Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2008

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Rå-data

Garden Solbjørgo



Garden Solbjørgo ligg på vestsida av Nærøydalen, vest for gardane Hemri og Skjerpi, høgt oppi fjellsida kring 600 moh. Sjølve gardstunet ligg rett ovanfor eit stupbratt berg. Stølen ligg ovanfor og vest for garden kring 1000 moh. Stien opp til Solbjørgo går i sikk sakk opp den bratte fjellsida, men han er i dag tilgrodd og vanskeleg å finna.

Stølen sett mot nordvest.

Stølen sett mot nordvest.

Eigar: Aurland kommune

Datering: 2003

Fotograf: Åsmund Ohnstad

Jakt, fangst og jordbruk

Namnet er ei samansetjing av sol og berg, bjørg i gamalnorsk. Sidan garden ligg så høgt, så kjem sola tidleg der om våren. Det er vanskeleg å seia når denne garden vart rydda første gongen, men mykje truleg var han i bruk i mellomalderen. Dei store tuftene på stølen og spor etter endå eldre tufter der peiker mot tidleg busetjing. Nord for garden, i Giljabotnen, og lenger innover i fjellet er det gamle dyregraver, og mykje truleg har dei første folka her kombinert jakt og jordbruk.

Rydding av garden

På slutten av 1600-talet er det opplyst at ein mann budde på Solbjørgo, men det er ikkje opplysningar om noko form for jordbruk. Det var kring 1770 at vanleg jordbruksdrift kom i stand. Det var Johannes Trondsen Hemri som gjorde eit stort ryddingsarbeid og busette seg her med sin familie.

Etter dette vart Solbjørgo skyldsett. Buplassen vart rekna som ein gard, og brukaren vart dermed skattepliktig. I storleik kan Solbjørgo samanliknast med kvart av dei to bruka på Nedbergo ved Aurlandsfjorden.

Folketal og produksjon

I folketeljinga 1801 er det opplyst at to familiar og ni menneske budde her. Gardbrukaren var Peder Rognaldsen, og han og kona, Susanna, fekk fem born. Men i 1802 døydde Susanna i barselseng, og Peder og borna flytte ei tid etter frå garden. Gamle folk har fortalt at tenestejenta på Solbjørgo ein gong gjekk derifrå til Bakka for å vera med på ein dans.

I ei skatteliste frå 1826 er bonden oppførd med ein formue på 300 dalar. Då hadde brukaren ein høgare formue enn det nokon av dei tre brukarane på garden Gudvangen hadde.

I 1835 budde det sju personar på garden, og blant desse var det tre tenarar. Avlinga 10 tønner byggkorn og 24 tønner poteter. Av husdyr hadde dei hest, tolv kyr og tre sauer. I teljinga 1845 er garden ikkje oppførd, og truleg er han rekna saman med garden Hemri.

Innmark og utmark

Dei hadde etter måten mange storfe her på garden, og då laut dei sanka mykje fôr. Med små hus så måtte dei lagra høy og lauv dels i små løer og dels under open himmel. Dei bar mykje av fôret i hus om vinteren og våren, i eit ulendt terreng og gjerne med mykje snø. I periodar med frost og kulde var det vanleg at folk brukte brodd på føtene når dei var ute i markene. Livet på denne garden var truleg meir slitsamt enn dei fleste andre stader.

Etter 1900

Etter 1850 utvandra mange menneske frå små gardsbruk til Amerika, og andre flytte inn til byar og tettstader. Her på garden var det fastbuande fram til 1870-åra. Etter den tid og langt utover på 1900-talet nytta folka på garden Hemri dette området til slåttemark og til veding. Dei hadde løypestreng frå Solbjørgo og ned i Nærøydalen. Etter 1960 har områda på Solbjørgo ikkje vorte nytta.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Åsmund Ohnstad: Undredal og Nærøy, Gard og Ætt (2006)

PERMANENT IDENTIFIKATOR