Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Språk

Rå-data

Smykke og personleg utstyr



Det er funne få, men likevel ulike typar smykke og personlege gjenstandar på Ytre Moa. Desse gjenstandane viser mellom anna at dei som budde på Ytre Moa i vikingtida produserte eit overskot som gjorde det mogleg å handle eller bytte til seg varer frå andre stader. Noko av det mest interessante og overraskande ved Ytre Moa er likevel at dei kan ha laga eigne smykke, og andre metallgjenstandar.

Fragment av treflika spenne frå Ytre Moa - truleg av same type som illustrasjonen under. Dette er den vanlegaste smykketypen frå yngre jarnalder, saman med ringforma spenner og ovale spenner (Foto: Fylkesarkivet).

Fragment av treflika spenne frå Ytre Moa - truleg av same type som illustrasjonen under. Dette er den vanlegaste smykketypen frå yngre jarnalder, saman med ringforma spenner og ovale spenner (Foto: Fylkesarkivet).

Skålforma spenne

Det vanlegaste draktutstyret for kvinner i vikingtida var dei såkalla skålforma spennene. På Ytre Moa er det funne eit lite fragment av overplate til ei slik spenne. I tillegg er det funne ei draktnål av bronse, eit fragment av ei såkalla treflika spenne, eit fragment av ei ringnål og eit hengjesmykke. Dei er alle laga av bronse.

Uferdig hengjesmykke

Hengjesmykket er dekorert med dyreornamentikk i ein stil som vert kalla Borrestil. På bakgrunn av dette kan vi datere dette smykket til tida kring år 900. Det mest interessante ved hengjesmykket er likevel at det er uferdig - det manglar til dømes hol for opphenging, og det er spor etter filing på baksida. Smykket vart funne i tuft B. I same tufta vart det funne ei lita fil, to meislar, hammar, bor og drill. Dette er reiskap som har å gjere med metallarbeid - og da i fyrste rekkje finsmedarbeid. Det er dessutan gjort funn av smieslagg på Ytre Moa, rett nok ikkje store mengder, men samla sett kan desse funne tyde på at det har vore utført finsmedarbeid på garden.

Pynta seg med perler

I tillegg til spenner og nåler, har det vore vanleg å smykke seg med perler. På Ytre Moa er det funne 8 perler - ei av metall og resten av glas. Dei har ulik storleik og form - her finst både kuleforma og sylindriske i ulike variantar, farge og dekor. Både mosaikkperler og enkle glasperler var i bruk allereie frå folkevandringstida (frå 400-600 e.Kr), men dette er typer som også er vanleg i yngre jarnalder (600-1000 e.Kr).

Rakekniv

Av anna personleg utstyr funne på Ytre Moa, er det verdt å nemne rakekniven. Den er laga av jarn, og odden er rulla opp i ein spiral. Rakeknivar av denne typen har ei generell datering til jarnalder (500 f.Kr - 1000 e.).

kjelder:

Bakka, E. 1965. Ytre Moa - eit gardsanlegg frå vikingtida i Årdal i Sogn. Viking bind XXIX.
Bakka, E. 1971. Ytre Moa. Ein øydegard frå vikingtida. I S. Ve (red.) : Bygdebok for Årdal, band 1, s. 149-178. Bergen
Lillehammer, A. Funn frå forhistorisk tid. I S. Ve (red.) Bygdebok for Årdal, Band 1. 1971.
Larsen, K. 1995. Ytre Moa. Et gårdsanlegg fra vikingtid i Årdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårdsstruktur. Upubl. Hovedfagsoppgave, Universitetet i Bergen.
Nordeide, S. W. Rapport vedrørende grunnlaget for rekonstruksjon av vikingtidsgård, Sognefjord vikingsenter, Balestrand. Basert på materiale fra Ytre Moa. Topografisk arkiv, Bergen Museum. 1990.
Kristoffersen, S. Sverd og spenne: dyreornamentikk og sosial kontekst. Avhandling (dr.art.) - Studia humanitatis Bergensia. Universitetet i Bergen 2000.
Solberg, B. Jernalderen i Norge. 500 før Kristus til 1030 etter Kristus. Cappelen Akademisk forlag. Oslo 2000.
Vinsrygg. S. Merovingartid i Nord-Noreg. Arkeologiske avhandlinger nr. 2. Historisk museum. Bergen. 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR