Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. november 2008

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Rå-data

Den gamle kystkulturen og bedehusa



I 2008 var Raudeberg bedehus 40 år. På jubileumsfesten i november gav lærar (ukjent) eit oversyn over historia til bedehuset, medan historikaren professor Karl Egil Johansen, som er fødd og oppvaksen i Vågsøy, kåserte om kristenlivet og bedehusa i den gamle kystkulturen. Johansen redigerte etterpå manuskriptet til kåseriet for artikkel i Kulturhistorisk leksikon.

Raudeberg bedehus.

Raudeberg bedehus.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Forfattaren

Karl Egil Johansen er professor i historie ved Høgskolen i Bergen, der han har vore tilsett sidan 1994. Før dette arbeidde han i mange år i folkehøgskulen og som oppdragsoforskar. Han har skrive ei rekkje bøker og faghistriske artiklar, særleg om fiskerihistorie og kystkultur.

Tittel:
Min båt er så liten, og havet så stort [merknad 1]
Den gamle kystkulturen

Tre særtrekk

Den gamle kystkulturen [kring 1850-1950] har mange særtrekk. Vi skal her stanse ved tre av dei: 1) magre økonomiske forhold, 2) sosial og økonomisk likskap, 3) kristenlivet

1. Magre forhold

Det eine er dei magre eller fattigslege forholda som dei fleste levde under i kystbygdene, både her i vårt land og i andre fiskerinasjonar. Og vårt distrikt ikkje nok unntak. Heller tvert om. I ein rapport frå distriktslegen i Ytre Nordfjord for 1905, Karl Erik Haslerud, kjem det godt fram. Dette var i dei åra tuberkulosen eller tæring, som folk sa, herja som hardast, ikkje minst i kystbygdene. Kvart år vart det registert mellom 20 og 30 nye tilfelle berre i Ytre Nordfjord. Ei forklaring var dårleg hygiene. Distriktslegen påtalte blant anna at det enno fanst eksempel på at folk budde i hus der kjellaretasjen var innreia til fjøs, sjølv om det hadde vore forbode i 20 år. Han klaga òg over at bord og benker hadde ein farge som ”tydelig viser at bekjentskab med vand og sæbe meget sjeldan fornyes”.

På "berre stein" 

Dei som sat dårlegast i det, var dei som ikkje åtte jord. Dei som sat på ein ”berre stein”, som ein sa. Blant dei var familien til mi eiga oldemor, Inger Oline Hansdotter Goteberg [merknad 2], fødd i 1861. I mange år budde familien ute i Torskangerpollen. Både mora og faren var i folketeljinga i 1865 førte opp som ”tenestefolk”. I tillegg livnærte nok faren seg ved fiske. Men jord hadde dei ikkje, og heller ikkje eige hus i starten. Dei losjerte derfor hos ein husmanns-familie. Kring 1870 klarte dei likevel å få seg opp ei bitte lite stove eller hus som dei sjølve åtte.

Katastrofalt utan jord - eit døme 

At dei ikkje hadde jord, vart katastrofalt då Hans omkom på nokre få år seinare. Ved den neste folketeljinga, i 1875, var såleis Ingeborg oppført som fattigunderstøtta – ho var med andre ord komen på fattigkassa, den siste utvegen for dei som sat trongast i det. Den eldste sonen og hans familie hadde overteke den vesle stova, men Ingeborg budde der framleis i lag med fleire av dei yngre borga. Derimot var Inger og ei eldre syster sende ut i teneste, for på den måten å forsørgje seg sjølv. Inger, som berre var 12 år då dette skjedde, hamna for sin del hos ein gardbrukar på Kvalheim. Der vart ho verande til ho gifte seg og flytte til Refvik.

Tung kåryting 

Mannen hennar, Ingebrigt, overtok bruket etter far sin, som var enkemann i 1880. Dette var lenge før det vart innført alderstrygd, og for å få overta måtte han syte for såkalla kår til far sin. Ut frå kårkontrakten skulle faren kvart år få det han trong av mjøl, både bygg og havre, og mjølk og fisk. Vidare skulle han ha ei ny skjorte og eit par nye sko i året, lys og brensel til kammerset han budde i, og i tillegg ei mark tobakk. Det heitte òg at faren skulle ha pleie og tilsyn både ved sjukdom og ”alderdoms svaghed”, og til slutt ”en sømmelig begravelse”. Ingebrigt fekk sjølv ikkje leve så lenge. Elleve år seinare, i 1891, vart han sjuk og døydde, berre 33 år gamal. Inger gifte seg då oppatt med Didrik Samsonsen Refvik.

2. Små forskjellar mellom folk 

Trass i dei fattigslege forholda, var det sjeldan at folk i kystbygdene svalt. Fisk hadde dei alltid. Eller som Petter Dass seier det ein stad, Fisken i Havet, den er vores brød. Men det fanst òg ein annan grunn, som er det andre særtrekket ved kystkulturen vi skal stanse ved. Nemleg at rikdomen, eller skal vi heller seie fattigdomen, var så likt fordelt. I eit europeisk perspektiv var Noreg på 1800-talet eit land med små forskjellar mellom folk. Særleg galdt dette kystbygdene på Vestlandet, frå Sunnmøre og sørover til Rogaland.

Nord-Vågsøy 

Ingen stad ser det ut til at den økonomiske og sosiale likskapen var større enn i Nord-Vågsøy. Både likningsstatistikk og annan statistikk peikar i den lei. Likskapen gav seg blant anna utslag i at folk åtte ting i lag – for eksempel motorbåtane som kom i denne perioden, gjerne tre, fire eller fem mann i lag. Mykje av den same likskapen fann ein i jordbruket. Sjølv om somme hadde litt meir jord enn andre, særleg i Refvik, Vedvik og på Kvalheim, var òg gardsbruka relativt jamstore.

Nord-Vågsøy samanlikna med Sør-Vågsøy (Måløy) 

Kor stor likskapen i Nord-Vågsøy var kjem godt fram om vi samanliknar med Måløy. Vi skal ikkje her gå lenger tilbake enn skattelikninga for 1946-1947. Då var det i Måløy i alt 18 personar som tente frå 17.000 kroner og oppover. Fabrikkeigar Audun Lem låg øvst med ei inntekt på nesten 88.000 kroner – ein svær pengesum i denne tida. I Nord-Vågsøy, derimot, var det ingen som tente over 13.500 kroner. Dei to som låg øvst, var klippfiskprodusentane Edvard Kvalheim og Daniel Vedvik. Deretter følgde Harald Hals, Oskar Sandvik og Daniel Sandvik, eigarane av motorkuttar ”Skongsnes”. Gjeve folk alt i hop, veit vi som hugsar dei, men ikkje på nokon måte rike eller velståande i vår betyding av ordet.

Sparsemd og nøysemd 

I den vestnorske fiskarbondekulturen langt ut mot havet måtte folk lære seg å vere sparsame og nøysame – å utnytte alle ressursar på land og hav, og sette eit eventuelt overskot i banken. Det er freistande å sitere ein forfattar som neppe er blitt så ofte sitert på bedehuset, og som helst er kjent for heilt andre ting, Agnar Mykle. I romanen Rubincon har han skildra forskjellen på sunnmøringen, som vel må seiast å vere nordfjordingen sin nærmaste slektning, og nordlendingen:

"Når en nordlending kommer hjem frå tokt, har han tjent 200 kroner (– dette var tidleg i 1950-åra!). For de 20 kjøper han et silkesjal til kjæresten, for de 180 kjøper han wienerbrød. Hans hemmelige valgspråk er: ”Man må da ha det litt godt her i livet. Når en sunnmøring kommer hjem frå et fisketokt, har han tjent 400 kroner. Han setter 400 kroner i banken. På same måte når han drar ut for å fiske. Han ikke bare vil og skal ha fangst – han må. Dette gir ham en fryktelig styrke. Sunnmøringen lever av det han fanger. Får han lyr, spiser han lyr. Får han brosme, spiser han brosme. Får han hyse, spiser, han hyse. Om toktet varer i 40 døgn, kan han spise fisk i 40 døgn. Kokt torsk til frokost, kokt torsk til middag og kokt torsk kvelds. Og han synes fisk er den beste mat som finnes. ”Fisk”, sier han andaktsfullt og folder hendene. I nødsfall lever han av å slikke regnvann frå skutedekket. Det finnes et ordtak i Trøndelag: ”Du kan spikre en sunnmøring på flate fjøsveggen, jammen lev’n og blir feit lell.”

Familiemønster og sosiale normer 

Likskapen i kystbygdene synte seg òg i familiemønster og sosiale normer. Familiane var ofte store. Seks-sju born var, i alle fall fram til mellomkrigstida, like vanleg som tre i dag. Enkelte hadde endå fleire. Sjølv om kyrkjegangen i denne perioden ikkje var like mannjamn som den hadde vore på 1800-talet, var familielivet for dei aller fleste enno tufta på kristeleg seg og skikk. Dermed er vi over på det tredje og siste særtrekket ved kystkulturen vi skal stanse ved: den viktige plassen som gudstenester og andre kristne samlingar, ja, heile det kristne livet, hadde i kystbygdene i eldre tid.

3. Kristenlivet i kystkulturen - bedehusa 

Dersom ein ser på lag og foreiningar på Vestlandet fram til den fyrste etterkrigstida, er det noko som slår ein: Mens det i dei indre bygdene var den frilynde rørsla med ungdomslag og mållag som slo best an, var det ute ved kysten misjonslaga for ytre og indremisjon som dominerte. Dette var mest tydlege i Hordaland der det var eit stort tal ungdomshus i Hardanger, men nesten ikkje eit einaste bedehus. Ute ved kysten var det heilt motsett, Fjell og Bømlo har såleis hatt 20-25 bedehus kvar, men nesten ikkje eit einaste ungdomshus. I Sogn og Fjordane var bedehusa og ungdomshusa færre og kom seinare, ofte fyrst etter krigen slik som her i Nord-Vågsøy. I staden brukte ein skulane i dei ulike bygdene til kristne møte, på Hals, i Vedvik, Refvik, Kråkenes, på Kvalheim og på Raudeberg. I tillegg kom foreiningsmøta, særleg kvinneforeiningane sine møte, kringom i heimane.

"Den mørke kyststripa" - ein myte 

Ein del skjønnlitterære forfattarar, men òg historikarar, har snakka om ”den mørke kyststripa”, prega av tung, pietistisk kristendom full av dømmesykje mot annleis tenkande. Det er neppe heile bildet, for ikkje å seie det sanne bildet. Dei fleste kritikarane kjenner i liten grad bedehuset frå innsida. Dei som gjort sine eigne erfaringar, er meir positive, sjølv om dei i ettertid ikkje har sokna til ”bedehusfolket”. Ein av dei er forfattaren Åse Marie Nesse, som har skildra korleis ho som niåring møtte ein emissær og forkynnar som har halde mange møte i våre bygder, Mathias Orheim. Møtet med den blinde lekpreikaren som spelte på fiolin og glas, til eigne tekstar og melodiar, gjorde inntrykk på et ungt barnesinn:

”Eg må ha vore ni eller ti år då Mathias Orheim kom til bygda. Folk gjekk mann av huse, store og små. Det var ei slags høgtid berre å sjå han. Håret var ein glorie av sølv om eit mildt og profetisk ansikt, det var tydeleg at han hadde nært samband oppover. Såg han oss verkeleg ikkje? Han tala som ingen annan vi hadde høyrt, ingen sat og vreid seg på benken og ikkje klødde det nokon stad. Barneauga vart større og større. Orda steig og fall i mjuke, rytmiske klangar, som bølgjer over Genesaret sjø når garna vart kasta. Dette var nok – ein menneskefiskar. Sanneleg song han ikkje også.

Det var så visst ingen dommedagsskremsler på bedehuset denne kvelden, berre lyse, lovande ord. Ennå var den beste vinen att til sist. Under over alle under. Bryllaupet i Kana var barnemat og blåbær mot dette. Mathias Orheim, blind som Samson, spela på glas! Alle i salen kunne sjå det var vatn i glasa, vatn i ulik høgd… Tonen som fløymde inn over vidopne sinn, var ikkje av denne verda. Davids harpe kunne ikkje ha gjeve meir lifleg lyd. Det låg eit gjenskinn av det nye Jerusalem over jordiske ansikt. Okergule vegger vart skinnande som seder og gull i Salomos tempel… Kva skulle ein gjere med så mykje lykke?”
 

Ikkje berre vestlandsfenomen - Nord-Noreg 

Midt i alvor og sjølvransaking var det rom for glede og lukke over å høyre til i ein slik fellesskap. Den pietistiske kristendomsforma som stod så sterkt i kystbygdene, var ikkje berre eit vestlandsfenomen. Den fanst også hos ein stor del av fiskeribefolkninga i Nord-Noreg. I nesten kvart einaste fiskevær i Lofoten vart det bygd bedehus allereie på slutten av 1800-talet, ofte på den måten at væreigaren gav grunn mens fiskarane bygde huset på dugnad. Seinare kom fiskarheimane til Den indre Sjømannsmisjon. Ein gamal fiskar i Finnmark fortalde i 1931 om korleis han heilt frå unge år var van med å takke Gud av kvar gong han kom frå sjøen:

”Når jeg var kommet hjem frå utferd på fisketur og satt i stuen og ventet på fisken eller annet som min mor kokte til kvelds, tok jeg salmeboken og sang en takkesalme. For jeg hadde sett og erfart farene på sjøen – som 17 års gut red jeg første gang båthvelvet på havet. En har derfor grunn til å takke Gud når man er kommet lykkelig fram."
 

Nordsjøområdet 

Den same inderlege tru og overgjeving i Guds varetekt fann ein langs kysten av Danmark, særleg på Vest-Jylland, i Sverige, i Nederland, i Frankrike, i Skotland og på Shetland, Island og Færøyane. I Skotland, for eksempel, var det ei stor kristen vekking på slutten av 1800-talet, der ikkje minst Frelsesarmeen spelte ei viktig rolle. På Færøyane song fiskarane alltid ein salme i ”robåttida”, både når dei rodde ut om morgonen og når dei kom til lands om kvelden. Mest brukt var salmen Jeg vil meg Herren lov (– som var med i Landstad Salmebok).

Med døden tett innpå 

Så kan vi spekulere på kvifor kristen tru og tanke ofte slo så sterk rot i nettopp kystdistrikta. Ei forklaring som er blitt brukt er den nære kontakten det ofte var mellom sjøfolk og fiskarar i Nordsjøområdet. Den kristne vekkingane kunne lettare spreie seg over havet enn over landejorda, slik kommunikasjonane var den gongen.

Noko kan det vere i dette. Men truleg var ei anna forklaring viktigare, nemleg dei spesielle leveforholda på kysten. Kystfolket sin kvardag innebar at mannen i lange periodar var borte på fiske, med eit farefullt og slitande yrke, mens var kona heime, med ansvaret for borna og arbeidsoppgåvene på garden. Ein viktig del av dette var at folk måtte venje seg til å leve med døden tett innpå seg – mennene på havet, kvinnene på land i angst og venting. Forlis og drukningsulukker førte til at mange ”bleiv på havet”, som ein då sa.

