Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. november 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Brekke bedehus



Bedehuset i Brekke er eitt av fire bedehus i Sogn og Fjordane som vart bygde på 1970-talet. Huset vart vigsla søndag 15. juli 1973.

Brekke bedehus, vigsla 14. juli 1973.

Brekke bedehus, vigsla 14. juli 1973.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Utvendig

Brekke bedehus står på garden Tynning, eit par kilometer frå bygdesenteret. Huset har hovudinngang til garderobe og toalett i ein fløy bygd ut frå sjølve huset. I nordre enden er laga til inngang for rullestolbrukarar. Møtesalen har fire vindauga på kvar side og eitt vindauga med glassmaleri i endeveggen mot sør. På framsida er det planta prydplanter langs veggen.

"Vakkert og høveleg"

Indremisjonsbladet Sognevarden hadde i august 1973 eit stykke om vigslehøgtida søndag 15. juli. "Det er eit vakkert og høveleg bedehus bygda har fått", skreiv signaturen "O.M." Tidlegare Brekke kommune hadde gjeve fri grunn og elles eit gamalt skulehus. Mykje av materialen i skulehuset hadde blitt brukt i bedehuset. Heile kostnaden kom på 100.000 kroner, men i denne summen var ikkje rekna med mykje dugnadsarbeid. Johs. J. Takle hadde vore formann i byggjenemnda, og Georg Hjellum hadde vore byggjeleiar.

Vigslingsdagen - i kyrkja

Vigslingsdagen byrja med gudsteneste i kyrkja som var fullsett med bygdefolk og tilreisande. Generalsekretær i Vestlandske indremisjonsforbund, Gustav Ballestad, heldt preika for dagen, ut frå bibelorda Matt. 7-16. Han understreka sterkt å først ordna opp med bjelken i sitt eige auga før ein ser etter flisa i auga til bror sin.

Vigslingsdagen - på sentralskulen

Etter gudstenesta samlast over 200 menneske i sentralskulen som gjester til lærar Anders Kvamme. Kvamme fylte 90 år denne dagen. Han hadde i mange år vore ein ivrig talsmann for å få reist eit bedehus i Brekke. Det vart servert smørbrød og kaffi. Mange bar fram helsingar. Ordførar Harald Takle takka Kvamme og overleverte ein sjekk på 2500 kroner til bedehuset frå Gulen kommune. Lærar Kvamme takka til slutt for gode ord og gåver og sa at han var ein lukkeleg mann som hadde mykje å takka Gud for.

Vigslingsdagen - i det nye bedehuset

Klokka 15.00 var bedehuset fullsett til vigslehøgtida, leia av Georg Hjellum. Han ynskte velkommen og las frå Johs. Op. 12,12-25. Han minna om dei mange oppgåvene i Guds rike og om å vera tru i det kallet ein er sett. Deretter las fleire skriftord frå Bibelen: Johs. J. Takle, A.J. Kvamme, Inga Haugland, Ingebjørg Tveit og Malene Engesæter. Soknepresten sa så huset vigsla i namnet til Faderen, Sonen og Den heilage ande. Generalsekretær Ballestad ynskte bygda til lukke med bedehuset og mana folket til å akta og tru Herrens ord.

Mange bar fram helsingar, somme også nyttige gåver til det nye bedehuset.
Musikklaget i bygda song fleire songar og det vart teke opp offer til bedehuset.

Bruk

Brekke kristelege ungdomslag eig bedehuset og er ansvarleg for drifta og aktiviteten. Etter Vestlandske indremisjon sine normalreglar for bedehus skal huset brukast i ”samhøve med Guds ord og sannkjenningi åt den evangelisk-lutherske kyrkja.” Brekke bedehus har vore mykje i bruk sidan huset stod ferdig i 1973. Godt illustrerande i så måte er årsmeldinga for året 2008:

”Brekke Bedehus er ein samlingsstad for born, unge og eldre ved ulike høve. Huset vert brukt til samlingar av ymse slag som møter, festar, minnestunder ved gravferder, barne- og ungdomsarbeid, selskap ved gebursdag, barnedåp, konfirmasjon, o.l.”

Sameleis seier årsplanen for 2009 noko om aktiviteten på bedehuset:
Julefest, konfirmantfest, møte ved Israelsmisjonen, møte ved Sogn og Fjordane indremisjon, påskesamling, familiefest, møte ved tilreisande Anders Alme og haustmesse. I tillegg kjem tysdagskafe og barneforeininga Regnbogen annan kvar tysdagskveld utanom sommarhalvåret.

Årstalliste

1973 Huset vigsla 15. juli
1973 Småsalen utleigd til Brekke kommune i påvente av nybygg ved Brekke skule.
1978-1997 Huset utleigd til kommunal barnehage, 19 år.
1989 Kjøpt inn høgtalaranlegg
2004 Kjøpt inn elektronisk piano. (Frå før elektronisk orgel.)
2005 Maleri av kunstnaren Mons Breidvik, gåve frå Karin og Jon Takle.
2006 Bygt rullestolinngang
2007 Rusta opp varmeanlegget

Trefat på veggen

På veggen framme i Storesalen heng eit dreia trefat. Det er laga av Sigurd Nyheim og er ei gåve frå han i 1989. Saman med fatet skreiv Nyheim følgjande gåvebrev:
 

"Fyrste gongen eg var inne i bedehuset so tykte eg verkeleg det var eit koselig hus De hadde fenge. Og eg sat å undra meg på at det verkelig gjekk an å få til noko slikt i Bygda. Og eg skyna at det har vore mykje planlegjing, arbeid og kostnad av folket for å få til noko slikt. Og eg kan tenkja meg De var glade da De hadde fenge huset ferdig.

Då eg stod å brende mønster i dette fatet, so kom eg ihug at det var igentleg altfor stort i ei vanleg stove. I eit forsamlingshus vilde det taka seg bedre ut. Då rann tanken i meg øyeblikkelig at på bedehuset i Brekke vilde det koma meir til sin rett, um det var intresert i det. Og eg gjorde meg den meining, at dei skulde få det, so sant det var intresert. Men so var det ein ting. Vilde dei hava det. Det motte eg fyrst undersøkja.

So trefte det so lagleg til at eg fekk snakka med ein mann som eg rekna med hadde vore ein av dei som hadde arbeidt for dette huset. Og eg lagde tankane mine fram for honom slik eg hadde tenkte det. Han var sverande grei og sa med eingong at han syntest dette var svert posetivt og vart begeistra for det. Modet vaks liksom i meg og då eg høyrde det.

Og glad vart eg og. Ingen viste då korleis dette fatet såg ut som eg hadde laga. Um det var noko å hava eller ei. Eg var då ein mann på 75 år då eg laga dette, so det kunde vel ikkje vera so rare greidene å hava kanskje. For arbeidet vert då dorlegare di eldre ein vert. Eg vil vona at De vart so nokolunde fornøgd med fatet og arbeidet mitt. De finn vel ein stad på veggen De kan henja det. Lukke til.

Oppedal 18 mars 1989
Sigurd Nyheim (namnetrekk)


 

kjelder:

Sognevarden. August 1973

PERMANENT IDENTIFIKATOR