Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Løken - frå skrivargard til kultursenter



I bygda Naustdal i Eid kommune ligg garden Løken, på austsida av utløpet til elva Hjalma. Garden var i mellomalderen sete for ei stormannsætt, og vart på byrjinga av 1700-talet sorenskrivargard. På 1960- og 1970-talet vart det gjort ein del restaureringsarbeid på hovudbygningen, og i 1974 vart garden kjøpt av dei noverande eigarane. Frå 1976 til 1996 heldt Leikvin Kultursenter til i hovubygningen.

Gardstunet på sorenskrivargarden Løken i 1904. Det låge huset framfor hovudbygningen er borgstova, som vart riven i 1950-åra. Midt på biletet står sorenskrivar Brøgger og Anton Reed.

Gardstunet på sorenskrivargarden Løken i 1904. Det låge huset framfor hovudbygningen er borgstova, som vart riven i 1950-åra. Midt på biletet står sorenskrivar Brøgger og Anton Reed.

Eigar: I Jul i Nordfjord 1984.

Datering: 1904.

Fotograf: I. Hellebust.

Gammal gard

Opphavleg skal namnet på garden vera Leikvin. Eit namn som syner at staden har vore ein samlingsplass og eit kultursentrum for folk i førkristen tid. Her kom folk saman til leik, idrett og andre aktivitetar. Garden er ein av dei eldste i bygda, men her er ikkje funne fortidsminne.
I mellomalderen var garden sete for ei stormannsætt. Løken var ættegarden til Einride Simonson Lagmann, lagmann i Bergen 1300-1330. Også i tida etter reformasjonen var garden adelsgods, med Claus Brockenhus som eigar i 1626. Frå 1651 og ut 1600-talet var Løken eigd av bergenske byborgarar. I 1690 busette sorenskrivar Jacob Henrichsen seg på garden.

Sorenskrivargard

Kristian IV ville skaffa sorenskrivarane passande embetsgardar av krongodset. Fleire stader let dette seg ikkje ordna og sorenskrivaren kjøpte seg då ein gard for eiga rekning. Han måtte få særleg løyve til dette, og desse såkalla frigardane var fritekne for ein del skattar. I 1700 vart Løken kjøpt av sorenskrivar Peder Clausson Paust, og seinare selde enkja, Margrete Dortea Kjær, garden til sorenskrivar Povel Schonvig. Då ser det ut til at garden er etablert som sorenskrivargard.
I 1756 overtok sorenskrivar Laurits Stub garden og overlet seinare både garden og embetet til sonen Johan Daniel. Det var Johan Daniel Stub som kring 1790 sette opp den noverande hovudbygningen. Byggmeister var Ola Olsen Nord, som også bygde Boalthgarden på Gjerde i Eid. Bygningen er 27 m lang og 11 m brei. Interiøret vart både standsmessig og tidsmessig utstyrt. Salane i huset vart m.a. pryda med hollandske tapetmåleri og dekorasjonar i hyrdestil måla direkte på veggene. Hovudbygningen på Løken har ei samla golvflate på kring 600 m².

I statleg eige

I 1803 vart sorenskrivargarden på Løken selt på auksjon til diktarpresten Claus Frimann i Davik. Garden var i familien Frimann si eige til han på ny vart seld på auksjon i 1846. Også i perioden 1803 til 1846 budde det sorenskrivarar her, sjølv om garden var eigd av andre. Sorenskrivar Huitfeldt kjøpte garden i 1846 for 1300 spesidalar og selde han i 1862 til staten ved Opplysningsvesenets Fond for 5500 spesidalar. Løken vart då offentleg sorenskrivargard, noko som varte fram til 1957. Her hadde sorenskrivaren både bustaden og kontoret sitt. I perioden mellom 1700 og 1957 budde 20 av dei 32 sorenskrivarane i Nordfjord på Løken.
Naustdal og Løkjaneset var tidlegare ein sentral stad i Nordfjord, men endringane i kommunikasjonane gjorde at Nordfjordeid overtok som sentrum. Difor vart sorenskrivarkontoret flytta dit i 1957, og ny sorenskrivarbustad var bygd der. Embetsmannsgarden på Løken vart same året selt til Eid kommune.

Verneverdig

Dei store kulturverdiane som stod att på Løken då sorenskrivaren flytta til Nordfjordeid var det nokre som meinte ein måtte ta vare på. Dei måla tapetane i storstova i våningshuset med romantiske og dramatiske landskaps- og figurscenar var særleg interessante kulturminne. Her fanst dører, listverk og låsbeslag av høg kvalitet, prega av ein stilmessig overgangsfase frå barokk til rokokko. Hovudinngangsdøra og partiet rundt denne var også verneverdig. Her fanst i tillegg mange andre vakre dekorasjonar som var verdt å ta vare på. Diverre vart noko av heilskapspreget øydelagt både innvendig og utvendig då dei i 1897-1898 erstatta nyrenessanse-vindaugo med krysspost.

Sorenskrivargarden vart ståande tom etter 1957. Riksarkitekten skreiv i sin rapport at huset var for makkete til å lata seg reparera. Justisdepartementet var villige til å redda visse bygningsdelar som museumsgjenstandar. Kommunen ved ordførar Berge Smørdal fekk i stand eit samarbeid med Fortidsminnesforeningen si avdeling i Bergen og fekk gjort ein del reparasjonar alt i 1958. Dei verste lekkasjane vart tetta. I 1962 fekk Fortidsminnesforeningen løyvd pengar frå fleire offentlege institusjonar til å foreta ein del nødvendig istandsetjings- og tryggingsarbeid. Tapetane vart restaurert og dørene og brannmuren fekk attende dei opphavlege fargane. Bygningen vart også måla utvendig. Huset var redda, men nokon plan for framtidig bruk av det fanst ikkje.

Kultursenter

Då dei fleste hadde gitt opp håpet om å få til ei ideell løysing på bruken av den gamle sorenskrivargarden melde kunstnarparet Inge Rotevatn og Siv Jørstad i 1974 si interesse for å kjøpa han. Dei la fram planar for kva dei ville bruka huset til. Dei ville bruka det både som bustad, atelier, lokale for skiftande kunstutstillingar, konsertar og mindre teater-framsyningar. Slik kunne huset, dette sjeldne minnesmerket, bli ein sentral del av kulturtilbodet i lokalsamfunnet. Rotevatn fekk positive reaksjonar frå både Eid kommune, Norsk Kulturråd og Riksantikvaren. Han fekk tilbod frå kommunen om å overta eigedommen til odel og eige for 100 kr. "Du og huslyden din kjem som englar frå himmelen," sa ordførar Lars Myrvold.
Pengar til restaureringa av storstova, salen og det blå kabinettet vart løyvt av Riksantikvaren. Kulturrådet løyvde pengar til utstillingslokale, atelier og verkstad, og finansieringa av bustaddelen gjekk gjennom Husbanken.

Sommaren 1975 flytta huslyden Rotevatn/Jørstad inn i Leikvin, som dei kalla eigedommen. Hausten 1976 vart utstillingslokala og salen i andre høgda opna for publikum. Året etter vart kabinettet og salen i første høgda opna. 13. november 1977 vart fyrste utstillinga opna, ei minneutstilling av kunstnaren H. W. Singer. Formidling av biletkunst vart prioritert, men også annan kulturformidling som konsertar, lyrikk, viser og song skulle det vera rom for. Ekteparet Inge Rotevatn og Siv Jørstad dreiv Leikvin Kultursenter frå 1976 til 1996, og i tillegg opna dei eit museum for jorbruksreiskapar i den gamle fjøsbygningen. Dei har fått Fylkeskulturprisen og Eid kommune sin kulturpris for arbeidet sitt på den gamle sorenskrivargarden.

På midten av 1990-talet la dei ned kultursenteret etter 20 års drift. Det hadde vore eit postivt tiltak, men no ville Rotevatn og Jørstad ha litt meir tid til å driva med sin eigen kunst. Dei bur framleis på Leikvin og det ser ut til at neste generasjon vil overta eigedommen. Rotevatn er medlem av Landsforeningen for fredede bygninger i privat eie. I 2002 løyvde Riksantikvaren 25 000 kr til måling av hovudbygningen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Nordfjord - Fraa gamle dagar til no - II. Einskilde bygder - I. Eid-Hornindalen. Bergen 1909.
Lavik, Per Jahn: Løken i Eid - skrivargard og kultursenter. Artikkel i Jul i Nordfjord 1984.
Jol i Nordfjord 1984: Leikvin- kultursentrum med tradisjonar. Intervju med Inge Rotevatn.
Munnleg informasjon frå:
Inge Rotevatn, Leikvin, Eid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR