Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ramsgrø bedehus



Folket i den tidlegare Vassenden krins i Hyllestad kjøpte i 1914 det gamle skulehuset i nabogrenda Lone i Fjaler. Dei sette det oppatt og tok det i bruk som bedehus. No er huset mindre brukt enn før, men godt vedlikehalde.

Ramsgrø bedehus ligg fint til ved Ramsgrøvatnet. Huset var tidlegare skulehus i Lone krins i Fjaler. Det vart kjøpt for ein rimeleg pris og flytta til Vassenden krins. Det stod ferdig og vart vigsla til bruk i 1919. I 1998 vart det lagt nytt tak på huset. Nye vindaugo vart sette inn i 1999.

Ramsgrø bedehus ligg fint til ved Ramsgrøvatnet. Huset var tidlegare skulehus i Lone krins i Fjaler. Det vart kjøpt for ein rimeleg pris og flytta til Vassenden krins. Det stod ferdig og vart vigsla til bruk i 1919. I 1998 vart det lagt nytt tak på huset. Nye vindaugo vart sette inn i 1999.

Eigar: Hyllestad kommune.

Datering: Hausten 1999.

Fotograf: Per Bygnes.

Planlegging og bygging

Tanken om eit bedehus for Vassenden krins vart reist i 1914. Krinsen hadde ikkje noko høveleg forsamlingshus. Skulehuset på Vassenden var for lite med berre eitt rom til slikt bruk. Same året var skulehuset i Lone krins i Fjaler for sal til ein rimeleg pris. Det vart nedsett ei nemnd til å førebu reising av bedehus i grenda.
Huset vart kjøpt inn for 550 kr. I 1916 var det kome under tak. Men fyrst i 1919 vart bedehuset vigsla og tatt i bruk. Huset kosta i alt kr. 2.789,20. Midlane var samla inn lokalt, men ein god del kom også frå utflytta bygdefolk i Amerika. I tillegg kom dugnadsinnsatsen, som vart sett til 1.000 kr., lågt rekna. Hans B. Ramsgrø hadde gjeve fri grunn til huset med eit gåvebrev frå 8.9.1914. Eigar er Øens Indremisjon. Det formelle namnet på huset er "Hornedalens Bedehus", men i daglegtalen har det alltid vore kalla Ramsgrø bedehus.

Bygg og interiør

Ramsgrø bedehus står på ein fint murt gråsteinsmur, har ei kvadratisk grunnflate på 7 x 7 meter, og inneheld kjellar, møtesal, småsal og gang.
Talarstolen i møtesalen er laga av Ola Vassenden, benkene av Ola Vassenden og Hans Horne. Hans Horne hadde dreiebenk og dreia runde, fine "frambein" til benkene. I møtesalen finn ein elles langbord og orgel. På søre veggen heng eit bilete av India-misjonæren Lars Skrefsrud. På ei lita hylle i talarstolen ligg ein bibel. Han var ein gåve, og det er skrive i han: "Støtteforeningen for Ytre Sogns Indremission i Bergen til Hornedalens Bedehus 24. august 1919."

Bruken av bedehuset

Huset var meir brukt før enn no. Det kom ofte emissærar og heimeverande misjonærar på vitjing. Ein gong kvar veke var det kvinneforeining. Då vart det sunge, lese frå misjonsblada - og strikka og hekla til den årlege basaren. Då vart også kjellaren teken i bruk til mat-servering med smørbrød, kaffi og kakao. "Mykje pengar vart samla inn til misjonen", fortel Hanna Vassenden i 1999. No vert det halde ei gudsteneste i året om sommaren. Etter gudstenesta har det i mange år vore basar til inntekt for istandsetjing av huset.

Istandsetjing av bedehuset

For nokre få år sidan vart det tatt initiativ til å få sett bedehuset i god stand att. I 1998 vart det skifta tak på bedehuset på dugnad. Nye vindaugo kom i 1999. Nå står skifte av utvendig kledning og måling av huset for tur. Desse arbeida reknar ein med å få gjort på dugnad sommaren 2001. Det er eit ynskje i grenda om å få det gamle bedehuset istandsett til eit triveleg møtehus for grenda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Vassenden, Ole B.: Ramsgrø Bedehus. I Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid. Florø 1929.
Brev frå Hyllestad kyrkjekontor 06.02.2001.
Kopi av gåvebrev.
Opplysningar frå:
Hanna Vassenden, Hyllestad.
Reidun Fleten, Hyllestad.

PERMANENT IDENTIFIKATOR