Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vetestova på Ulvedal



På Ulvedal står ei gamal vetestove på sin opphavlege stad. Vetestovene og vetane høyrde til eit gamalt system for varsling i ufredstid. Ordet vete vart seinare avløyst av varde. Ein vete var eit reisverk av tømmer som dei sette eld på. Elden varsla andre vetar og grendene i kring. Systemet var sist nytta i ufredsåra 1807-1814.

Vetestova på Ulvedal. Ho skal vera den einaste i sitt slag som står på sin opphavlege plass.

Vetestova på Ulvedal. Ho skal vera den einaste i sitt slag som står på sin opphavlege plass.

Eigar: Jorunn Støve.

Datering: Kring 2000.

Fotograf: Bjørg Fjell.

Eit gamalt system

Vete (gamalnorsk viti) vart nytta om eit reisverk av tømmerstokkar som dei sette eld på for å varsla om fiendehær eller -skip. Varslingssystemet var knytt til leidangen og er kjent frå mellom anna Gulatingslova. Seinare lover tek opp att påbodet om at dersom ufred truga, skulle bodstikka sendast. Vaktmenn skulle tenna på veten om dei såg meir enn 5 skip. Forsømingar vart straffa med bøter. Magnus Lagabøters Landslov, vedteken på landsdelstinga i åra 1274-76, påbaud at det skulle byggjast vakthus med tak og 4 dører. Desse påboda vert tekne opp att i lovverk på 15- og 1600-talet. Frå 1640-åra fekk veteordninga ei fastare form. Då vert nemninga vedvarde eller varde nytta. Bøndene i soknet hadde ansvar for vedlikehaldet. Vetane eller vardane kom i forfall i fredstid, men dei vart sette i stand att når ufred truga i urolege tider. Systemet med vetevakt var i bruk siste gong i åra 1807-1814 då Norge var i krig med England under Napoleonskrigane.

Vetestova på Ulvedal

Vetestova på Ulvedal står på sin opphavlege stad, og skal på det viset vera den einaste i landet. Her har det stått vaktstove i svært lang tid. På Ulvedal var det fritt utsyn til Hogden i aust og Dimma i vest der det også var vetar. Bodskapen om ufred kom oftast inn fjorden. Vaktmannen på Ulvedal måtte vera merksam på om det lyste på Dimma før han sette fyr på sin eigen vete. Huset som står i dag er svært gamalt, men vi kjenner ikkje alderen. Grunneigarane på Ulvedal har halde stova i god stand, og i 1963 fekk bonden på garden Kongens fortenestemedalje for dette arbeidet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk Historisk Leksikon. Cappelen Akademisk Forlag. Oslo 1999.
Notat frå Stryn kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR