Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. august 2020

Sist oppdatert 24. august 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Vraket av betongbåt ved Ospa i Solund



Juli 2020: Ein mann fortalde han hadde vore på båttur i Solund. Ved øya Ospa hadde han lagt merke til baugpartiet på eit skipsvrak; hadde foto på telefonen sin. Han var nysgjerrig på historia. Kva for ein båt, kva hadde hendt, når?

Vraket av betongbåt MS «Foldin» mellom Kvernhusskjera, sør om Ospa i Solund.

Vraket av betongbåt MS «Foldin» mellom Kvernhusskjera, sør om Ospa i Solund.

Eigar: Odd Reksnes

Datering: 2020

Fotograf: Odd Reksnes

Vraket ligg i sundet mellom Kvernhusskjera

Fylkesarkivet i Vestland sitt Kulturhistorisk leksikon har artikkelen Forlis og strandingar i Solund. Eit foto viser vraket ved Ospa, og biletteksten har opplysningar. Uhellet kom som følgje av feilnavigering.

«dei gjekk litt feil over Lågøyfjorden slik at båten dunka nedpå litt, visstnok vest om Hamnholmen. Han gjekk lek, og dei såg etter ei vik å landsetje han i. Diverre låg det ein nakk [grunne] der dei prøvde, båten kom ikkje så langt som dei tenkte. Båten tok inn vatn og seig under med akterenden.»

Mannen som sommaren 2020 var ved vraket, sende informasjon om kvar vraket ligg: På sørsida av Ospa, mellom to skjer, Kvernhusskjera. Sundet «held fram» inn ei lita vik, Kvernhusvika. Baugen vender mot nord. Topp avansert utstyr viser eksakt posisjon: N 61 ° 14.960 [minutt/sekund], E [aust] 005 ° 000.595 [minutt/sekund].

Fotografiet hans på smarttelefonen viser vraket sett mot sør, frå sundet mellom Kvernhusskjera. Pynten i bakgrunnen er vestre delen av Storhamnaholmen. Farvatnet ned mot Storhamnaholmen heiter Hamnaholmkyllaren og sør om holmen kjem Lågøyfjorden.

Den uheldige båten sin siste distanse er med dette lett å skjøna. «Dei gjekk litt feil over Lågøyfjorden», for langt vest i høve til leia som går aust om Ospa, «dunka litt nedpå» ein grunne og sprang lekk, prøvde å setja båten på land, «men kom ikkje så langt som dei tenkte». Båten vart ståande i sundet mellom Kverhusskjera, med baugpartiet over sjøen. Fotografiet i artikkelen Forlis og strandingar i Solund (under) viser vraket sett i motsett retning, nordover frå sundet, med baugpartiet mot Kvernhusvika.

Forlis nr 2 år 1929

Men når skjedde uhellet og kva var det for eit skip som enda sine dagar mellom Kvernhusskjera sør om Ospa i Solund? Den nemnde artikkelen har eit par opplysningar, men det går fram at dei er usikre. Artikkelforfattaren har ikkje hatt tilgang til gode nok kjelder, og let det koma tydeleg til uttrykk. «Det skulle vere i 1929 (…) det var sagt (…) Kanskje var det på første turen (…).

Tidsskriftet Skipet, nr 4-1995, har omtale av norske skipsforlis år 1929. Forlis nummer 2 passar: «Betong – MS «Foldin» (…) 1929: 18.01: Grunnstøtte i Aspøyfjorden [meir korrekt: ved Ospa, på nordsida av Lågøyfjorden] i snøtykke og storm på reise Sauda – Larsnes i ballast». Oppføringa har heile historia («livsløpet») til MS «Foldin», tidlegare MS «Patent».

Omtale i aviser

Aviser er ei kjelde til kunnskap om forlis. Søk i Nasjonalbiblioteket – Nettbibliotek på «Foldin» år 1929 gjev mange treff. Detaljar er ulike og i nokre tilfelle motstridande. Geografiske namn stemmer ikkje alle stader med røyndom. Men kjernen er den same: Betongskipet – MS «Foldin» forliste nord i Solund, natt til 18. januar 1929. Heile mannskapet på tolv blei berga.

Notis i Smålenenes Social-Demokrat, 19.01.1929: «Motorskib Foldin av Oslo forlist ved Bergen». Staden er upresis, «ved Bergen», «ved Skomakeren.» Skomakaren er stadnamn i leia aust om Ospa, der «Foldin» aldri kom. Mannskapet er berga, [i alt 12] er komne inn til «Buksø», feilskriving for Buskø/Buskøy. Av andre avismeldingar går det fram at betongbåten – MS «Foldin», også nemnt som betonglekter, var på veg frå Sauda til Larsnes (på Sunnmøre) i ballast då uhellet skjedde. Snøtjukne og usiktbart vêr var årsaka til at båten kom ut av kurs, og enda opp i sundet mellom Kvernhusskjera, - der vraket ligg den dag i dag, som eit maritimt kulturminne, kan det vel seiast.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hans H. Steinsund: Forlis og strandingar i Solund. 2001


Smålenenes Social-Demokrat 19.01.1929


Skipet. 4-1995. Vol.21. Nr.4


Skipet. 1998. Vol.24. Nr.2


Opplysningar frå: Odd Reksnes, Leikanger

PERMANENT IDENTIFIKATOR