Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 20. mai 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Årdal kommune



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Årdal kommune.

Årdalstangen ca. 1912. Midt på biletet er Årdal kyrkje der dei to vala i 1905 vart haldne.

Årdalstangen ca. 1912. Midt på biletet er Årdal kyrkje der dei to vala i 1905 vart haldne.

Eigar: Årdal Sogelag.

Datering: Kring 1912.

Fotograf: Ukjend.

Årdal kommune i 1905

Årdal var i 1905 ei jordbruksbygd. I 1907 vart det i bygda registrert 87 hestar, 735 storfe, 1783 sauer, 4622 geiter og 460 grisar. Eigen kommune hadde bygda vore sidan 1860 og prestegjeld sidan 1863. Busetnaden var spreidd, og dei sju dalane var sjølvstendige skulekrinsar. Bygda hadde lite å rutte med i 1905, og i eit kommunestyrevedtak dette året heiter det, i samband med framlegg om takstauke på "Dampen" på Årdalsvatnet: "Under så små og tarvelige forhold hvor folk har vanskelig for at slå sig i gjennom, sees meget på nogen få ører".

Det var lite kapital i bygda, og som ein av dei siste kommunane i Nordre Bergenhus amt fekk Årdal eigen sparebank i 1908. Opptakten vart gjort av bonde, og seinare stortingsmann, P. K. Hestetun (1877 - 1928) i april 1905 med forslag "om oppnevnelse af en Komité til udarbeidelse af plan og indkomme med forslag til opprettelse af en Sparebank". Årdal kommune hadde eit budsjett på kr 5 800,- i 1905, og opp til då hatt lite bruk for bank. Fram til midten av 1902 hadde kommunen nytta seg av Lærdal Sparebank.

Folketalet hadde mot slutten av 1800-talet gått kraftig attende, mest på grunn av utvandringa til Amerika. Frå ein topp i 1865 med 1791 personar var talet i 1900 redusert til 1299. I 1910 var folketalet kome opp i 1491. I 1905 utvandra sju ungdomar frå Årdal, alle i alderen 17 til 21 år. Med eitt unntak drog alle i mars månad. Dei var gardsarbeidarar og tenestefolk. Alle ugifte. Året etter drog fem personar, også i alderen 17 til 20.

Årdal herad tok nynorsken i bruk i 1908, men alt året før vart nynorsken innførd i alle skulekrinsane. Blix-salmane vart i 1903 røysta inn i kyrkja, under sterk påverknad av sokneprest Samuel Sandved. .

Samferdsle og vasskraft

Frå 1880-åra hadde turistferdsla teke seg opp i Årdal, noko gjesteboka i Vetti kan stadfesta. Bygda tok til å bli kjend i utlandet, og det var serleg engelskmenn som kom på vitjing. Med A/S Tyinfaldene kom ei ny tid til Årdal, då utbygginga av vasskrafta tok til. I september 1908 fekk det tyskdominerte selskapet konsesjon til utbygging, og Årdal gjekk inn i ei anleggstid som skulle vara heilt til tyskarane tok over under siste verdskrigen. .

Båttransport på Årdalsvatnet var komen i gang i mai 1898, med båten "Årdal" (tidlegare "Nancy"). "Etter søknad frå presten Sandved vart billettprisen på kyrkjesundagane sett til 20 øre tur-retur. Men då vassbyggjene den 13. august 1905 skulle til kyrkja og gje til kjenne om dei ville ha prins Carl eller ikkje, fekk dei reisa ned og opp for 15 øre. Båten måtte den dagen gå to turar med folk". (BFÅ, bnd. 1, s. 771).

Året 1905

Året starta med storm og uver i Sogn. Den 30. januar rasa ein "fæl storm" i Årdal, og i Øvre Årdal vart eit stabbur kasta overende. Men langt større skade gjorde stormen i nabokommunen Lærdal. .

Dei politiske hendingane gjer 1905 til eit merkeår i norsk historie. Landet samla seg om å oppretta eit eige norsk konsulatvesen, vedteke av Stortinget i mai. Då kong Oscar II nekta å godkjenna vedtaket, samla Stortinget seg på nytt 7. juni og erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Denne kunngjeringa vart prenta i alle aviser og opplesen i kyrkjene 1. pinsedag (11. juni), eller seinare. Svenskane gjekk med på ei oppløysing av unionen på det vilkåret at det vart halde ei folkerøysting. Eit samrøystes Storting vedtok då å halde ei slik folkerøysting søndag 13. august, og folket svara eit rungande ja til oppløysing av unionen. Deretter kom dei vanskelege forhandlingane med svenskane i Karlstad om korleis oppløysinga skulle gjennomførast. Utfallet av desse tingingane sette sinna i kok mange stader, og det var ei reell frykt for krig med Sverige. Dette vart unngått, og Karlstad-traktaten vart vedteken av Stortinget og den svenske Riksdagen i fyrstninga av oktober.

Neste akt i dramaet dette året var spørsmålet om republikk eller kongedøme. Stortinget vedtok 31. oktober at det skulle haldast ei folkerøysting om dette spørsmålet alt 12. og 13. november. Eit stort fleirtal (78,9 %) røysta for kongedøme, og Prins Carl av Danmark vart vald til norsk konge med namnet Haakon 7.

Det er grunn til å tru at desse store nasjonale hendingane vart følgde med stor interesse, engasjement og spaning i Årdal, som i andre bygder. Ønsket om å lausrive seg frå Sverige hadde vakse seg alt sterkare gjennom mange år. På kort varsel vart folk mobiliserte til å delta i to viktige val, og frammøtet vitnar om stort engasjement.

17. mai 1905

Sogns Tidend hadde den 27. mai eit oppslag om 17. mai-feiringa i Årdal. Her heiter det at det fyrst på dagen var preik i kyrkja, og at sokneprest Sandved "med djupt og friskt syn la dagsens høge nasjonale verd fram for kyrkjelyden".

På Tangen samla det seg sidan ei heil folkemengd til fest "um mylsa og annan nasjonal kost". Lærar Midtun heldt tale for dagen og lærar Slagstad tala om dei nasjonale minna. Politimeister Aafedt, som var til stades, "tala for fedralandet".

7. juni 1905

Dette er dagen då regjeringa Michelsen la ned embeta sine i Stortinget, og eit samrøystes vedtak innebar oppløysing av unionen. Melding om vedtaket vart sendt utover landet, gjennom aviser, prestane og på annan måte. Mange valte å markera dagen med å heisa det reine norske flagget.

Gamleordføraren i Årdal, Endre Offerdal, er omtala i eit oppslag i Sogns Tidend 27.08.1935. Her fortel han korleis det reine norske flagget kom til topps 7. juni 1905.
Det heiter: "Straks unionen den 7. juni var løyst, kom han til ei dotter med flagget og sa at no skulde den gulfarga ruta klippast ut og den raude setjast inn. Då ho sa at ho var i ansamt arbeid og at det fekk vera til dagen etter, svara han: Dette arbeidet med flagget skal gjerast straks. Det toler ikkje utsetjing. Og få minuttar etter var det reine norske flagget kome til topps på flaggstongi i Ofredalen".

Folkerøystingane - røysterett og valstyre

Årdal hadde eit valstyre på fire medlemer som tilrettela dei to vala i 1905. Dei fire medlemene var: lensmann Erik Seim (formann), ordførar Ivar Offerdal, gardbrukar Ole T. Lægreid og gardbrukar Th. Holsæther.

Valet om unionsoppløysinga vart halde søndag 13. august i Årdal kyrkje på Årdalstangen. Frå Øvre Årdal kom to båtlaster med røysteføre. I følgje manntalet hadde Årdal i alt 236 menn med røysterett.
Søndag 12. og måndag 13. november skulle folk røysta for eller mot kongedøme. Same røystestad som ved fyrste valet. Til dette valet var det registrert 238 menn med røysterett.

Det var berre menn som hadde allmenn røystrett ved stortingsval og folkerøystingar. Vilkåra var norsk statsborgarskap, minst 5 års opphald i landet og alder på minst 25 år.

Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men dei ønskte å vera med tilliks med mennene ved røystinga om union eller lausriving frå Sverige. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og 22. august vart det overlevert 250 000 underskrifter til Stortinget.
Me kjenner ikkje til om kvinnene i Årdal var med i denne underskriftsaksjonen.

Folkerøystinga om unionsoppløysinga 13. august 1905

Av dei 236 røysteføre i Årdal røysta 210 ja, ingen nei. Av dei 26 som ikkje røysta var nokon reiste til Amerika. Nokre utanbygds arbeidarar, som var medtekne i manntalet, var reiste frå bygda. Bygda hadde såleis ein frammøteprosent på 89, som er litt under gjennomsnittet på 92,5 % for heile fylket.

I Sogningen 18. august har ordførar Ivar Offerdal eit takkeskriv til veljarane i Årdal:

I anledning af afstemningen den 13de føler jeg trang til at sige mine sambygdinger tak. En tak for mandjevnt fremmøde og for det enstemmige "ja"! Her kom ingen mislyd ind. Alle var enige.

En særlig tak fortjener de gamle. Naar disse oldinge, der snart er færdige med dette liv, føler ungt og møder frem for kanske at vise sit fædreland den sidste ære, er dette et egsempel for os unge til at holde ud og værne om vort fædreland til sidste stund. Blandt disse gamle kan nævnes 90-aaringen Guttorm Hovland. Han gjorde skam paa eder faa yngre, som sad hjemme paa denne dag.

En tak til eder, der ufortrødent har virket for at brede oplysning og forstaaelse af dagens betydning blandt de tvilende. Særlig nævnes sognepresten for de varme fædrelandssindede ord, han udtalte fra prædikestolen samme dag.

Skulde den dag komme, at vi paa anden maade blev kaldt til værn for vort land, da haaber jeg, at paa den dag kommer der heller ingen mislyd fra Aardal, men et traust "ja".

Ofredal 15 August 1905,
Ivar Offerdal

Folkerøystinga om kongedøme eller republikk 12. og 13. november 1905

Det var 238 røysteføre til kongevalet i november. 152 møtte fram og røysta. Av desse vart ei røyst forkasta. Frammøteprosenten til dette valet var dermed 63,8, eller langt lågare enn oppslutninga om unionsvalet i august. 116 sa ja til kongdøme, 35 sa nei. Dette gjev ein ja-prosent på 76,8 for kongedøme. Snittet i fylket var 80,4 % ja til kongedøme.

Kongefest i Viki

Forfatterinna Kari Ørbech, som vaks opp på garden Viki i Vikadalen, skreiv i 1985 eit minnestykke om foreldra sine, og har følgjande minne om 1905:

Eg hugsar tydeleg hausten 1905. Det hadde vore avstemming om det skulle vere republikk eller kongdøme i landet vårt, som nå var vorte eit fritt og sjølvstendig rike. Det store kjøkenet var stappfullt av menneske, og Veslekari for og smatt ut og inn mellom alle desse armar og bein. Så tok far og løfte meg høgt opp så eg sat over akslene hans, og nå fortalde han eit eventyr om ein som var vorten konge i Norge. Da klappa alle husmennene, som var til stades, i hendene, for dei hadde stemt for konge, medan far aleine hadde stemt for president. Mor hadde valt konge og, for ho sa at ho hadde høyrt mangt gale om slike som hadde vore president i Amerika, ein norsk konge var sikkert meir å stole på, og det ville bli meir politisk fred i landet og - noko som ho sikkert hadde rett i. Eg kan sjå andletet hennar for meg den kvelden. Ho sat skinande og blid, rund og røsleg ved bordet inne i stova, medan dei store syskini mine og tenestejentene bar mat og kaffi inn til alle dei som skulle trakterast - det var kongefest i Viki.
Frå boki "Soga om Viki og Vikadalen", av Andreas Bjørkum, 2004. Side 371.

Nøkkelpersonar

Ordførar Ivar Offerdal var ein sentral person i bygda i 1905. Av brevet hans, referert ovanfor, ser me at han har engasjert seg sterkt i spørsmålet om union. Sokneprest Samuel Sandved var og ein påverkar for nasjonalt sjølvstende, jamfør preika i kyrkja 17. mai. Fleire av lærarane i bygda var aktive for den nasjonale lina. Gamleordførar Endre Offerdal veit me var ein aktiv pådrivar for norsk sjølvstende.

Nynorsk på Nationaltheatret i 1905

29. januar 1905 er ein merkedag i norsk målsoge. Då synte Nationaltheatret for fyrste gong fram eit skodespel på nynorsk, Fossegrimen, skrive av årdølen Sigurd Eldegard.

Per Tang frå Hafslo var på urpremieren. Han gjekk på krigsskulen på Fredriksvern i 1905, og han skreiv dagbok. Det står:

Søndag 29. jan. Premiere paa Eldegards skuespil "Fossegrimen". Første gang et skuespil paa Landsmaal opføres paa Nationalteatret. Huset udsolgt til sidste plads. Øredøvende bifald fra tag til gulv. Nydelige dekorationer. National musikk. Skuespillerne greier landsmaalet godt - naar undtages Garmann da!

"Fossegrimen" vart ein braksuksess. Det gjekk 140 gonger i åra 1905-1909. Mållaget i Vik sende helsingstelegram og takka. "Det gjev store voner for vaar norske sak, at me vann fram [i hovudstaden] paa ein so vyrdeleg og hugtakande maate," skreiv mållaget til Sogns Tidende. 

Kongeval og målsak

Sigurd Eldegard hadde og meiningar om kongevalet. I eit innlegg i SognsTidende 24.11.1905 heiter det mellom anna:

Vel er det mange, som ottast, at maalsaki under eit kongedøme, og daa iser med ein danskfødd konge, skal faa meir motburd; - men eg er ikkje millom dei som trur det. Landsmaalet vil gaa sin trygge, jamne gang under ein konge som under ein president. Soga hev fenge tak i maalrørsla, og sosandt vaart folkemaal er liv laga, tarv me ikkje syta i somaate. Tilmed trur eg, at ein konge, og ikkje mindst ein danskfødd, snart vil sjaa, at han maa stydja seg til det nationale hjaa nordmennerne og verna um det nationale paa alle umkverve. Elles vil hans kongedøme byggjast paa utrygg grunn". "Eg trur, at eit kongedøme i det heile vil gagna oss best,- i alle høve. So vidsveimt og gresgrendt og "sundkløyvt" som vaart land og folk er, treng me eit samlingsmerke, som ikkje skifter namn og farge rett som det er.

Uver i 1905 og 1906

Den 30. januar 1905 raste ein "fæl storm" i Sogn. I Øvre Årdal vart eit stabbur kasta overende. Natt til 23. november 1906 gjekk det skreder over "heile bygdi". Både i Seimsdal og på Tangen vart det gjort stor skade og mange hus vart øydelagde. Skredene vart lagde merke til i heile landet, og ingen ringare enn Bjørnstjerne Bjørnson engasjerte seg. Til Sogns Tidende 18.12.1906 seier han mellom anna:

"Folket måtte redde sig som hver bedst kunde, mens husene førtes på fjorden, budskapen omkom, markene begravedes---. Det er ikke store jordflekkene der borte ved fjældfoten. Det måtte være overkommelig hvis vi slog os sammen at gi den så pass som de arvet efter fædrene. Så kunde de begynde igjen på et tryggere sted. Skulde vi ikke prøve på det?"

kjelder:

Avisa Sogns Tidende


Avisa Fjordenes Blad


Avisa Sogningen


Bygdebok for Årdal, bnd 1, Årdal Sogelag, 1971.


Laberg, Jon, Årdal i Sogn, Bygd og ætter. Bergen, 1932. Nytrykk 1994.


Kramviken, Knut, Årdal kommune i dag, Årdal kommune, 1960.


Hæreid, Tomas, Årdal sparebak 50 år, Årdal, 1958.


Bjørkum, Andreas, Soga om Viki og Vikadalen, Garden, grendi og ætti. Eiga utgjeving, 2004.


Kjelda nr 3-2004. Fylkesarkivet, 2004.


Statsarkivet i Bergen. Avskrifter av møteboka for valstyret.

PERMANENT IDENTIFIKATOR