Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 07. februar 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Rå-data

Kulturbåten Innvik



I mange år gjekk det ei flytande teaterscene langs norskekysten. Inn gjennom fjordar og mellom holmar og skjer segla MS Innvik for spreie kultur i distrikta. Men det var mange skjer i sjøen, og i 2000 hadde Innvik si siste teaterframsyning som ambulerande kulturinstitusjon.

Brosjyre frå arkivet etter Kulturbåten Innvik

Brosjyre frå arkivet etter Kulturbåten Innvik

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


Ein teaterbåt vert til

Tanken om ein teaterbåt vart fyrst sett fram av Vestlandske Teaterlag i 1969. Mot slutten av 1970-talet lanserte Anne Gullestad, dåverande sjef ved Sogn og Fjordane Teater, idèen om å nytte ei bilferje til teaterframsyningar. Ein hovudtanke var å nå ut med eit kulturtilbod til plassar utan gode lokalitetar for teaterframsyning, og som det var vanskeleg å nå med ordinære turnear. Fylkeskultursjef Lidvin Osland støtta forslaget, og i 1979 vedtok kulturutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune at ein skulle arbeide for å etablere ein særskild kulturbåt.

I 1982 tok Sogn og Fjordane Teater til å bruke M/S Innvik som teaterbåt. Båten vart bygd som ferje for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1967. Han hadde då plass til 32 bilar og eit passasjertal på 250. I åra 1982-1987 verka Innvik dels som teaterbåt for Sogn og Fjordane Teater, og dels som avløysarferje for Fylkesbaatane.

Teateret vart bore fram av improvisasjon og entusiasme. Bildekket fungerte som amfi, og lause pallar vart nytta som stolar for publikum. To brakkar vart gjorde om til garderobar og plasserte bak på dekket. I eit notat frå 1988 kom det fram at lugarkapasiteten var ”såpass at når personalet la godviljen til og la mindre vekt på reglar og avtaleverk, ja så fungerte dette etter forholda bra".

Den fyrste framføringa var ”Splint”, skrive av Norvald Tveit. Hausten 1982 turnerte Innvik med stykket, som vart spelt 57 gonger rundt om i fylket. Over 14000 såg framsyninga, noko som gav eit snitt på 249 pr. framsyning – eit imponerande tal med tanke på at det var 250 sitjeplassar på ferja.

Folk i Sogn og Fjordane gav såleis med begeistra applaus si støtte til at ein teaterbåt hadde livets rett. I åra fram til 1987 fortsette Innvik gjerninga si som kulturspreiar, med framsyningar som ”Glør i gammal ved”, ”Gummi-Tarzan” og ”John Lennon with love”. I pioneråra turnerte båten for det meste i Sogn og Fjordane, men hadde òg framsyningar i Hordaland.

Frå teaterbåt til nasjonal kulturbåt
I 1986 fekk Fylkesbaatane pålegg frå vegdirektoratet om å selje Innvik. For å berge ferja til kulturføremål vart selskapet Kulturbåten AS skipa i Førde same året. Fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane var dei største aksjonærane.

Ei sentral oppgåve for det nye styret var å få til ei ombygging av Innvik til eit permanent kulturskip. Oppdraget gjekk til Voldenes Verft i Fosnavåg. Ombygginga kosta 16 millionar kroner, og resulterte i ein båt for heilårsbruk med ei ny hovudscene som hadde plass til 220 tilskodarar. Under festspela i Bergen i 1988 vart kulturbåten høgtidleg opna av Kong Olav.

Teater var heile tida hovudaktiviteten for Innvik, men etter kvart spelte fleirbruksmetoden ei viktigare rolle, og Innvik fremja eit allsidig kulturtilbod langs norskekysten. Det var både konsertar og danseførestellingar på programmet. Ein av dei største publikumsmagnetane var til dømes ein turne med Brass Brothers.

Økonomisk gjekk det i bylgjedalar for Innvik. Kostnadane ved ombygging viste seg å verte ei tung last. I 1989 var det openbert at Kulturbåten Innvik A/S hadde store økonomiske vanskar. Året etter vart selskapet avvikla, og Nye Kulturbåten A/S skipa, med Sogn og Fjordane Teater, Hordaland Teater og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane som aksjonærar. I tillegg til offentleg stønad, har Innvik alltid hatt gode vener på grasrotnivå. Ein eigen støttekomite, ”Berg Innvik” med Rolf Losnegård i spissen, samla i 1990 inn 294 000 kroner for å redde det flytande teaterprosjektet.

Siste seglas
I 2001 vart MS Innvik selt til stiftinga Nordic Black Theatre i Oslo. Sal av båten vart tvunge fram av eit nytt regelverk som sette strengare krav til miljø og tryggleik. Ei oppgradering ville medføre for store kostnader. I Bjørvika låg Innvik permanent til kai, men fortsette som kulturscene, kombinert med kafe og overnattingstilbod.

Hausten 2010 vart det kjent at Innvik hadde fått nye eigarar. Rune Borknes og Eldrid Lorentzen Forsland kjøpte båten, og hadde planar om at han skulle nyttast som fleirbrukskyrkje og kulturscene. I 2013 sank Innvik då båten låg til kai ved Svestad bryggje på Nesodden. Året etter gjekk siste seglas til Danmark for opphogging.

I mange år arbeidde Den Norske Kulturbåten AS for å få bygd ein etterfylgjar til MS Innvik. Visjonen var ”ein nasjonal kulturbåt for heile kysten, frå Halden til Kirkenes”, med ”rom for eit kulturelt mangfald: teater, litteratur, konsertar, dans, musikk, utstilling, kunst, multimedia, kunstarmøte, seminar, film, undervisning, kafé [...]” Signal i Soria Moria-erklæringa gav von om at det kunne vere mogeleg å få sjøsett eit nytt kulturhus. På departementsnivå blei det sett ned ei arbeidsgruppe for å greie ut kulturbåtsaka.

I 2009 vart selskapet Den Norske Kulturbåten AS avvikla. Kultur- og kyrkjedepartementet konkluderte i mai same året med at det ikkje var grunnlag for å arbeide vidare med ein ny kulturbåt. Dette grunngav dei med at interessa for eit slikt tilbod ikkje var til stades, korkje hjå kulturinstitusjonane eller hjå fylkeskommunane. Ei høyringsrunde gav det nedslåande resultatet at berre to av fylkeskommunane var positive til ein ny, flytande kulturscene, medan 20 av 140 institusjonar meinte det same.

Kulturbåten Innvik

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn Fjordane. SFF-2010108 Kulturbåten Innvik


Med kultur på kjølen. I: Fjord og kyst nr. 1 1997

PERMANENT IDENTIFIKATOR