Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bygstad gamle kyrkjegard I



På garden Bygstad ligg ein nedlagd kyrkjegard som har status som kulturminne frå mellomalderen.

Prospektkort av Bygstad kyrkje. Kyrkja vart bygd på dugnad av bygdefolket i 1845. Men då ein fann at kyrkja hella og at det var trong for ei meir moderne kyrkje, vart ho riven og erstatta med ei ny.

Prospektkort av Bygstad kyrkje. Kyrkja vart bygd på dugnad av bygdefolket i 1845. Men då ein fann at kyrkja hella og at det var trong for ei meir moderne kyrkje, vart ho riven og erstatta med ei ny.

Eigar: Henni Eide / Fylkesarkivet, SFFf-87101.0021.

Datering: 1920-1930.

Fotograf: Olai Fauske.

Kvamskyrkja i mellomalderen

I samband med kristninga vart det bygt kyrkje på garden Bygstad. Når dette skjedde, er vanskeleg å seie nøye. Men det er rimeleg å plassere hendinga til 1100-talet. I kjelda Bergens Kalvskinn frå ca. 1350 står Kvamskyrkja nemnd. Men det er ikkje sannsynleg at kyrkja stod på Kvamme; seinare regulering av innmarka har ført til namnebyte for kyrkja. Korleis den første kyrkja såg ut, veit vi ikkje. Men på 1100-talet var det vanleg med stavbygningar.

Kyrkja over til private

Frå 1600-talet finst det ei slags dagbok som syner pliktene folk hadde med vedlikehald av kyrkja. Dessutan var det ein del leigekyr som kyrkja hadde omkring på gardane. Dette var kyr som kyrkja fekk avdrotten av i form av smør og kjøt.
I 1720-åra vart kyrkja selt til private for at kongen skulle skaffe seg inntekter. I dei første 70-80 åra var det utanbygds eigarar, men kring 1800 vart kyrkja overteken av von Storm i Osen. Kyrkja var då i dårleg forfatning fordi vedlikehaldet hadde gått bort frå bygdefolket og over på eigaren.

Ny kyrkje

Då neste eigar, sokneprest Jens Rennord, såg kor dårleg stand kyrkja var i, gjekk han inn for at det skulle byggast ei ny. Noko av det siste Rennord fekk gjort før han døydde, var å få reist kyrkja som stod ferdig i 1845. Arbeidet vart eit dugnadsprosjekt med stor innsats frå bygdefolket. Dei som hadde skog, la til tømmer, elles stilte dei opp og arbeidde. Men det skulle etter kvart vise seg at dei fekk dei same problema med nyekyrkja som ein hadde med den gamle stavkyrkja. Under ei synfaring året etterpå vart det konstatert at ho hella. Dessutan vart det etter kvart trong for ei meir moderne kyrkje. Resutatet vart at kyrkja vart riven i 1939, og ei ny kyrkje bygd på Reita.

Kyrkja ut av bruk

På kyrkjegarden vart folk gravlagde, og på kyrkjebakken fekk ein vite siste nytt, både lokalt og gjennom presten sine meldingar frå det offentlege. Dessutan stod gapestokken her, ein ny kom opp i 1689. Frå først av var det ikkje strenge reglar for nedsetjing av kister. Men etter 1843 vart det påbode at "alle Lig skulle nedsettes i bestemte Linier", og gravtuene låg no på rekke og rad. Mange var utan gravminne eller med ein trekross på. Kart over gravene finst ikkje.
Grunnmuren etter gamlekyrkja ligg der enno som ei ruin, medan kyrkjegarden vart halden ved like fram mot 1960. Sidan var det ingen som tok ansvar for plassen. Etter år med sterkt forfall vart den sett i stand etter stor dugnadsinnsats frå bygdefolket i åra 1984-1995, og den fekk status som kulturminne frå mellomalderen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band I. 1990.
Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band VI a. 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR