Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. januar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Grunnlovsjubileum 2014 - Minnesteinar Sogn og Fjordane



1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet i februar, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss, union med Sverige. - Hundre år etter, i 1914, feira landet grunnlovsjubileum. Mange stader reiste dei minnesteinar.

<p>Posten gav ut sitt f&oslash;rste s&aelig;rfrimerke i h&oslash;ve grunnlovsjubileet i 1914. Motivet er Oscar Wergelands bilete &rdquo;Eidsvold 1814&rdquo; som er plassert i plenumssalen i Stortinget. Oscar Wergeland var brorson til eidsvollsmannen Nicolai Wergeland. Dei slekta fr&aring; garden Verkland i Gulen.&nbsp;</p>

Posten gav ut sitt første særfrimerke i høve grunnlovsjubileet i 1914. Motivet er Oscar Wergelands bilete ”Eidsvold 1814” som er plassert i plenumssalen i Stortinget. Oscar Wergeland var brorson til eidsvollsmannen Nicolai Wergeland. Dei slekta frå garden Verkland i Gulen. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjølvstendig land

Grunnlova i 1814 var eit viktig steg mot fullt sjølvstende i 1905. Lokalt kom tvillaust unionsoppløysinga med Sverige best til syne 13. august 1905 då det norske folket røysta ja eller nei til 7. juni-vedtaket, at unionen var oppløyst. Knapt nokon gong har kyrkjesøkinga vore større og kyrkjene meir nasjonalt pynta.

1914 - Grunnlova 100 år

Året 1914 vart det store jubileumsåret; for 1814, for grunnlova og 17. mai, eidsvollmennene, soldatane og kanonbåtane. 1914 vart året å sjå attende, på hundre framgangsrike år, på full attvinning av norsk sjølvstende og eige norsk kongedømme. 

Minnesteinar

Grunnlovsjubileet blei feira med mange og ulike markeringar: mellom anna nasjonal næringsutstilling i hovudstaden, noregssoge i tre bind, særfrimerke og reising av minnesmerke. I Sogn og Fjordane kjem det siste, å reisa minnesteinar, tydeleg til syne i lokalavisene. i fylket. Gong på gong står det om minnesteinar og bautasteinar; - i lesarbrev, bladstyrar-innlegg, og ikkje minst i fleire stykke signert av kraftpatrioten og soldaten framfor nokon, oberst Henrik Angell, fødd i Luster. Angell hadde til dømes eit stykke i Sogns Tidende, 30.1.1914, der han viser til at det alt var reist minnesteinar i Lærdal, Årdal og på Voss. Angell hadde framfor alt sut for soldatane i ufredsåra 1807-1814, og mana folk til å ta fatt:

”Tyngre tak hev ingen teke fyr Norig enn hine som fraus og svalt i dei lange ufredsåri – anten dei laag på grensa eller paa festningar eller maatte manna kanonbaatar og skansar. Det var dei som skreiv den 17. mai inn i soga. Skulle det ikkje vera noko for ungdomslaga å tenkja på? Enno er det tid, og stein er der nok av. Det spørst berre om tiltak, vilje og hjartelag. (...) Hogg so inn i steinen anten namni paa hine fedrelandsforsvararar eller so berre dette: Steinen er reist til minne um dei stridsmenn fraa (...) som skreiv 17. mai med sitt blod – eller noko liknande. Men skriv paa norsk!”

Nitten i fylket

Og 1814-minnesmerke kom opp i hopetal. Me har opplysningar om 23, - 19 i fylket og 4som har tilknytning til Sogn og Fjordane andre stader. Nordfjord har 2, Sunnfjord 5, Sogn 11. Minnesmerka i Sogn er, bortsett frå eitt (Holck-minnesmerket i Alværa i Høyanger), å finna i den indre del av fjorden; Sogndal 3, Årdal, Luster og Lærdal 2 kvar og Vik 1.

Fire utanom fylket

Dei fire 1814-minnesmerka utanom fylket er: a) ein minnestein ved Korskyrkja i Bergen til minne om slaget ved Alvøen 16. mai 1809 (to av dei falne var frå Sogn), b) ein i Østfold til minne om slaget ved Berby hausten 1808 (fleire frå Sogn og Fjordane var med), c) ei minneplate i muren på Borgund kyrkje i Ålesund til minne om Eidsvoll-mannen Niels Nielsen, representant for Nordre Bergenhus Amt, og d) ei støtte på Ringerike til minne om Gamle Svarten, kaptein Jûrgens, den vidgjetne sjefen for Lærdalske lette infanterikompagni. 

Periode på fleire år

1814-minnesmerka vart reiste i perioden 1902-1914 med unnatak av Alvøen-minnesmerket som vart avduka 16. mai 1893. Dei fleste blei reiste i jubileumsåret, 1914.

Wergeland-stein på Verkland

I Gulen har dei ein minnestein som høyrer med til Grunnlovsjubileet 2014, men som ikkje vart reist i høve hundreårsjubileet i 1914. Det er Wergeland-støtta på garden Verkland. Brekke Ungdomslag reiste steinen i 1975. ”Henrik Wergeland har fått bauta på ættargarden Verkland i Brekke” stod det i avis-kunngjeringa om avdukingshøgtida, 11. juli 1975.

kjelder: