Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vadheim - Sandane: Frå hesteskyss til rutebiltransport



Då bilen kom tidleg på 1900-talet, var det stor skepsis til "automobilkøyring" i heile fylket. Dei fleste kommunane nekta bilkøyring grunna for dårlege veger. Trass i motførestillingane vart det i 1911 for første gong gitt løyve til rutekøyring mellom Vadheim og Sandane. Den 5. juni 1913 køyrde det nyskipa selskapet, A/S Fjordenes Automobilselskap, sin første tur.

Dette var den første bilen A/S Fjordenes Automobilselskap kjøpte i 1913. Passasjerane er på veg til Breim, der dei skulle ta motorbåten inn til Førde. 21 personar sit på lasteplanet. Dei første bilane var små lastebilar. Når dei vart nytta til persontransport, vart det sett benkar eller stolar på lasteplanet. Olai Farsund, frå Førde, var sjåfør. Han var ein av dei dei første sjåførane i selskapet.

Dette var den første bilen A/S Fjordenes Automobilselskap kjøpte i 1913. Passasjerane er på veg til Breim, der dei skulle ta motorbåten inn til Førde. 21 personar sit på lasteplanet. Dei første bilane var små lastebilar. Når dei vart nytta til persontransport, vart det sett benkar eller stolar på lasteplanet. Olai Farsund, frå Førde, var sjåfør. Han var ein av dei dei første sjåførane i selskapet.

Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen. SFFf-1989004.0144

Datering: 1913.

Fotograf: Ukjend.

Aukande turisme

Turismen auka monaleg fram mot 1900. Det viser dei mange hesteskyssløyva som vart gitt mellom 1906 og 1911 for strekninga Vadheim-Sandane. I 1906 fekk 50 løyve til å driva hesteksyss. I 1911 hadde dette auka til 70 løyve. Då bilen vart introdusert ved inngangen til 1900, var det fleire som såg at fast rutekøyring med "automobil" kunne bli ei stor inntektskjelde. Den første søknaden om rutekøyring mellom Vadheim og Sandane kom i 1908. Både fylket og kommunane det galdt, avslo søknaden med dårlege vegar som grunn. Kommunestyret i Førde vedtok samrøystes i 1911, at vegane i kommunen ikkje var skikka for biltrafikk.

A/S Fjordenes Automobilselskap

Eit nytt forsøk frå turistnæringa på å skipa eit ruteselskap, førte til at fylkesmann Ingolf Christensen, i 1911, likevel gav løyve til rutetrafikk mellom Vadheim og Sandane. Men løyvet vart gitt på særeigne vilkår. Ingen stader skulle trafikkerast meir enn ein gong dagleg, og berre trafikk etter ruta vart tillate. Førde kommune kravde og at selskapet heldt vegvaktarar på hovudvegen. I oktober 1912 vart A/S Fjordenes Automobilselskap skipa. Hotellnæringa var drivkrafta i føretaket. Den første turen gjekk 5. juni 1913. Turen tok sju timar. I 1914 søkte A/S Vadheim Automobilselskap om løyve til ei bilrute langs den same ruta, men fylkestinget ville ikkje gi løyve til eit nytt selskap.

Varer eller turistar?

Det var misnøye med A/S Fjordenes Automobilselskap. Jølster kommune meinte at selskapet konsentrerte seg for mykje om turisttrafikken, medan dei hadde trong for skikkeleg varetransport for bygda. I 1913 freista difor Jølster å skipa sitt eige selskap, men med fylkesmannen sin medverknad vart det semje om at A/S Fjordenes Automobilselskap skulle ordna varetransporten på ein meir tilfredsstillande måte. Mellom anna vart ein 1,5 tonns lastebil kjøpt inn.

Jølster allierte seg med vegdirektøren

No var ikkje jølstringane nøgde med dette og jobba vidare for å få sitt eige selskap. Med draghjelp frå vegdirektøren og Arbeidsdepartementet greidde dei å skipa Jølster Kommunale Automobilselskap 12. april 1920. No var det ein del vanskar før dei fekk starta opp køyringa. Mellom anna var dei første lastebilane breiare enn det som var lovleg, men det ordna sjåføren ved å banka inn skvettskjermane på framhjula.

Monopolisering av rutekøyringa

Sommaren 1920 var det tre bilselskap som trafikkerte strekninga mellom Vadheim og Sandane og ein del sidevegar; to kommunale og eitt privat selskap. I Gaular kommune fanst det eitt privat selskap, som opererte frå 1911. I trafikkplanen av 1919 gjekk fylket inn for at fylkeskommunale selskap ville vera den beste løysinga for å tena utviklinga i heile distriktet. Fylkesbaatane si drift var nok her eit føredøme. Resultatet vart ei interkommunal løysing. Fylkesmann Christensen la heile si tyngd i å få dette til. Breim, Jølster, Førde og Gaular gjekk med i det nye interkommunale billaget som vart heitande Firda Billag. Gloppen og Kyrkjebø kommunar takka nei, men kom med frå 1934. Selskapet overtok fem personbilar, ein lastebil, fire varebilar, garasje på Sandane og på Skei og elles alt materiell som fanst. I tillegg kjøpte dei inn to nye ti-seters personbilar. Køyringa byrja 27. april 1921.

Grinder og grindagutar

Kvar sjåfør hadde sin eigen grindagut. Det kunne vera fleire titals grinder berre på nokre få mil. Når bilen nærma seg ei grind hoppa guten av i fart. Grindaguten sat ofte på verktøykassa på stigbrettet. Heilt billeg var ikkje ein køyretur. Mellom Vadheim og Førde kosta turen 8 kroner, og Førde-Sandane kosta 12 kroner. Til samanlikning fekk bøndene kr 6,50 for 1 kg gardssmør og 45 kroner for ei famn med bjørkeved. Ut over 1930-åra byrja grindene å forsvinna langs vegane i fylket, då bøndene byrja å settja opp gjerder langs vegane.

Vinterruter frå 1928

Dei første tiåra gjekk rutene berre åtte månader i året. Om vinteren var det transport med hest og slede. I byrjinga var det nok lita trong for rutekøyring om vinteren, då turisttrafikken var konsentrert til sommarmånadene. Men etter kvart som rutetransporten også vende seg mot den lokale marknaden - kom behovet for køyring om vinteren. I 1928 byrja billaget å brøyta vegen, og dei byrja med vinterruter. Også varetransporten auka monaleg fram mot 1920-åra. I 1921 utgjorde godstrafikken med bil over 1000 tonn gods. I 1920-åra vart det gitt fleire løyve til rutekøyring, då fleire vegar vart bygde. I trafikkplanen av 1919 vart det sagt nokså klårt, at dalføre med fem mils veg til sjøen "snarest mulig maa utstyres med automobilkjørsel".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Førsund, Finn Borgen: Transport mellom fjordar. Firda Billag 1920-1995. A.s Verbum Grafiske 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR