Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 21. november 2020

Sist oppdatert 08. januar 2021

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - DS «Gula» berga mannskap i Buefjorden år 1920



Torsdag, 18. november 1920, melde Morgenavisen, Bergen, at mannskapet frå det forliste lasteskipet «Delta» var komne til byen dagen før. Det hadde lukkast avisa å få ein samtale med styrmann Foss. Han ynskte særleg å framheva innsatsen til mannskapet på Fylkesbaatane sin rutebåt «Gula», som hadde berga dei skipbrotne frå ein holme. «En glimrende Redningsdaad», - som seinare vart påskjøna offisielt.

Bark «Delta», bygd 1891 ved Fevigs Jernskibsbyggeri.

Bark «Delta», bygd 1891 ved Fevigs Jernskibsbyggeri.

Eigar: Norsk maritimt museum

Datering: 1913-1920

Fotograf: Edwardhs

Om forliset

Barken «Delta», som pr. 1920 tilhøyde rederiet Bark Delta AS, Kristiania, var eit jernskip på 1073 breg tonn, bygd ved Fevigs Jernskibsbyggeri i 1891. Skipet forliste i Buefjorden, Sogn og Fjordane, om kvelden, laurdag 13. november 1920. Bark «Delta» var då veg frå Sverige til Sør-Afrika med tømmer. Storm og uvêr hadde tvinga skipet inn til norskekysten, og i kveldinga ulukkesdagen styrde skipet inn Buefjorden for å søkja ly i le av øya Ospa. Skipet ankra, men kjettingen rauk, og skipet dreiv inn mot ein holme. Mannskapet greidde å berga seg i land. Etter ei stund flotna havaristen av grunnen, men grunnstøytte på ny kort etter litt lenger nord.

Om berginga i aviser

Dei skipbrotne blei oppdaga dagen etter, søndag 14. november, av rutebåten «Gula». «Gula» var på veg nordover frå Solund i kystrute frå Bergen. Under svært vanskelege forhold, i sterk vind og «høi sjø», greidde mannskapet på «Gula» å berga alle dei 15 mennene på holmen. Mange aviser hadde oppslag om forliset og bergingsaksjonen. To aviser hadde omtale etter å ha møtt folk som hadde vore med i dramaet; styrmann Foss på «Delta» og mannskap på «Gula».

(Morgenavisen, 18.11.1920): (…) Fra «Gula» blev det sat ut en Baad hvori var Førstestyrmand Greiner Simonsen [rett: Peder Færø], samt 3 Mandskaber. Med svære Anstrængelser lykkedes disse at ro Baaden bort til Holmen; det værste stod likevel tilbake; Sjøerne brød uafladelig over den. Naar det alligevel under disse farefulde Omstændigheder lykkedes at rædde samtlige 15 Mand, kan man ikke andet end uttrykke sin Beundring for den Djervhed, den Opofrelse og Mod, som besjælet disse brave Sjømænd, som satte sit Liv paa Spil for at bjerge sine nødstedte Kamerater. Tre Turer maatte det gjøres til Holmen, tre Ganger trodset de Elementernes Raseri, tre ganger viste de sig villige til heller selv at gaa i Døden, end at vise disse tapre Sjøfolk prisgivet Skjæbnens Lunefuldhed ude pa den nøgne Havø. (…) Foss udtalte sig ogsaa stærkt anerkjennende om Kaptein Abelsens Manøvrering av «Gula» op mod Bratholmen. (…)»

(Bergens Tidende, 20.11.1920): (…) Om bord på «Gula» fortalte man, at da «Gula ved 1-tiden søndag middag kom forbi holmen og saa at der blev vinket fra dem, skjønte man straks at de var skibbrudne. «Gula» styrte ned til holmen og folk fra baaten rodde over. Paa den ene side skraanet holmen ned mot sjøen, men her stod havet saa voldsomt paa, at det var umulig at komme i land. Man maatte over til den anden side av holmen. Paa denne kant var der imidlerid brat fjæld. Saa maatte der kastes et taug i land, og dette gjorde folkene fast, hvorefter de firet sig ned i «Gula»s baat. I tre vendinger førte saa baaten folkene til «Gula», hvor de blev tatt vare paa bedste maate og fik mat og tørre klær. De hadde sittet hele natten og formiddagen på skjæret. Bjergingen tok en times tid. Det blaaste sterkt og var riktig ruskeveir med høi sjø. «Gula»s folk utførte her et utmerket redningsarbeid. (…)

Heider - sølvgjenstand, medalje, diplom og pengesum

Mange år seinare, 15. januar 1965, fylte los Georg Tangenes i Fylkesbaatane 70 år. Loskollega Bendiksen skreiv stykke i avisa Sogn og Fjordane. Det står m.a.: «Tangenes var for øvrig en svært dyktig mann på sjøen, noe som er bevist i det han den 14. november 1920 som matros om bord i «Gula» var med og bjerget mannskapet på det norske barksipet «Delta» (…) For dette ble han tildelt Kong Haakons-medaljen for edel dåd med diplom.»

Heile mannskapet på «Gula», også dei på frivakt, var mykje truleg med i bergingsaksjonen i Buefjorden. Fem mann fekk særleg heider, kapein Alfred Abelsen og mannskapet i livbåten; styrmann Peder Færø, matros Nils Bakke, matros Sverre Taraldsen, og matros Georg Tangenes. Færø og Tangenes var frå Solund; Færø busett i Bergen. Kaptein Abelsen fekk «en sølvgjenstand med inskription»; dei fire i livbåten, medalje for edel dåd med diplom. Tildelinga skjedde i statsråd, laurdag 2. juli 1921. Dessutan blei dei ei tid seinare heidra av det britiske Carnegies heltefond med ein pengesum, offiserane med 500 kroner kvar; matrosane med 300 kroner kvar.

Mannskap på «Gula» - matros Nils Bakke

Boka 101 Fjordabåtar Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000 har eit bilete (under) av mannskap (alle utan namn) på «Gula», datert «truleg i midten av 1920-åra». Det kan bety at nokon av mannskapet på biletet var om bord på «Gula» under bergingsaksjonen hausten 1920. Det har lukkast å identifisera ein av dei, den unge mannen med slips til venstre i andre rekkje, nemleg:

Matros Nils Bakke, frå Austrheim i Lindås, fødd 23. oktober 1898. Han var ein av fire i livbåten som berga dei 15 skipbrotne frå holmen. Nils Bakke slutta etter ei tid som sjømann. Han vart politimann. Eldste son til Nils Bakke, Atle Bakke, har heidersmedaljen og diplomet faren blei tildelt etter bergingsdåden i Buefjorden, 14. november 1920.

 

Los Bjordal – «vart gløymd»

Styrmann Peder Færø heldt fram i Fylkesbaatane til 1949 då han som skipsførar gjekk av for aldersgrensa. I stykke i avisa Sogn og Fjordane står og nemnt at han var med på bergingsaksjonen i Buefjorden hausten 1920. Ei tid etter stod eit stykke i same avisa, underteikna "Sjømann". «Sjømann» fortalde at ein mann til skulle vore heidra med særleg utmerking, nemleg losen på «Gula», los Bjordal. Han skriv:

«ein som vart gløymd den gongen, var los Bjordal. Han var fast los med «Gula» den gongen, og vart vekt midt i frivakta med oppmoding om å hjelpa til å halda «Gula» klar av brota og grunnane medan dei bala med berginga. (…) Det arbeidet han då utførde var like godt som det andre [arbeidet kaptein Abelsen gjorde], for hadde «Gula» teke på ein einaste grunne i den tunge sjøen, hadde ho gått til botnar så sikkert som amen i kyrkja.»

Grunnen til at han var gløymd, meinte «Sjømann», var at han ikkje var teken med i «rapporten» som blei send til «dei instansar som har med medaljeutdelinga å gjera.»

Diplom

Det følgde med diplom til medaljen for edel dåd. Matros Nils Bakke sitt diplom heng på vegg i glas og rame hjå familien. Teksten på diplomet:

Riksvåpenet (-) Overensstemmende med (-) den Norske Regjerings indstilling (-) har det under 2den juli 1921 behaget (-) Hans Majestet Kongen (-) at tildele (-)
Matros Nils Bakke
Medaljen for Ædel Daad (-) i sølv (-) for udvist hæderlig forhold ved (-) redningen den 14de november 1920 av besetningen (-) på bark «Delta» av Kristiania ved dennes (-) forlis i Aspefjorden, Sogn og Fjordane fylke. (-) Det Kongelige Departement for Handel, Sjøfart og Industri (-) Kristiania den 15de august 1921. (-) Haakon (…)

kjelder:

Munnlege opplysningar frå: Olaug Lee, Balestrand


Morgenavisen, Bergen 18.11.1920


Bergens Tidende 20.11.1920


Avisa Sogn og Fjordane 18.01.1949, 07.06.1949


Torvanger, Magnus: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2009. Selja forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR