Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Språk

Runestein på Barmen



På Barmen står ein runestein "sød i stranda". Runene er frå den eldre runerekkja med 24 teikn. Ein har tidfesta innskrifta til tida 400-450 e. Kr. Runespesialisten Magnus Olsen har tolka innskrifta til: Eg Terbes son riste øyra. Dr. philos Kjell Aarthun, statsstipendiat i orientalske språk, meiner noko heilt anna.

Runesteinen "sød i stranda" på øya Barmen. Han står mellom Korsneset og stranda ut mot Røyset, berre 20-30 meter frå vegen.

Runesteinen "sød i stranda" på øya Barmen. Han står mellom Korsneset og stranda ut mot Røyset, berre 20-30 meter frå vegen.

Eigar: Astrid Barmen / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Ukjend.

Barmensteinen

"Runesteinen sød i stranda" seier folket på Barmen om ein av dei eldste runesteinane i fylket. Fagfolk brukar den meir offisielle forma Barmensteinen. Han står mellom Korsneset og stranda, vel 20 m ovanom vegen. Høgda er kring 1,5 m, breidda kring 0,5 meter. I bygdeboka for Selje og Vågsøy som kom ut i 1957, er staden omtala som Kortevarden, men det er ei nemning folket på Barmen ikkje er kjende med no.

Runeteikn og figur

Den eldre runerekkja inneheld 24 teikn og vert kalla FUTHARK-en (TH - eitt teikn) etter dei 6 fyrste teikna i rekkja. Fleire av teikna på Barmensteinen er utydelege og dermed vanskelege å lesa. Ein har meint det står EK ÞIRBJAR R og så ein rundvoren figur.

Magnus Olsen si tolking

Magnus Olsen har tolka innskrifta til "Eg Terbes son riste øyra", og han meiner figuren kan vera eit saueøyra. Meininga er at sonen til Terbe rista runene til vern mot sauetjuvar, eller til vern om sauene sine. Runene hadde magisk kraft i seg. Magnus Olsen daterer innskrifta til 400-450 e.Kr.

Handelstasjon på Barmen for 4000 år sidan

Kjell Aarthun er av ei heilt anna meining. For det fyrste meiner han innskrifta er mykje eldre. Ho må ha vorte til ein gong i Bronsealderen (1500 - 500 f.Kr.) og har ingen ting med sauehald å gjera.

Aarthun knyter skriftteikna og innhaldet til ein orientalsk/semittisk kultur med opphav på Kreta 1600-1700 f.Kr. Det finst "tusenvis" liknande kulturminne i området Orienten oppover mot Kolahalvøya i Russland. Dei er laga av folk som bygde handelskoloniar denne vegen og vidare sørover norskekysten, jamvel over havet til Island.

Aarthun meiner Barmen var ein slik handelsstasjon der dei farande kunne bu i fleire månader.

Orientalsk/semittisk kultspråk

Eit karakteristiske trekk ved det semittiske kultspråket er den store ordrikdomen, variasjonen i ord og uttrykk av tilnærma synonym tyding. Det er bestemt, uforma og nyansert av den orientalsk/semittiske fruktbarhetskulten/seksualkulten. Det er einast innanfor denne råma ein kan forstå språket. Sentralt står alltid den mannlege eller kvinnelege "partnar", den eller deira tilstand, handling/ar og skjebne, og til sist det tilsikta kultiske mål: skaping av grunnlaget for nytt liv.

Erotisk innhald

Innhaldet på Barmensteinen er retta mot sluttfasen eller høgdepunktet. Det er ei oppfordring til "partnaren" om å gjennomføra kjønnsakta:

- du som er fylt av attrå - sunn og sterk - i sanning - sameina deg med - den som er dekka av skum -; du som gjennomborar - den som ber kjønnsleg attrå -

Amerikansk professor avviser

Elmer H. Antonsen, pensjonert professor i germanske språk, Urbana-Champaign universitetet i Illinois, USA, avviser Aarthun sine teoriar som rein fantasi utan det minste vitskaplege grunnlag. Barmensteinen er på ingen måte uvanleg med omsyn til innhald, forma runene har eller språket teksten er skriven i, og innskrifta kan med visse daterast til perioden ca 200-450.

kjelder:

Hermund Kleppa, 2000.Drabløs, Odd L.: Runesteinen på Barmen. I Fjordenes Tidende. 20.10.2000.
Sogn Dagblad. 30.03.1988.
Os, Edvard: Selje og Vågsøy Bygdene og bygdesamfunnet. Oslo 1957.
Aarthun, Kjell: Barmen steinskrift. Brev til Halvdan Solvåg, 20.07.2000.
Amundsen, Elmer H.: E-post til Fylkesarkivet. 14.11.2000.