Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Selje prestegard



Prestegarden i Selje har tradisjonar attende til middelalderen og er nemd i skriftlege kjelder fyrste gong kring 1350. Det gamle namnet på garden var Hove.

Hove har vore prestegard i Selje sidan reformasjonen (1536).

Hove har vore prestegard i Selje sidan reformasjonen (1536).

Eigar: I Norsk Folkeblad 18. april 1868.

Datering: 1868.

Fotograf: Teiknar: Ukjend.

Hovudhuset

I katolsk tid budde presten på garden Bø på Selja, men etter reformasjonen (1536) er det Hove som har vore prestegard. Hovudhuset vart reist av allmugen 1782-1784. Det er ein lafta tømmerbygning i to etasjar og utvendig kledd med liggande panel. Huset har saltak med lite utspring. I første høgda er det fire stover, kontor og kjøken, i andre høgda sju soverom. Opphavleg var bygningen raudmåla og hadde torvtak og blyinnfatta vindauge. I 1840 vart det sett inn storruta vindauge og lagt teglstein på taket. Samstundes vart huset måla kvitt. I 1939 vart huset utbetra under oppsyn av ein konservator frå Riksantikvaren. Mellom anna vart det då grave ut og mura kjellar under heile huset. Under dette arbeidet vart det funne restar etter eldre hus samt merke etter påbygging.

 

Dei andre husa i prestegardstunet

Då her vart drive jordbruk og fiskeri, skal det ha vore om lag 25 hus på prestgarden. Kring prestegardstunet ligg det i dag 6 bygningar som til saman dannar eit interessant miljø av stor kulturhistorisk interesse. Alle bygningane vart freda av Riksantikvaren i 1991.

Stabburet er eit tømra bur av vestlandstype i ein etasje. Huset står på stabbar av tre og gråstein. Det har klokketårn på taket. Ein veit ikkje kor gamalt det er, og kjenner heller ikkje alderen på vedskjulet, men truleg er det frå same tid som hovudhuset. Eldhuset er truleg det eldste huset på garden. Det er oppført i stavkonstruksjon. Innvendig er golvet hellelagt og der er spor etter ein stor, gamal bakaromn på nordveggen. Eldhuset vart brukt til grovare matlaging, som brygging og baking. Ei hus kalla Skulen ligg på nordsida av hovudhuset. Huset har to etasjar, liggjande utvendig panel, torvtak og to inngangsdører. Bruken av huset har variert gjennom tidene. Heilt opp til nyare tid vart Skulen nytta til konfirmantundervisning. Huset vert også kalla Hønseloftet. Borgstova skal òg vere frå same tid som hovudbygningen. Det er eit lite tømmerhus i ein etasje. I tidlegare tider vart huset brukt som paktarbustad.

Prestegardshusa år 2001

Hovudbygningen er i dag bustad for soknepresten i Selje. Eigedomen er statseigd. Like til i 1958 var det ti husmannsplassar under Selje prestegard.

Segn eller sanning?

I gamal tid var det ofte slik at når ein ung prest tok over eit sokneprestembete etter ein avdød kollega, tok han gjerne òg over enkja etter forgjengaren sin. Maren Søffrensdotter Friis var først gift med Isak Jørgensson som var prest i Selje til han døydde i 1647. Deretter vart ho gift med alle dei tre etterfølgjarene hans.

I 1668 kom den 33 år gamle Peder Nilsson Harboe som prest til Selje. Etter slik det før hadde vore, skulle han då òg ha teke over presteenkja, men det vart det ikkje noko av. Segna fortel at Maren vart så harm over å verte vraka at ho i raseri sette fyr på arkivet i prestegarden. Dette skal såleis vere grunnen til at arkivet frå klostertida er borte.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Band I. Oslo 1957.
Selje kommune, kommunearkivet, reiselivskontoret sitt akiv:
Opplysningstavle ved innkøyrsla til Selje prestegard.
- kulturkontoret sitt arkiv:
Brev frå Riksantikvaren, 15.11.1991: Selje prestegård - gnr. 56 bnr. 1-Selje kommune. Fredning med hjemmel i Kulturminnelovens §15.

PERMANENT IDENTIFIKATOR