Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 28. april 2020

Sist oppdatert 28. april 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Stein til minne om pasientar - på kyrkjegard i Luster



På kyrkjegarden i Dale i Luster står ein stein til minne om pasientar frå Luster sjukeheim som vart gravlagde på denne kyrkjegarden. Luster sjukeheim var i åra 1959-1991 institusjon for psykiatriske pasientar, og heldt til i tidlegare Luster sanatorium for tuberkulosesjuke oppe på Harastølen. Ein av pasientane steinen står til minne om, var Sigfred Ingemann Sjøveian.

Minnestein på kyrkjegarden i Dale, Luster kommune, reist til minne om gravlagde pasientar frå Luster sjukeheim.

Minnestein på kyrkjegarden i Dale, Luster kommune, reist til minne om gravlagde pasientar frå Luster sjukeheim.

Datering: 2020

Fotograf: Hermund Kleppa

«Denne steinen ..»

Minnesteinen er laga av lys granitt og har oppe innrissa eit krossmerke over solnedgang, og nede to strofer frå ein song av Tormod Vågen: Eg er ein gjest i verda [/] min heim i himlen er. På steinen står skrive:

Denne steinen er * reist til minne * om gravlagde * pasientar frå * Luster sjukeheim * Harastølen * i tidsrommet * 1959 – 1991

«Fred med ditt minne.»

Sigfred Ingemann Sjøveian døydde på Luster sjukeheim 25. november 1973 i ein alder av 72 år. Det stod dødsannonse i Finnmarksposten (Honningsvåg). Av annonsa går det fram at Sigfred Sjøveian hadde fire søsken, tre brør og ei søster; Håkon i Oslo, Johan i Talvik (Alta kommune), Erling i Storbukt (ved Honningsvåg, Nordkapp kommune) og Magnhild i Nordvågen (også ved Honningsvåg, Nordkapp kommune). I ei anna kjelde går det fram at Sigfred Sjøveian var registrert busett i Luster då han døydde. Det talar for at han var langtidspasient på Luster sjukeheim, kan henda ein av pasientane som i 1959 blei overførde frå Rosenberg asyl for sinnslidande i Bergen.

Frå 1902 til 1958

Luster sanatorium (for tuberkuløse, tæringssjuke) vart reist 1902 av stiftinga St. Jørgens hospital i Bergen, og var i bruk til 1958. Sanatoriet var først tenkt som sjukehus for «fattige tæringssyge i Bergens Stift" (fylka Hordaland og Sogn og Fjordane), men Luster sanatorium hadde i alle år pasientar – så vel «fattige» som «rike» - frå heile landet. År 1927, då sanatoriet runda 25 år, skreiv avisa Firda Folkeblad:

«Mange hev desse aari vore paa Luster og der fenge att helsa og livsmod. Dei reknar med at kring 9000 menneskje hev vore der. Alle er ikkje vorten berga, men ein stor procent hev vunne over sjukdomen og dei sender no mange gode tankar attende til staden – lækjarane og systrene.»

«avgik ved Døden (…) paa Lyster Sanatorium»

Det høyrde også med til kvardagen på Luster sanatorium, tilliks med Luster sjukeheim, at pasientar døydde, og vart gravlagde på kyrkjegarden i Dale sokn, den næraste gravstaden. Ei kyrkjebok (klokkarbok) for Luster sokneprestembete 1903-1930 har innførsler på døde pasientar på «sanatoriet» i åra 1903-1907. Det går fram om den døde vart gravlagd i Luster (Dale sokn) eller vart sendt til heimstaden. Til dømes viser innførsler i åra 1903-1904 i alt 9 døde på Luster sanatorium. 8 har gravleggingsdato, 1 har merknad om «sendt til sit hjemsted hvor begravet».

Ein av dei 9 pasientane var Anne Bergithe Bøe. Ho døydde 7. februar 1903, og står i kyrkjeboka innførd som «enke» og «syerske». Vidare er notert at ho var fødd år 1866, altså berre 37-38 år gamal, at ho var frå Holt prestegjeld (Aust-Agder), og var død av «lungetæring». Familien hadde dødsannonse i Tvedestrandsposten, 11. februar 1903:

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Luster sokneprestembete, Klokkarbok for Luster prestegjeld, Dale sokn, 1903-1930


Tvedestrandposten 11.02.1903


Firda Folkeblad 07.10.1927


Finnmarksposten 01.12.1973


Lund-Johansen, Fridtjof: Luster Sanatorium 1902-1958. En epoke i kampen mot lungetuberkulosen i Norge. 1960.

PERMANENT IDENTIFIKATOR