Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. februar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Arnafjord kyrkje



Arnafjord kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Nese i Vik kommune. Kyrkja, som har 180 sitjeplassar, vart vigsla 21. oktober 1880. Byggmeister Johannes Gjertsen frå Sogndal laga teikningane, medan byggmeister Anders Korsvold hadde ansvaret for bygginga. Arnafjord kyrkje er soknekyrkje for Arnafjord sokn i Vik prestegjeld.

Kyrkjestaden på Nese er frå midten av 1600-talet. Frå om lag 1300 til 1645 stod kyrkja på Flete.

Kyrkjestaden på Nese er frå midten av 1600-talet. Frå om lag 1300 til 1645 stod kyrkja på Flete.

Eigar: Sognafoto.

Datering: 2001.

Fotograf: Grunde Engan.

Gamlekyrkja var for lita

Dagens kyrkje står berre eit par meter lenger mot sør og aust enn gamlekyrkja, og mykje trevyrke frå denne vart brukt opp att, mellom anna dei rosemåla borda i tårnet. I ettertid er det folk som har meint det var synd og skam å rive gamlekyrkja, men sidan det var vedteke at den nye skulle liggje litt lenger mot sør og aust, og dessutan skulle byggjast større, var det inga anna råd enn å rive henne. Ho var dessutan i ganske dårleg stand. Alt tidleg på 1800-talet vart det nemnt i visitasmeldingar at kyrkja hadde ulike manglar, men fyrst i 1874 bad prosten i Ytre Sogn om at kommunestyret måtte ta affære. I åra framover var det ymse møte og korrespondanse mellom soknepresten, soknestyret og kyrkjeeigaren Christiane Daae, ved sonen Anders Daae. Etter fleire år med diskusjonar vart kyrkja omsider selt til kyrkjelyden.

Nøysemd pregar kyrkja

Det var bygdefolket som måtte betale den nye kyrkja. Prisen var om lag 8000 kr. Fordelt på dei som skulle bidra med pengar utgjorde dette rundt 52 kr på kvar. Husmannsfolka fekk i oppgåve å ta i land tømmer og frakte det opp til tomta. Køyring av stein vart utført ved pliktarbeid, og elles vart det nytta leigd hjelp til å reise kyrkja. Då mykje av materialane frå gamlekyrkja vart nytta i den nye, er det nøysemd som pregar denne. Spora av det gamle målararbeidet viser at tømmeret vart snudd slik at det som før var innvendige vegger, no vender ut. Difor er det i dag framleis råd å skimte rosemålinga frå gamlekyrkja under kledninga.

Interiøret

Men om mykje av trevyrket vart nytta opp att, var kyrkja god som ny likevel, og overgangen frå tømmerkyrkja til den lyse kvitmåla langkyrkja var merkbar for kyrkjefolket. Endringa vart markert i valet av friske fargar innvendig, og kyrkja vart fyrste gongen måla lys lilla på veggene. Benkene og korskiljet vart måla i eikeimitasjon. Ramma til altertavla vart kvitmåla. Frå fyrst av hadde kyrkja prestesakristi på sørsida av koret og som vanleg trappeoppgang frå våpenhuset til galleriet. Storleiken på skipet var 11,9 x 8,9 m, koret 5 x 5,25 m, og våpenhuset 3,7 x 4,5 m. Taket var jamhøgt i skipet og koret. I 1968 vart det bygt til endå eit sakristi, i vidareføringa av koret. Kyrkja fekk samstundes toalett attmed sakristiet, og det vart laga til bårehus i kjellaren.

I 1963 fekk Arnafjord kyrkje elektrisk oppvarming, i samband med ei større restaurering. Då hadde der vore fyringsforbod eitt års tid fordi omnen var sprukken. Han hadde vore i bruk i 63 år. Det var ingen som klaga på at omnen vart skifta ut, men derimot likte dei dårleg at presten ville ta vekk eit utskore ornament over korbogen. Det var skore i tre og motivet var akantusrankar. Dette var ein type kunst presten meinte ikkje høyrde til i ei kyrkje, og dermed vart denne fjerna.

Nye vindauge

Eit positivt skifte var derimot dei nye vindauga i skipet, såkalla katedralglas. Dei har farga glas i blyinnfatning og det er tre slike vindauge på kvar side i skipet. I koret er der eit tilsvarande vindauge på venstre side i koret og eit firkanta vindauge på høgre. Samtlege vindauge har den kjende kløverbladforma øvst, og som ei av dei få kyrkjene i fylket, er det her også ein kløverbladforma kross i mønet mot nordaust.

Når forfattaren brukar høgre og venstre i staden for sør og nord, er årsaka at Arnafjord kyrkje ikkje ligg heilt i rett retning. Etter flyttinga vart ho ikkje lenger ståande beint aust-vest, men står i staden ein del på skrå i nord-sør retning. Kyrkja vart også måla opp att i 1963, og fekk då fargane ho har i dag. Tårnet på Arnafjord kyrkje er det same i dag som då kyrkja var ny. Det er i tradisjonell stil med tårnhals i to etasjar sett opp på våpenhuset, og over der eit kopartekt spir.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1907 er laga av Eivind Nielsen, og er ein kopi av Adolph Tidemann sitt alterbilete "Jesus blir døpt av Johannes" frå 1863 i Trefoldighetskirken i Oslo. Frå kyrkja var ny i 1880 og fram til 1907 stod det ein enkel trekross på alteret. I 1972 vart krossen plassert over koropninga.
På alteret står to trearma lysestakar i messing frå 1696. Nattverdsutstyret i sølv er ein alterkalk frå før 1645, ein alterkalk, ein disk og ei vinkanne frå 1964-1968, og ei brødøskje frå 1971. Preikestolen og døypefonten i tre er frå 1880, medan dåpsfatet er frå om lag 1700.

Alterskåpet frå frå kring 1690 vart ombygt i 1880 av den gamle preikestolen frå Nese gamle kyrkje, og gitt som gåve i 1978. To måleri frå 1690-1692, olje på lerret, er ein del av ei tidlegare renessansetavle i Nese gamle kyrkje, som vart ombygd. Det eine har motiv Jesu himmelferd, det andre Jesu oppstode.
Her er tre lysekroner. Den seksarma lysekrona i messing som heng i koret, er truleg frå før 1645. Det same er truleg den firearma lysekrona i skipet. Lysekrona i messing frå 1955 er ei minnegåve frå norskamerikanaren Elling O. Nese til minne om foreldra Lussi og Ole Frivik.
Orgelet frå 1968 har seks stemmer, og er bygt av Vestlandske Orgelverkstad på Hareid. Her er to kyrkjeklokker, begge frå 1880.

Rosemåling i tårnet

Øvst i tårnet i Arnafjord kyrkje kan ein i dag studere veggene der det er spor etter gammal rosemåling. Desse kjem frå gamlekyrkja, og var tidlegare ein del av veggene i sjølve kyrkjeskipet. Mannen som utførte arbeidet, har måla med stø hand, men innvendig må han ha vore meir enn skjelven.

Segna fortel nemleg at målarmeisteren var ein brotsmann som var dømd til døden. Men så fekk han denne eine, siste sjansen. Om han kunne måle kyrkja på Nese utan at ei einaste av rosene vart lik den andre, skulle han få behalde livet. Og historia endar godt, mannen kom levande frå oppgåva.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Arnafjord kyrkje 100 år. Utgjeve av Arnafjord sokneråd, 1980.

PERMANENT IDENTIFIKATOR