Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. november 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Holsen bedehus



Bedehuset i Holsen står tett attmed riksvegen på garden Fleten om lag ein kilometer utom kyrkja. Huset stod ferdig i 1908. Det var eit eldre skulehus, bygd 1862, som vart flytta frå staden Svåra like nedom skulen, ikkje langt frå kyrkja.

Holsen bedehus 2008. Sjølve huset vart reist i 1908, tilbygget i aust i 1943, og  inngangspartiet i vest før 1925.

Holsen bedehus 2008. Sjølve huset vart reist i 1908, tilbygget i aust i 1943, og inngangspartiet i vest før 1925.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Utvendig 

Holsen bedehus, bygd 1908, står på garden Fleten på nordsida av Holsavatnet. Det opphavlege huset har to tilbygg, ein kor i aust (1943) og eit inngangsparti på nordsida. Huset vart fullt innreidd med kjellar (1970-åra) der det er kjøken, toalett og lagerplass. Dei originale vindauga er skifta ut med nye, smårutete.

Innvendig 

Huset er innreidd med to salar; Instesalen (kring 7 meter x 6) og Ytresalen (kring 3,5 meter x 6) . Dei kan gjerast om til ein sal ved å opna foldedører i opninga der det opphavleg var fire dører. Instesalen har måla tømmervegger, medan Ytresalen har fått nyare panel. Instesalen har panelt himling som rundar av mot mønet. Opninga inn til koren kan òg stengjast av med foldedører. Talarstolen står i opninga, og veggen bak er utsmykka med broderte bibelord og eit stort vevd teppe. I koren står bedehuset sitt piano.

Over kordøra er sett opp ei maleri med motiv Jesus går på vatnet, etter hendinga på Genesaretsjøen då Jesus stilte stormen. Biletet er laga av Karl Seim frå Kinn. Korveggen er elles utsmykka med to broderte bibelord. På veggen mot Ytresalen heng eit stort applikert teppe med stort stjernemotiv. Utsmykking av meir profan karakter er to fotografiske bilete, det eine av lærar Olai Ålen (lærar og kyrkjesongar i Holsen 1898-1899), det andre av ungdomslaget, teke ved 25 årsjubileet i 1923.

Aktivitetar 

Leif Nydal fortalde i 2008 at det kristelege ungdomslaget som vart skipa i 1898 er nedlagt, sameleis indermisjonsforeininga. Kvart år vert det skipa til to juletrefestar. Juletrefastane har lang tradisjon. Den 30. desember 1908 vart huset innvigd med juletrefest. Kjellaren var ikkje ferdig, men det gjekk greitt å ordna med koking. Det blir halde basarar, og av og til møte ved tilreisande. Elles blir huset nytta ved bryllaup, konfirmasjonar og gravferder. Det har òg vore halde 17. mai-festar, sløydkurs (1956) og sykurs.

Tomt i 1907 

Det var Anna Larsdotter Fleten som i 1907 festa og bygsla byggjetomt til Holsen Indremisjonsforeining og Holsen Kr. ungdomsforeining ved festedokument, datert 2. februar 1907. Tomta låg på garden Fleten, gardsnummer 10, bruksnummer 1, på øvre sida av bygdevegen, rett aust for Holsen meieri. Tomta var 12 alner (9,24 m) brei, 23 alner (16,12 m) lang, og vart festa gratis utan årleg avgift til dei to foreiningane. Tomta skulle nyttast til oppføring av "et offentlig forsamlingslokale", og det var eit vilkår at det skulle byggjast hus innan 2 år.

Branntakst 1909 

Den 4. januar 1909 var takstmenn frå Førde gjensidige Brandforsikringsforening på garden Fleten for å halda branntakstforretning over "Holsen private Forsamlingshus". Det går fram at "forsamlingshuset" var oppført av tømmer med bordkledning. Taket var tekt med skifer. Huset var 11,3 meter langt, 7 meter breitt og 2,9 meter høgt til taket.

Huset var innreidd med to rom som kunne gjerast om til eitt ved å opna 4 dører. Det var 7 vindauga, eitt takvindauga (ljoreopning) og ei inngangsdør. Under sperra var det bordkledd i kvelva form. Vegger, dører og vindauga var måla. Huset hadde 1 pipe og 3 omnar. Elles hadde huset kjellar som ennå ikkje var innreidd.

Lover for Holsen kristelege ungdomslag 

Det føreligg lover for Holsen kr. ungdomslag, datert 17. november 1898. Paragrafane 1,2 og 5 seier kva føremålet er, på kva måte laget skal arbeida og kven som kan verta medlemmer.

Paragraf 1: "Holsen kr. ungdomslag har til hensikt på Guds ords, og den lutherske kirkes bekjendelses grund at fremme levende gudsfrykt samt kristelig og folkelig oplysning, samt god samfundsånd blant unge og eldre inden nevnte ungdomslag."

Paragraf 2: "Denne hensikt søges nået ved a) sammenkomster til opbyggelse af Guds ord, b) afholdelse af foredrag over almennmenneskelige emner, c) oplesing af gode fortellinger og skildringer, d) festlige sammenkomster, e) sang, f) utbredelse af kristelige skrifter der kan tjene til ungdomslagets formål, g) diskusjon, h) et handskrevet blad "Ungdom".

Paragraf 5: "Medlem af foreningen er hver mand og kvinne som innmelder sig hos bestyrelsen, bet. årlig kontingent 0,25, samt forplikter sig til a) flittig brug af de i paragraf 2 nevnte midler, b) troskab og flid i sit jordiske kald, c) en ordentlig og rettskaffen vandel, samt ungåelse af slett selskab og natteløberi."

Lover for huset 

Lover eller statutter for "det kombinerede bedehus og ungdomshuslokale i Holsen" blei vedtekne på eit offentleg tillyst møte i Holsen skulehus 3. mars 1907. Både nemninga på huset og innhaldet i lovene ber bod om breiare bruk av huset enn berre "oppbyggelse, bøn, sang, opplesning, [og] samtale." Etter paragraf 6 kunne huset - etter løyve frå "bestyrelsen" nyttast til "foredrag af almenmeneskelig slag, så som landbrugsforedrag, (…) afholdsforedrag, politiske foredrag, m.m." Lovene gav og høve til å halda kortare eller lengre kurs, så som "aftenskole, forsettelsesskole, husflidskurser, søndagsskole og "lignende"."

Indremisjonen skulle til ei kvar tid ha førsterett til å nytta huset både til møte haldne av "indremissionens medlemmer" i bygda, og til møte med tilreisande, så som "prester, misionærer, emisærer eller lægmenn." Vilkåret var at dei stod på "bibelens og den lutherske bekjendelses grund."

kjelder:

Munnleg informasjon frå: Leif Nydal, Holsen. Dokument i avskrift ved Inge Eikesund. Førde gjensidige branntrygdelag: Takstprotokoll

PERMANENT IDENTIFIKATOR