Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. oktober 2002

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Stølshus til minne om breførarar



På Hogrenningssætra i Lodalen står to små stølshus med namneskilt, Eliasbu og Jakobsbu. Dei har fått namn etter to fjellførarar. Inne i husa er opphengt bilete og omtale av kvar av dei; Elias Hogrenning og Jakob Hogrenning, den fyrste bonde på Flo i Oppstryn, den andre på Hogrenning.

Jakobsbu på Hogrenningssætra. Jenny Drage, eldste syster til bonde og patentførar Jakob Hogrenning, og mora Laura, avduka skiltet på det nydøypte huset, Jakobsbu.

Jakobsbu på Hogrenningssætra. Jenny Drage, eldste syster til bonde og patentførar Jakob Hogrenning, og mora Laura, avduka skiltet på det nydøypte huset, Jakobsbu.

Eigar: Jens Hogrenning.

Datering: 2002.

Fotograf: Ukjend.

Patentførar - autorisert fjellførar

I 1890 tok Den Norske Turistforening (DNT) til med å utferda patent (autorisasjon) til fjell- og breførarar. Kravet var inngåande kjennskap til området patentet omfatta og å ha dei eigenskapane som var nødvendige for fjell- og breføring. Patentføraren vart utstyrt med ei patentbok der sjølve autorisasjonen stod innført, reglane for ein førar, og der det var plass for noteringar. Føraren plikta å ha boka med seg og visa ho fram på forlangande.
I reglane som gjaldt i 1920 står det m.a. i punkt 3:
"Føreren skal altid være forsynt med kompas og kart. Ved bræoverganger og vanskelige fjeldbestigninger skal dessuten medbringes isøks og taug. Kart og kompas samt om fornødiges isøks og taug utlaanes av Turistforeningen." I tillegg til dette var solide isbroddar av smijern standardutstyr for ein breførar.

Elias Hogrenning

Elias Hogrenning, son til Mons Hogrenning og Dorte Eiriksdotter Bødal, vart fødd på Hogrenning 24. august 1872 og døydde 2. mars 1932. Han vart gift med Johanne Torsdotter Flo og vart med henne gardbrukar på Nedre Flo, bruk nr. 5, Fagerheim. Dei fekk 10 born.
Elias står fyrste gong i DNT si liste over breførarar i årboka for 1909. Han hadde då adresse Flo i Nordfjord, og patentet gjaldt for "omkringliggende bræer". Andre patentførarar i Nordfjord same året var: a) Thor Eide, Eide i Olden, for Jostedalsbreen, b) Thor Greidung, Greidung i Oppstryn, for Jostedalsbreen, og c) Rasmus R. Aabrække, Øvre Olden, for omkringliggjande brear.

Saman med kjende fjellklatrarar

Elias Hogrenning var gjennom ei årrekkje saman med vidgjetne pionerar i klatring og brevandring; - Kristian Bing, William Cecil Slingsby, Therese Bertheu, Geoffry Hastings o.fl. Han var berre 21 år gammal då han var med Kristian Bing på ein dramatisk tur over Jostedalsbreen til Greidung i Erdalen, og i 1897 var han med Bing på ein klatretur i Hornelen. I 1898 var han saman med briten William C. Slingsby på fyrste-bestigningar i Lyngsalpane i Troms, og same året saman med Geoffrey Hastings på fyrste-bestigning av høgaste breplatået på Øksfjordjøkulen i Finnmark.

Home-brewed ale på Hogrenning

Elias Hogrenning er nemnd fleire stader i DNT sine årbøker. I 1900-årboka står følgjande notis, signert Slingsby, om eit forsøk på å nå ein topp i Tindefjellet med start frå Loen:

On July 20th Frøken Bertheu, Messrs Slingsby and Baker, with Elias Hogrenning set off to find, and when found, to climb, one of the Tinde Fjeld from Loen. They crossed a gap between Skaala and Sandenib on the Skaalabræ, which they traversed in a dense mist, and never saw the mountain. They crossed a somewhat intricate little glacier-system apparently in cloudland, and descended to Gaard Hogrenning, where the parents and sister of Elias royally entertained the party with rømmegrød, home-brewed ale, and aquavit. Though the little glacier pass through the gap, was the only new work accomplised, the party felt that they had a rare good old time.

Jakob Hogrenning

Jakob Sigmund Hogrenning, son til Jens Monsson Hogrenning og Jannike Jakobsdotter Myklebust, vart fødd 12. januar 1906 og døydde 27. november 1996. Jakob var bonde på bruk nummer to på Hogrenning, og var gift med Laura Gudrun Olsdotter Åning. Dei fekk fire born.
Jakob følgde i fotspora etter farbroren Elias. Fyrste førarpatentet hans er datert 23. november 1938, og han førte turistar frå Bødalssætra til toppen av Lodalskåpa, og frå Bødalssætra over Jostedalsbreen til Fåbergstølen og Styggevasshytta. På denne tida kosta ein tur Bødalssætra-Styggevasshytta 11 kroner, og til Fåbergstølen 9 kroner. Breføringa ga ei kjærkomen inntekt til det gardsdrifta kasta av seg.

kjelder:

Den Norske Turistforening. Fleire årbøker. Oslo.
Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter. Grøndahl. Oslo 1989.
Fjordingen. 14.08.2002. Stryn.
Informasjon frå:
Jens Hogrenning, Stryn.