"Utrygge på framtida" 

I nyare tid vart drukningsulukkene færre. Men også etter andre verdskrig har det skjedd store forlis av fiskebåtar, som har kosta mange menneskeliv. I vårt distrikt er det naturleg å nemne forliset til ”Brenning”, snurparen frå Sørfold i Nordland som i 1956, på veg nordover etter avslutta vintersildfiske, gjekk rundt på Stadhavet med 20 mann, og berre ein overlevde. Denne hendinga skaka opp mange, og kanskje var dette litt av grobotnen for den siste store kristne vekkinga vi har hatt i våre bygder, med John Olav Larsen som forkynnar, kring 1960. På denne tida hadde også vintersildfisket, som hadde vore sjølve grunnpilaren i fiskeria, nesten teke heilt slutt etter mange gode år. Det var òg med på å gjere folk utrygge på framtida, og fekk mange til å stille ransakande spørsmål.

Kristen aktivitet etter krigen 

Blar vi i Fjordenes Tidende rett etter krigen, er det interessant å sjå kor mange kristne møte og samlingar som enno i denne tida gjekk føre seg kringom i bygdene. Vi skal her ta med eit par klipp frå 1947. Det eine er frå årsmøtet i Vågsøy Misjonsforening i den såkalla interimskyrkja på Hals, tyskarbarakka som ein måtte ta i bruk etter at kyrkja på Raudeberg brann ned etter lynnedslag i 1945:

"Vågsøy misjonsforening hadde et vellykket årsmøte – det 52. i rekken – på Halsøyr i går. Til gudstjenesten klokken 11 var den vakre og koselige interimskirke på det nærmeste fullsatt. Foreningens formann, lærer Barmen, åpnet og pastor Hope, utsending frå Bergen krets, forrettet og prekte – et varmt vitnesbyrd om dagens tekst om Nikodemus’ møte med Jesus. Gudrun Bakke sang vakkert.

Ettermiddagsmøtet ble åpnet av Reinhart Halsør. Årsberetning og regneskap ble opplest av formannen. Det viser seg at interessen for misjonen fremdeles er levende i bygdene våre og inntektene holdes godt oppe styret ble gjenvalgt. Så fikk vi et lite, men godt glytt frå misjonsmarken ved frk. Fitje frå Gloppen. Hun er nylig hjemkommet frå Kina. En gild stund. Til slutt talte pastor Hope igjen.

I matpausen fikk en kjøpe god og rikelig mat, gitt av bygdefolket i Halsøyr. Det ble også anledning til en tur i den herlige natur som bygden der ute er beriket med på denne tid, omkranset av skogen som stod i fullt flor – kanskje den vakreste bygd på hele Vågsøy. En rik og god dag var til ende og alle reiste heim med et godt minne rikere.”
 

Bedehus på Kvalheim 1947 

Same året vart bedehuset på Kvalheim innvigd. I referatet heitte det at aldri tidlegare hadde det vore så mange tilreisande i bygda:

"Fra alle nærmeste distrikter strømmet folk til Kvalheim i går for å overvære innvielseshøytideligheten (…) Gående, bilende og roende kom folk fra alle kanter, så huset var mer enn fullt da høytideligheten tok til i 11-tiden. Vilhelm Kvalheim ønsket velkommen og misjonær Hannisdal talte over dagens tekst. Misjonær Staurset foretok så den høytidelige innvielse av huset. (…) Sangkor fra Kjøllesdal, Nord-Vågsøy og Måløy deltok og brakte flere sanger. (…) Et stort oppofrende arbeid ligger bak, men det viser seg at tunge taes med letthet når enighet er til stede og alle løfter i flokk.”

Framleis opning for bedehusverdiar 

I dag er denne tida slutt, og vi kan lure på om ho kjem tilbake. Mange ser ut til å ha lite til overs for det som har med misjon og kristeleg arbeid å gjere. Det pregar også styresmaktene og deira politikk for skule og opplæring. Men framleis er det opning for det gamle evangeliet om lov og evangelium, synd og nåde, som bedehuset representerer. Vi skal avslutte med ein mann frå Refvik, som eldre folk framleis hugsar eller har høyrt om: Abraham Andersen Refvik, eller Prærie-Abraham, som han gjerne vart omtalt.

