Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 23. januar 2019

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

DS «Fiskeren» forliste ved Stabben fyr 1890



Stabben fyr ligg ved innseglinga til Florø. Opp gjennom åra har mange fartøy havarert tett attmed fyret eller like ved. Natt til 26. september 1890 grunnstøytte dampskipet «Fiskeren» ved Stabben. Folka på fyret bråvakna og trudde det var torevêr eller jordskjelv.

Stabben fyr i skipsleia ved Florø, bygt 1867. Dampskipet «Fiskeren» grunnstøytte kloss i fyret natt til 26. september 1890. Noko av fyrbygningen blei skadd. Vraket blei heva sommaren 1892.

Stabben fyr i skipsleia ved Florø, bygt 1867. Dampskipet «Fiskeren» grunnstøytte kloss i fyret natt til 26. september 1890. Noko av fyrbygningen blei skadd. Vraket blei heva sommaren 1892.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Stabben fyr

I Frode Klokkernes si bok Flora. Frå hav til bre (1985), står fylgjande om Stabben fyr, staden der dampskipet «Fiskeren» forliste ei septembernatt 1890:

Stabben fyr, ja, det er eit velkjent namn for dei som reiser langs kysten vår. Stabben ligg midt i den indre skipsleia ved innseglinga til Florø, og er eit av dei mest sermerkte fyr på heile norskekysten. Farvatnet kring Stabben er svært ureint og straumen sterk, og det er difor få stader langs leia det har vore fleire havari enn nettopp her. Stabben fyr vart bygt i 1867, og heilt fram til 1975 budde det folk fast på denne vesle forblåsne steinknausen like utanfor Florø.

Kystruteskip

Dampskipet «Fiskeren» tilhøyrde Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS/Vesteraalske), Stokmarknes i Vesterålen. Skipet var bygt ved Stavanger Støberi & Dok, år 1884, som byggnummer 7, for rederiet Soggendals Dampskibsselskab, Sogndal i Dalane, Rogaland. Rederiet gjekk konkurs og VDS kjøpte skipet i 1887, bygde det noko om, og sette båten i kystrutefart mellom Senja/Vesterålen/Lofoten og Bergen. «Fiskeren» var eit skip på snaue 500 brutto reg. tonn som frakta passasjerar, post og stykkgods. (Til samanlikning var «Fiskeren» noko mindre enn Fylkesbaatane sin «Nordfjord 1», bygd 1915).

«grundstødte i Nat»

22. september 1890 hadde Bergens Tidende annonse om skipsrute frå Bergen, torsdag, 25. september, med avgang om morgonen kl. 04.00. Dampskipet «Fiskeren» skulle gå til Lofoten, Vesterålen og Senja. Det gjekk ikkje som planlagt. Avgangen frå Bergen må ha vorte utsett til torsdag ettermiddag/kveld, og om natta grunnstøytte «Fiskeren» ved Stabben fyr.

Aviser i heile landet melde om forliset, til dømes, Aftenposten, Kristiania, same datoen, med telegram frå NTB som kjelde: «Fiskeren» sunket. Florø 26de Septbr. Dampskibet «Fiskeren» der grundstødte i Nat paa nordgaaende, er nu sunket på 12 Favne Vand. En del af Forskibet stikker over Vandet. Kun en ringe Del af Ladningen, hvoraf meget var uassureret, er reddet. Det blæser en Kuling af vest.»

Omtale i Romsdals Amtstidende

Meldingane i avisene var stort sett korte, men Romsdals Amtstidende hadde 9. oktober, om lag to veker etter forliset, meir utførleg omtale, med «Korrespondance» (brev) til Kristiansands Tidende, som kjelde. «Korrespondancen» er tydelegvis skriven før «Fiskeren» glei ned frå grunnen og sokk, same datoen som båten grunnstøytte.

«Omtrent ½ Mil fra Florø ligger Stabbens Fyr, bygget paa en Holme saaledes at Fyrvogteren ingen Vei kan komme uden i Baad, naar undtages en Altan, der er bygget rundt Fyret. Stabben er et 3die eller 4de klasses Fyr og Indseilingsfyr til Florø.

Kl 2 Nat til Fredag den 26de Septbr. Stødte Dampskibet «Fiskeren», Kaptein Nielsen, tilhørende Vesteraalske Dampskibsselskab paa selve Stabben med fuld Fart (ca 10 Mil) saaledes at Skibet staar paa tørt Land omtrent til Midskibs.

«Fiskeren» kom fra Bergen og skulde til Nordland. Kapteinen og Lodsen var begge paa Kommandobrættet [brua]. Stærk Storm og Strøm har formodentlig foraarsaget Ulykken. Thi begge havde seet Fyret og et i Nærheden liggende Undervandsskjær

Passagererne, ca 10 Stk., landsattes paa Fyret, hvor de forblev Natten over, indtil Dampskibet «Nordfjord» om Morgenen indbragte dem til Florø.

Stødet skal have været saa stærkt, at en af Mandskabet skal være slemt tilskadekommen. Folkene i Fyrvogterboligen troede det var Torden eller Jorsdskjælv; men ved nærmere Eftersyn viste Dampskibets Toplanterne sig klods i Vinduet.

I Sandhed et meget uvæntet Besøg! Trappen og en Del af Altanen paa Fyret blev knust. Kl. 11 om Formiddagen afgik Dampskibet «Balder» [frå Florø], fuld af skuelystne, til mulig Assistanse. «Fiskerens» Forrum var fuld af Vann, hvorimod det intet var i Salonen. Ca. 20 Parafinfade kastedes over bord og indbjergedes af «Balder».

Det skal være meget at befrygte, at Dampskibet vil glide af, og det synker i saafald paa 12 a 13 Favne Vand.

Efter Forlydende er «Fiskeren» assureret i Bergens Dampskibsassuranceselskab for 160,000 Kroner.

Vraket heva og sett på slipp for reparasjon

«Et sørgeligt Syn var det at se det præktige Skib i en saa ynkelig Forfatning» stod å lesa i ei av avismeldingane. Vraket vart liggjande og assuransesum utbetalt til reiarlaget. Men tida var ikkje ute for seks år gamle «Fiskeren». Olsens Dykkerselskab Bergen kjøpte vraket for 100 kroner, fekk det heva (1892) og slept til Bergen. Nesten tre år etter forliset , 13. juni 1893, hadde Norges Sjøfartstidende, med Bergensposten som kjelde, ei notis om status for det tidlegare «præktige Skib», no teke opp på Møhlenpris Slip [Møhlenpris mek. Værksted] for reparasjon. På framskipet var botnplatene borte; og holet så stort at det hadde vore uråd å tetta det. Skroget vidare akterover var fullt av «Buler, Huller og Revner», og heile akterstamnen slegen inn, så «Skibet er nærmeste for et Sold at regne.»

1895 - «i alle Dele tidsmæssigt»

Vinteren 1895 kjøpte firmaet Meinich & Co (Christiania Kystdampskibsselskab) det endå ikkje ferdig reparerte dampskipet «Fiskeren». Eigaren overtok fartøyet frå skipsverftet i august, og sette det kort tid etter (ca 20.08.) inn i rute Kristiansand - Frederikshavn, Danmark, nå under namnet «Harald Haarfager» (stadfesta i H. res. 03.09), - et i alle Dele tidsmæssigt og komfortabelt Passasgerdampskib ..».

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Rydheim, Per: Vesteraalske – Vesteraalens Dampskibsselskab 1881-1988. Fusa Dampskibsexpedition, 2015


Bergens Tidende 22.09.1890


Aftenposten 26.09.1890


Romsdals Amtstidende 09.10.1890


Norges Sjøfartstidende 13.06.1893

PERMANENT IDENTIFIKATOR