Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ryestøylen



Ryestøylen ligg i skoglia aust for tuna i ei høgd på ca. 375 m o.h. Han er støl for Rye, gard nr. 51, i Gloppen. Mot nordaust ligg Føleidsstøylen, med berre eit gjerde mellom stølsvollane. Dei eldre stølshusa ligg samla bortsett frå bruk 2 som har ført opp eit nyare sel på sin eigen skogsteig ca. 100 m frå.

Stølshus på Ryestøylen med sel oppe. Sett frå Føleidsstøylen.

Stølshus på Ryestøylen med sel oppe. Sett frå Føleidsstøylen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

I tidlegare tider måtte både folk og fe bruke råsa til stølen. Men hest og slede vart bruka til tyngre ting, m.a. til å køyre heim gjødsla frå fjøsane. No går det lett med ein km skogsbilveg og 1,5 km skogstraktorveg.

Bruk av stølen

Gjennom lange tider hadde brukarane samarbeidd nært i stølsdrifta. Såleis held dei alle til i selet som var oppført på fjøset til bruk nr. 1. Dette var ei gammal stove som vart flytta kring 1890. Bileta viser at det berre var ei enkel trapp oppetter fjøsmuren. Det var ope utsel. Kring 1940 viser biletet at utselet var innebygt. I 1935 bygde bnr. 2 og 3 sine eigne sel.

Dei flytte til støls rundt jonsok. Driftsopplegget var som vanleg med at budeiene gjekk opp mot kveldstid for å mjølke. Dei overnatta, mjølka tidleg og kom heim om lag til frukost. Der var dei med i gardsarbeidet før det vart å fare oppover på nytt. På denne stølen gjødsla dei ikkje stølsvollen, og dei slo heller ikkje høy, etter det dei kjenner til. Derimot køyrde dei gjødsla heim og bruka den på åkrane. Kring 10. september flytta dei heim. I 1950-åra kan ein seia det var slutt med stølsdrifta.

Klepp kallast ein flat bakke kring 1/2 km opp for stølen ca. 600 m o.h. Eit bilete frå 1925 viser søndagskledde folk med niste og koking av kaffi. Det peikar seg ikkje ut restar etter hus, men ei tydeleg gruve er der. Dei lurer på om dette har vore ein støl eller mjølkeplass frå tidlegare tider. Det kan òg vere at dei mjølka kyrne der og bar mjølka ned til Ryestøylen i staden for å jaga dei ned til fjøsane.

Nokre fakta

Rye, gard nr. 51, Vereide sokn, hadde tre bruk i 1890. Det budde 46 personar på garden i 1865. I 1900 var folketalet 45.
Om sak mellom Føleide og Rye om stølsrettar, sjå artikkelen om Føleidsstøylen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 212. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR