Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Ortnevik kyrkje



Ortnevik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Ortnevik, på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Kyrkja, som har 292 sitjeplassar, vart vigsla i 1925. Arkitekt var Lars Norevik, som budde i bygda. Ortnevik kyrkje hadde status som kapell fram til 1. januar 1997. Då vart kyrkjesokna i Lavik prestegjeld omorganisert, og Bjordal og Ortnevik sokn skipa.

Kyrkja i Ortnevik er uvanleg på fleire måtar. Sjølve byggverket er i drakestil og det siste i sitt slag som er bygt i fylket. Kyrkja vart bygt i ei oppgangstid, og romma alt i 1925 fleire enn dei som budde i bygda.

Kyrkja i Ortnevik er uvanleg på fleire måtar. Sjølve byggverket er i drakestil og det siste i sitt slag som er bygt i fylket. Kyrkja vart bygt i ei oppgangstid, og romma alt i 1925 fleire enn dei som budde i bygda.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Lasse Brekke.

Bygging av eiga kyrkje

I fleire hundre år måtte folket på sørsida krysse Sognefjorden og reise til Kyrkjebø når dei skulle til kyrkjes. Bygda Ortnevik fekk gravstad i 1914, og då var det naturleg at eit gudshus også vart reist på staden. Førearbeidet tok si tid, alt før århundreskiftet starta bygdefolket å samle inn pengar. Alle langs fjorden frå Instevik til Vetlesand støtta tiltaket, og mange i bygda deltok i dugnad. Eitt av problema var å finne høveleg stein til grunnmuren, som det fanst lite av i sjølve Ortnevik. Noko av steinen måtte difor hentast innanfrå Alrekeneset, og til det arbeidet fekk dei leigd fraktebåten "Sognefjord I". Folk var med å plukka stein ute i stranda, og stilte med hest og slede når steinen skulle dragast fram til byggjetomta.

Under bygginga vart tårnet ei uvêrsnatta teke av ein kvervelvind og bles av kyrkja. Det hamna i åkeren på sørsida av kyrkja og stod som det var planta der. Tårnet var heldigvis like heilt. Men det var slett ikkje moro for dei som hadde ansvaret for bygginga. Store delar av reisverket ramla også saman, og det vart uråd å bli ferdig med kyrkja i 1924, slik planen var.

Staseleg kyrkje i drakestil

Med omsyn til storleiken var dei nok optimistar, dei som stod for bygginga, men kanskje med god grunn. Der skjedde nemleg ei positiv utvikling i bygda i 1920-åra. M.a. kom det driftige folk til Ortnevik som bygde Ortnevik Ljosverk. Det er forklaringa på at kyrkja hadde elektrisk lys frå fyrste stund. Og bygdefolket såg nok for seg at folketalet skulle auke, ikkje at det skulle gå sterkt tilbake slik det faktisk har gjort. I 1925 hadde bygda rundt 200 innbyggjarar, i 1999 var det knapt 100.

Ortnevik kyrkje er den yngste i fylket som er bygt i drakestil. Skipet åleine er vel 15 x 10,6 m, og er sett saman av eit hovudskip og to sideskip. Kortilbygget har ein apsis, dvs. ein vegg med halvrund form bak alteret. Her har nok utforminga av Kyrkjebø-kyrkja gitt inspirasjon, til liks med utforminga av enkelte stavkyrkjer. Truleg har også den uvanleg vakre apsisen (halvrundt kor) på Hove steinkyrkje vore inspirasjonskjelde. Den lokale arkitekten og byggmeisteren Lars Norevik valde å leggje på fleire detaljar som gav kyrkja eit svært staseleg preg, samstundes som ho for si tid nok framstod som moderne. Fyrsteinntrykket ein får når ein mønstrar gudshuset frå utsida er stavkyrkjepreget. Tårnet er plassert oppe på mønet på sjølve taket til hovudskipet. Våpenhuset er eit fritt tilbygg med litt lågare takhøgde enn skipet. Drakehovud strekkjer seg både mot vest og aust ut frå takmøna og over hovudinngangen til kyrkja.

Interiøret

Innvendig finn ein att drakehovuda i utskjeringane i korbogen, på den stilfulle ramma rundt altertavla, på døypefonten og preikestolen. Over altertavla er der også ein boge, måla med eføyblad, ei markering av overgangen til apsisen. Taket i koret er heller uvanleg, med ein raudfarge øvst som spreier seg ut i det gule og over i det blå. På kvar side i koret er der boga vindauge i glasmosaikk med ein gul kross som hovudmotiv.

Eit anna særtrekk i kyrkjerommet er dei 14 kvitmarmorerte søylene som står på firkanta soklar, og øvst har kapitél med utskjeringar. Mellom dei er der raudmåla bogar som markerer skiljet mellom midtskipet og sideskipa. Taket har flat kvelving som skrår mot veggene i midtskipet. Dei øvste veggene har tre firkanta vindauge på kvar side. I sideskipa er der fire små, boga vindauge med grønfarga glas i den inste bogen. Benkene er måla i blått, og har små utskjeringar i kvar ende (same slags detaljar som på kapitéla). Elles har både skip og kor vegger i umåla panel med brystning i ein mørk raudfarge.

Fleire orgel

Ortnevik kyrkje hadde elektrisk lys heilt frå ho var ny, men vedfyring like fram til 1969. Gjennom åra er det utført ein del oppussing, men sjølve bygningen er lite endra. Toalett vart innlagt i 1955. Dei er plasserte i kjellaren under koret, med trappenedgang på sørsida, og der er også bårerommet. Prestesakristiet ligg på nordsida av koret, medan dåpssakristiet er plassert på same sida, ved inngangen. Fram gjennom tidene har kyrkjelyden hatt fleire orgel, men ingen har fungert særleg godt. Det som i dag står på sørsida framme i kyrkjeskipet, fekk kyrkjelyden overta frå Kyrkjebø kyrkje. Seinare har dei hatt to orgel som ikkje har vart særleg lenge. Planen no er å montere opp eit gammalt pipeorgel som tidlegare stod i Tønjum kyrkje i Lærdal. Fram til pipeorgelet er på plass på galleriet, sit organisten framme i skipet og spelar piano til salmesongen.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar i sølvplett. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk. Dåpsfatet og dåpsmugga (frå 1978) er i tinn. Både døypefonten og preikestolen er laga av Lars Norevik, og er, til liks med det meste av inventarert, frå 1925.
Her er to kyrkjeklokker. Den eine i aluminiumslegering er frå 1925 og støypt i Høyanger. Den andre er frå 1968 og er laga av Olsen og Nauen klokkestøperi. Ho har innskrifta "Ring med fryd over bygd og fjord om gleda frå Gud som kom til jord". Begge klokkene er gitt av Norsk Aluminium Company i Høyanger.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Ortnevik kyrkje 75 år. 75 års jubileum. Høyanger 2000.