Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Frå saueull til ulltråd



Ull frå sau var råmateriale for det aller meste av tekstilar folk trengde i Nordfjord frå uminnelege tider fram til om lag slutten av 1800-talet. Arbeidet med ulla, frå klypping av sauen til ferdig spunnen ulltråd, var eit arbeid som folk stort sett gjorde sjølve og som gjekk føre seg kvart år på om lag same vis. Det var eit tidkrevjande arbeid som var kvinnfolka sitt ansvar. Slik hadde det vore i lang, lang tid med overraskande få endringar, også når det gjeld reiskapen dei brukte.

Eit par karder til å karde ull med. Det vart laga karder i Nordfjord  tidlegare. På garden Hjelle i Eid kommune var det til dømes kardeproduksjon frå midten av 1800-talet til noko inn på 1900-talet. NFM.0000-06034.

Eit par karder til å karde ull med. Det vart laga karder i Nordfjord tidlegare. På garden Hjelle i Eid kommune var det til dømes kardeproduksjon frå midten av 1800-talet til noko inn på 1900-talet. NFM.0000-06034.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Den makelause ulla

Saueulla har fleire spesielle eigenskapar som folk visste å dra nytte av. Medan ulla veks på sauen, vert ho gnidd inn med feitt som gjer ulla smuss- og vassavstøytande. Tekstilar som er laga av ull treng difor ikkje så ofte vasking, og er eit godt vern mot regn. Ulla er også elastisk og krusete, noko som skaper luft som isolerer og gjer at ullklede vernar mot varme om sommaren og mot kulde om vinteren. Ull kan til og med varme sjølv om ho er våt, av di ho kan innehalde opptil 40 % fukt utan at den kjennast våt. Ull kan også krympe og tove slik at ho vert stivare og tettare. I ei tid utan regnklede, superunderklede eller vaskemaskin for hand, må ulla sine kvalitetar ha vore heilt uunnverlege.

Sau i 10 000 år

Truleg er sauen då også eit av dei eldste husdyra menneska har halde seg med. Her i landet har det vore sau like lenge som det har vore menneske, i omlag 10 000 år. I tidlegare tider kunne sauene vere annleis enn dei vi oftast ser på beite i 2007. Norsk spelsau er til dømes ein gamal sauerase. Den er liten og spinkel, men særs hardfør og kan gå ute heile året.

Å vaske ulla mens ho enno var på sauen

Frå Nordfjord på byrjinga av 1900-talet vert det fortalt at dei vaska sauane før dei klipte dei, av di det var best å ha feittet på om ein skulle spinne. Vasking ville ta vekk feittet. Det var viktig at det var godt vêr då, slik at sauene tørka fort.

Å klippe ulla

Sauene vart klipte vår og haust, og det var kvinnfolka som klipte. Frå Nordfjord frå rundt 1900-talet vert det fortalt at haustulla vart nytta til varp, spøtegarn og åklede. Vårulla, som dei klipte i februar-mars, var kortare enn haustulla, og den nytta dei til «veft», innslag i veven. Før menneska rådde over jarnet og hadde sakser å hjelpe seg med, nytta dei truleg skarpe steinknivar for å få av ulla. Det kan også vere at formødrene vore reiv av laus ull eller plukka ulla når ho fall av av seg sjølv.

Karding

Å karde er å «kamme» ulla med karder. Karding er naudsynt for å få den spunne tråden jamn og fin. Det var ofte ungane som måtte karde, både gutar og jenter, og det var mykje arbeid. I Gloppen byrja dei kardeprosessen med «storekardene», vert det fortalt frå rundt førre hundreårskifte. Dei hadde gjerne eit par slike store karder til kvit ull og eit par karder til grå og svart ull. Ulla vart karda i store flak og lagt i stablar som dei så plukka («nippa») små dottar av til ein ny dunge. Så vart ulla karda på nytt att med storekarder og deretter karda med små karder til tullar («rullar» eller «kauvar»). Tullar spann dei tråd av, og flak nytta dei til å lage filt.

Toving - snarveg til ferdig stoff

Å «tove», «filte», «krympe» eller «valke» er ulike ord om omlag same tingen. Å tove ull er truleg ein enno eldre måte å framstille stoff på enn å veve med tråd. Ulla vert lagt lagvis med fiberretningane i kross og bløytt i vatn. Trykk og rørsle saman med varme hender gjer at fibarene går i kvarandre og etterkvart dannar ein samanhengande filt. Ved bruk av tovebrett vert flak med karda ull gnidd mot brettet etter at det er helt vatn over. Flaka vil krympe og bli til eit samanhangande, stivt stoff.

Eit patent frå steinalderen?

Elles var det ulltråden som var viktigaste utgangspunktet for tekstilproduksjonen i naturalhushaldet. For å få tråd av ull må ein sno dei lause ullfibrane saman. For å få ein lang, samanhangande tråd trong dei ein handtein. Handteinen er eit enkelt og veldig gamalt verktøy som har vore i bruk heilt opp i mot vår eiga tid. Steinar som har vore brukte til handtein er funne i gravar i Noreg frå heilt tilbake til steinalderen, dei eldste truleg 6000 år gamle. Ein handtein er sett saman av ein kort kjepp (tein) med eit svinghjul eller ei håndteinsnelle og gjerne ein krok i eine enden. Snella kan vere av tre, bein eller stein. For å spinne tråd, må handteinen ha snurr på seg. Ein ulltull vert halden i eine handa, og fibrane i den vert spreidd ut mot ein tråd som sit i teinen slik at dei snor seg inn i og vert til meir tråd. Det må ha tatt veldig lang tid å spinne nok til det dei trong av tekstilar.

Hjulrokken

Med hjulrokken vart spinninga meir effektiv enn med handtein. Hjulrokken kom truleg til Noreg på 1600-talet og vi veit at det vart produsert hjulrokkar Nordfjord. Den vi vanlegvis ser i 2007 er driven av ei trøe, men det fanst også hjulrokkar der hjulet vart drive av handkraft. Spinning var eit tidkrevjande arbeid som gjekk føre seg innomhus utover hausten og vinteren. I Nordfjord i byrjinga av 1900-talet spann dei varpet, tråd til renning i veven, ferdig fram til jul. Så vart rokken sett vekk. Etter 20-ande helga vart rokken teke fram att. Då spann dei veften, innslagstråden i veven, og «spøtegarn» (strikkegarn) til sokkar, vottar og underklede.

Kunnskap på veg ut?

Før industrialismen brukte folk i stor grad det dei hadde rundt seg til å lage det dei trong. Kunnskapen om korleis ein laga tekstilar av ull var livsnaudsynt å lære. Denne kunnskapen var handlingsboren og gjekk frå kvinne til kvinne mellom generasjonane, der den yngre generasjonen såg på og gjorde etter den eldre. Sjølv om vi i teorien kjenner til korleis ull vert til tråd, kan vi ikkje utan vidare gjere det sjølve. I 2007 er dei fleste av oss avhengig av ekspertise og maskiner til å gjere den jobben.

kjelder:

1992 Aschehoug og Gyldendals Store leksikonKunnskapsforlaget, 2.utg, 4.opplag, Oldenburg.
Clayhills, Harriet 1984 Det store lappeteppet. Også ei kvinnehistorie,Det Norske Samlaget, Oslo.
Eide, Petter 1981: Kardeproduksjon på Hjelle I Årbok for Nordfjord 1981, Nordfjord Sogelag, Firda Ungdomslag, Nordfjord Folkemuseum, Sandane.
Enerstvedt, Åse 1996 Vil du vite hvordan de laget og stelte tøy i gamle dager? Eide forlag, Fagernes.
Engstrøm, Ulla 1981 Arbeide med ull, A/S Landbruksforlaget, Haugesund.
Lokahistorisk innsamlingsarbeid for eldre, Gloppen friundervisning. (finst utskrive på Gloppen Folkebibliotek).
Magnus, Bente 1982 Om folkedrakt og hovdingklede,i Jul i Nordfjord, Firda ungdomslag, Sandane.
Molaug, Svein 1985 Vår gamle kystkultur 2,Dreyers Forlag A/S, Østerås.
Ryssdal, Maria 1979: Husflid og handarbeid i tida ca.1850-1940, i Soga om Gloppen og Breim, band II, Sandane.
Semmingsen, Monsen, Tschudi-Madsen og Ustvedt red. 1979 Vår fjerne fortid. Norges kulturhistorie 1 H.Aschehoug og Co, Oslo.
Bilete frå fotosamlinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkesarkiv: SFFf-1996016.0010, FAKf-0218.00034

PERMANENT IDENTIFIKATOR