garden Eiki i Vetlefjorden. Det er ein typisk hengjande dal som endar i ein vid botn. Her er gode beite heilt opp mot vel 1000 moh. Stølen ligg heilt nede i dalen på biletet, nokolunde ved enden av den lange skuggen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bratt stølsveg

Stølsvegen går frå gardsbruket nærast sjøen i bratt lende på sørsida av Eikjaelvi. Vegen er kring 1 km i luftline og stølen ligg på 400 moh. I 2006 er mesteparten av strekninga tilvaksen med skog. Nede ved garden og oppe ved stølen er det teigar med planta gran. Elles dominerer bjørka med innslag av rogn og storeiner.

Den gamle stølsvegen til Eikjadalen er ikkje like tydeleg i terrenget som på kartet, i alle høve ikkje utpå seinsommaren. Mindre bruk av vegen, attgroing og trefall, gjer at det er snart gjort å koma ut av stien og ikkje alltid lett å koma innpå att. Lengst oppe planta dei sitkagran for førti-femti år sidan, oppover frå vegen. Med åra har svære greine "tvinga" vegen nedom det gamle vegfaret.

Grunnmurane ligg att

Stølshusa i Eikjadalen var oppsette for stølsdrift. Då stølsdrifta tok slutt, kom sela i Eikjadalen, som mange andre stader, etter kvart i forfall og ramla ned. I 2006 kan ein sjå fire-fem grunnmurar. Det er restar av trematerial på to av dei.

Spor etter arbeid

Her og der kan me få auge på reiskap og utstyr i stølsdrifta. Det fortel noko om kva dei stelte med. Ei stor jarngryte vitnar om ysting, ei nokså heil kinne om smørproduksjon. Ein bunt med hesjestreng ber bod om utmarksslått, og ein hammar med heimelaga skaft "fortel" om verkty som var naudsynt for å halda hus og gjerdingar i stand.

God støl

I bygdeboka for Balestrand kan me lesa meir om stølen i Eikjadalen. Frå gamalt av var stølen rekna som ein god støl, jamvel ein av dei beste i kommunen. I førearbeidet til ny matrikkel (nytt skattegrunnlag) i 1860-åra står notert: "Fjeldhavnen ¼ Miil fra Gaarden, af de beste i Herredet".

Dei buførte til Eikjadalen fyrst i juli, og var på stølen til midten av september. Smør og ost vart kløvja heim på hesteryggen. Dei slutta stølsdrifta i 1946. Seinare har Eikjadalen vore nytta som beite.

Rasfare

Eikjadalen endar i ein stor vid botn med bratte fjell som når opp til over 1400 moh. Om vintrane går det snøskreder. Av og til kan skredene gå heilt ned gardane. Då Eikjaskreda gjekk i det store skredåret på Vestlandet i 1868, miste ein mann livet. I 1877 la skreda att uhorvelege mengder med tre, stein, grus og jord utover den dyrka marka på Eiki.

Dei måtte ta omsyn til skredfaren då dei valde stad til stølen. Han ligg heller langt heime i dalen og eit godt stykke opp frå elva. Men her var det heller ikkje heilt trygt. Eit sel som vart bygt i 1922, vart teke av snøskred i 1969.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards- og ættesoge, gard nr.1-34. Gardssoger 1800-1985. Ættesoger 1850-1985. Bind II. Balestrand kommune 1991.

PERMANENT IDENTIFIKATOR