Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. desember 2010

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Rå-data

Vevring kyrkje - snikkar Lars Gjelsvik



Vevring kyrkje var i minste laget då ho stod ferdig i 1846. Ei omfattande utviding var på tale rundt 1900, men arbeidet tok ikkje til før i 1944. Arbeidsleiaren for tømmermannsarbeidet var sløydlærar Lars Gjelsvik.

<p>Vevring kyrkje, bygd 1845, p&aring;bygd og restaurert i &aring;ra 1944-1950.&nbsp;</p>

Vevring kyrkje, bygd 1845, påbygd og restaurert i åra 1944-1950. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Omfattande arbeid

Påbygging- og restaureringsarbeidet tok til i 1944 og vart avslutta i 1950. Galleriet vart ombygt for å gje plass til orgelet, som tidlegare stod nede på nordsida av koret. Golvet i kyrkjeskipet vart restaurert, og kyrkjebenkene vart omarbeidde til den fasongen dei har i dag. Det vart bygt til eige kor, og laga ei heller vid koropning. Sakristiet vart bygt til på nordsida av koret.

Festgudsteneste

Søndag 21. mai 1950 vart det halde festgudsteneste i høve at restaureringsarbeidet var kome til ende. Kyrkjelydsbladet Helg og Heim hadde ei utgreiing om arbeidet. Den tidlegare soknerådsformannen, Ola Stubhaug, retta ei særleg takk til Ola Russenes, byggjeleiaren Lars Gjelsvik og sokneprest Jørgen Huseklepp for deira innsats. 

”Varemerket for Lars Gjelsvik, mangeårig sløydlærar på arbeidsskulen i Vevring, var solid og vakkert handverkdsarbeid, og det pregar arbeidet med kyrkja.”

Minneord

Bilete av dødsannonsen til Lars Gjelsvik i Firda Folkeblad.

Lars Gjelsvik døydde 2. desember 1966 og vart gravlagd laurdag 11. desember på kyrkjegarden ikkje langt frå Gjelsvik. Det stod minneord i Firda Folkeblad, underteikna av ”ein som har vore elev hjå Lars.” Om arbeidet hans i kyrkja, står det:
”Såleis var det han som stod i brodden for restaureringa av Vevring kyrkje i krigsåra. Over hans arbeid låg kvalitet og venleik.” Nedanfor følgjer heile minneordet:

”Lars Gjelsvik til minne

Sløydlærar h.v. [h.v.: har vore, tidlegare] Lars Gjelsvik som døydde 2. desember, var mest 77 år gamal då han la ned vandringsstaven. Med han er ein sermerkt, klok, rettlina og dugande mann gått bort. Like til straks før han døydde, ferdast han ikring og den staute mannen vil verta sakna i grendebiletet.

Han var fødd i Gjelsvik, men kjøpte seg eit jordstykke ved Kvammen, og her bygde han saman med sine, ein særs vakker og stasleg heim.

I unge år gjekk han i snikkarlære, og som snikkar og sløydlærar nådde han langt. Han vart tilsett som sløydlærar i Vevring kommune [Vevring kommune 1837-1964], og hadde dette yrket heilt til han slutta av helseomsyn. Han hadde då vore lærar i 35-36 år. Mange er dei som har gått på skule hjå Gjelsvik i alle åra og elevane fekk ei grundig innføring i snikkarfaget.

Gjelsvik ville ha arbeidet nøyaktig og pent utført og det står mange fine møblement om i heimane og som er arbeidde under hans tilsyn og rettleiing. Og han spara seg ikkje. Det var liksom han ikkje kunne slå seg til ro før han var nøgd med arbeidet og det skulle ikkje så lite til. Og han hadde det tolmod som trengst med dei unge som i byrjinga stundom kunne vera temmeleg treneva.

Man han var ikkje berre den dugande fagmannen, han var og den lune og koselege mannen som elevane lika, samstundes som dei hadde respekt og djup vyrdnad for han.

Utanom skulearbeidet dreiv han ei tid snikkarverkstad, og som bygningssnikkar. Såleis var det han som stod i brodden for restaureringa av Vevring kyrkje i krigsåra. Over hans arbeid låg kvalitet og venleik. Det var nærmast som ein garanti når eit arbeid var utført av Gjelsvik Det vert fortalt at han greidde å laga ei fyllingsdør med karm på ein dag.

Som den dugande mannen han var, vart han vald inn i heradsstyret og skulestyret og elles i styre og nemnder. Som hobby dreiv han skyting og var ein mykje flink skyttar. Ved premiskytingar gjorde han seg sterkt gjeldande. På veggen i stova heng innråma ei mengd premiar som han har fått for sine skyttarbragder. Dessutan har han fått mykje sylv elles for skyting.

Lars Gjelsvik har utført mykje positivt arbeid og har vore ein god mann for grenda og bygda. No er han borte, men minnet hans vil leva."

Nådde fram

Lars Gjelsvik vart gravlagd frå heimen i Kvammen laurdag 10. desember. Slektningar frå Bergen var tilstades. Det var nære på at dei ikkje nådde fram. Dei reiste med DS ”Gula” frå Bergen kvelden før. Tidleg om morgonen vart det oppdaga at ein posttjuv hadde vore på ferde og det kom politi om bord i Florø. Dette gjorde at båten blei forseinka og gravferdsfolket måtte tinga skyssbåt for å koma seg innover til Kvammen.  

Bilete frå ei notis i Forida Folkeblad om posttjuveri om bord på rutebåten "Gula."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stendal, Olav: Vevring – kyrkjer og kyrkjelyd. 1996.
Firda Folkeblad, desember 1966.
Aaraas, Margrethe Henden o.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord. 2000. 

Informasjon frå:

Leif Litland

PERMANENT IDENTIFIKATOR