Prærie-Abraham - første utvandraren frå Refvik 

Denne Abraham var den fyrste frå Refvik som utvandra til Amerika. Den 28. mai i 1885 reiste han med båt frå Bergen til landet i vest. I Amerika arbeidde han på store farmar og lærte amerikansk jordbruk. Men i motsetning til dei fleste slo ikkje Abraham seg ned i Amerika for godt. Etter nokre år kom han tilbake. Så drog han bortover igjen i 1897. Men då han andre gongen kom tilbake frå Amerika, vart han verande i Refvik, til han døydde i slutten av 1920-åra. Abraham vart aldri gift, og i Refvik han budde i ei lita stove hos denne Inger, som er nemnt tidlegare. Det hadde nok samanheng med at Abraham var bror til fyrste mannen til Inger.

Kom tilbake - underviste i jordbruk 

Prærie-Abraham var elles ein svært dugande mann. Etter at han kom heim frå Amerika, reiste han rundt i heile Nordfjord og underviste i moderne jordbruksmetodar. I 1921 gav han ut ei lita bok eller hefte med tittelen Rettleiing i praktisk jordbruk. Det var nok dette som gjorde at han dekk tilnamnet ”Prærie-Abraham”. Som ung hadde han planar om å utdanne seg til prest, og han begynte faktisk òg å studere teologi i Amerika. Uvisst av kva grunn fullførte han ikkje desse studiane. Kanskje på grunn av sjukdom, kanskje på grunn av at han mangla økonomiske midlar. Det veit vi ikkje sikkert.

Sterk gudstru 

Heile livet hadde likevel Abraham ei sterk gudstru. Til jul i 1927, ikkje så lenge før han døydde, gav han eit nytestamente til Inger og mannen, eit nytestamentet som framleis er i slekta si eige. På innsida av permen står det følgjande:

"Julegave for året 1927.
Fra Abraham Andersen Refvik
Til Didrik Samsonsen Refvik og hustru Inger Hansdatter Refvik

”Den som rører Eder, rører ved hans Øiesten.” (Sakarja, 2.12)

Hvem kan utgrunde et sådant lodd at være seg Gud så dyrebar. Hvor må ikke juleglæden blive stor ved at tænke på barnet i krybben, at det er for Jesu blod skyld dere får klynge dere fast til deres Herre og Gud, at all deres rett til Guds nåde og himmelens arv hviler i Kristus og hans død for dere.”
 

Som eit vitnesbyrd om livssyn og haldningar i kystbygdene i denne periode kan det vere ei passande avslutning.
(Så langt Karl Egil Johansen)

Tillegg - merknader: 

1. Min båt er så liten og havet så stort
Den første lina i ein tidlegare mykje brukt barnesong:
Min båt er så liten og havet så stort
men Jesus har grepet min hånd
Når han styrer båten, så går det så bra
på veien til himmelens stad

2. Personopplysningar
Karl Egil Johansen har nokre personopplysningar knytta til eiga slekt. Oppsettet her har med nokre tilleggsopplysningar:
a) tippoldeforeldre:
Hans Olsson, fødd ca 1824, i 1865 busett i Torskangerpoll, omkom mellom 1870 og 1875, gift med
Ingeborg Knutsdotter, fødd ca 1825

b) oldeforeldre
Inger Oline Hansdotter Goteberg, fødd 1861, kom i teneste på Kvalheim, gift 1. gong med Ingebrigt Refvik (døydde 1891, 33 år gammal), gift 2. gong med
Didrik Samsonson Refvik

c) besteforeldre
Isak

d) foreldre

e)
Karl Egil Johansen
 

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR