Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. oktober 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane-Irland: Potts på Osen gard i Bygstad



På slutten av 1800-talet var irlendarar med namnet Potts i Bygstad og fiska laks. William Trumperant Potts var med då dei kring 1870 bygde laksetrappa i Osfossen; - den fyrste laksetrappa i landet. Og den dag i dag kan dei by på pottspoteter på Osen gard. (Artikkelen er skriven som "reisebrev").

Osfossen i Gaula. Laksetrappa ligg på sørsida (til høgre). Laksen går inn under ein stor stein og hoppar/bykser seg opp 17 kulpar til opninga i ein mur bygd frå elvekanten i skrå ut og ned mot fossefallet. Muren fungerer som vern for trappa i stor flaum. Høgdeskilnaden er 11 meter. Laksetrappa i Osfossen er nøyaktig den same anno 2008 som trappa dei bygde i 1870. Iraren William Trumperant Potts var ein av laksetrappbyggjarane.

Osfossen i Gaula. Laksetrappa ligg på sørsida (til høgre). Laksen går inn under ein stor stein og hoppar/bykser seg opp 17 kulpar til opninga i ein mur bygd frå elvekanten i skrå ut og ned mot fossefallet. Muren fungerer som vern for trappa i stor flaum. Høgdeskilnaden er 11 meter. Laksetrappa i Osfossen er nøyaktig den same anno 2008 som trappa dei bygde i 1870. Iraren William Trumperant Potts var ein av laksetrappbyggjarane.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Til Bygstad

Eg var nyleg på besøk hjå Olav Johan Mo og Unn Karin Kleppe på garden deira i Osen. Ærendet mitt var å sjå laksetrappa i Osfossen og nokre ting dei har etter Potts. Og så var eg spent på å høyra kva dei hadde å fortelja. Eg hadde lese ein stad at det var ein Potts som bygde laksetrappa, den første i landet og den fjerde i verda.

Spor etter Potts

"Han har vore ein legende her på garden. Han er liksom "litt av oss", sa dei. Og så fekk eg høve til å sjå det eine etter det andre av saker og ting dei har med tilknytning til Potts:

a) ein reiskap til å avliva nylanda laks med bokstavane WTP og årstalet 1847, (ein priest, understreka sportsfiskekonsulent Steinar Paulsen i Norsk jeger- og fiskeforbund ei tid etter.),
b) to fiskesneller, den eine med namnet Potts inngravert,
c) ei mappe med mange rom og mykje inni: materiale i alle slags fargar til flugebinding og ferdige fluger,
d) fleire Potts-dokument!! (Svære ting for ein nypensjonerte arkivar),
e) ein stor navar med bokstavane WTP innskorne i skaftet,
f) ein enormt stor langljå med innstansa bokstavar, mellom anna Moore,
g) ei kasse for fiskestenger, og
h) eit steinbord der det er rissa inn fleire namn Potts og årstal.

Pottspoteter

Me sat attmed Potts-bordet, og det blei spørsmål om eg hadde lyst på ein kopp kaffi. Eg takka ja, sjølv om eg akkurat då ikkje sakna noko som helst. Det kom ei kaffikanne på plass, koppar, syltetøy, kjeks, - og ei skål med fem-seks poteter. Det siste stussa eg litt på, men heldt det med meg sjølv. Poteter til kaffien er ikkje daglegdags servering.

Dei blei som rosina i pølsa, potetene. Olav Johan fortalde at det er poteter etter Potts. Potts hadde med seg setjepoteter frå Irland. Og så har dei dyrka desse potetene kvart år seinare. Eg la merke til at mor til Olav Johan kalla dei potts-poteter. - Dei er ekstra rike på stivelse, fortalde Olav Johan. Før i tida hende det rett som det var at naboar kom og fekk seg potts-poteter når dei skulle baka poteteskaker. Deigen blei betre enn av andre slag.

Hovudhuset på garden

Olav Johan og Unn Karin fortalde elles at Potts eigde garden i mange år, og at irlendarane budde i hovudhuset på garden, Storehuset, den store kvite bygningen som vart oppført av prost Rennord kring 1832. Fiskeretten i elva og Storehuset vart selt og fekk eige bruksnummer året etter at Potts selde garden, men ikkje grunnen det står på. Det skal vera nokre gjenstandar i huset med Potts innrissa. Sidan 1896 har huset vore brukt av laksefiskarar. Nett no er det StatoilHydro som leiger huset og laksefisket ein del av sesongen.

Storfangst

Eg spurde om det er skrive ned noko Potts nokon stad, om andre veit meir enn det dei kjenner til. - Nei, dei trudde ikkje det. Dermed takka eg for meg, og reiste heimatt med storfangst - hovudet stappfullt av Potts og eit femtitals eksponeringar i fotografiapparatet mitt.

Tipsa vertskapet i Oslo

Eit statsbesøk stod for døra. Den irske presidenten, Mary McAleese, skulle vitja det norske kongehuset i oktober. Vel heimkomen sende eg brev til besøksavdelinga i Utanriksdepartementet med eit knallgodt tips (tykte eg sjølv): Å setja kokkane sine i sving med å laga ei gourmet-sak i superklasse, ein eller annan slags variant med råstoff frå laks som har bykst seg opp den same laksetrappa som landsmannen til den irske presidenten var med og bygde rundt 1870 - saman med Potts-poteter av avlinga 2008. Eller kva med å ta utanlandsbesøket med til utløpet av Gaula, til Osfossen, på laksetreff? Nokolunde same tipset sende eg til Slottet med bilete av Potts-flugene. Det måtte vera noko å sjå for den lakseglade kong Harald, tenkte eg.

Underdirektør Anne Marie Borgvad skreiv tilbake og takka for friske innspel. - Me er alltid på jakt etter gode poeng til talar når me har statsbesøk, skreiv ho, men utflukt til Osen kunne det ikkje bli. Programmet var alt fastlagt. Assisterande kabinettsekretær K. Brakstad takka og for innspelet mitt og melde at det var sendt til Slottet.

Om Potts i bygdeboka

Så sette eg meg til med bygdeboka for Gaular. Ein stad står det:
"Gaulaelva representerte store verdiar med omsyn til laksefiske. Det som gjorde at elva vart ei god lakseelv, var bygginga av laksetrappa i 1873 [ stod truleg ferdig i 1869-1870]. Dette var den første trappa som vart bygd her i landet, og det førte då til at den store kommersielle utnyttinga starta. Fem år etter at laksetrappa vart bygd kom Osen på irske hender, då kjøpte laksefiskaren William Potts garden. I dei neste 20 åra var det dei som styrte her, og det må vera banda vestover som lokka engelske [britiske] fiskarar til Osen. I engelske aviser hadde det tydelegvis vore omtala av Gaulaelva."

Arkivdokument frå Statsarkivet i Bergen

Elles skreiv eg til Statsarkivet i Bergen og tinga kopi av alle tinglyste forretningar på garden Osen med tilknytning til Potts. Eg fekk straks etter i hende fleirfoldige sider. Særleg interessante var omsetjingar til norsk av testament oppsette av to eigarar, William Trumperant Potts og broren Henry Trumperant Potts. Ut frå Potts-papira på garden og statsarkiv-dokumenta har eg kome fram til eigartilhøvet dei åra Osen var på irske hender.

Osen gard på irske hender

1. William Trumperant Potts (1806-1881)
Eigar: 1878 - 1881.
W.T.Potts var ugift. Han budde på Correen Castle i Rosscommon county, nordvest i Irland, og bygde nytt castle (rettare: eit stort hus) i 1833.
Potts testamenterte (10.02.1881) sine "faste og rørlige Eiendomme i Kongeriget Norge" (omfatta utanom Osen også nabogarden Korsvoll) til "Broder Henry T. Potts". WTP døydde 25.05.1881.

2. Henry (Harry) Trumperant Potts (0000-1892)
Eigar: 1881-1892.
H.T.Potts var gift med søskenbarnet Laetetia. Dei hadde ikkje born.
H.T.Potts vart eigar av Osen gard 25.05.1881 ved arv (jfr. testamente under nr. 1). Han testamenterte (06.10.1888) "min eiendom i kongeriget Norge til min fætter [rett: grand-nephew] Willie S. Potts of Correen Castle". H.T. Potts døydde "paa eller omkring" 06.11.1892. Han hadde då bustad på Runnymede i Galway county.

3. William (Willie) T. Potts (1848-1902)
Eigar: 1892-1896.
W.T. Potts var son til William of Newcourt House, eit søskenbarn til føregåande William og Henry Potts. Han var gift med Helen Minchin. Dei budde på Correen Castle.
W.T. Potts vart eigar av Osen gard , gnr. 94, bnr. 1 og fiskerettane under garden Korsvoll, gnr. 97, bnr. 5,6,7 og 8. ved arv (jfr. testament under nr. 2) 06.11.1892. Han selde til Olav Mo i 1896. Kjøpesummen var 36 000 kroner. I følgje skøyte, datert 31.01.1896, omfatta salet og overdraginga: Osen, gnr. 94, bnr. 1 (..) med besetning, gardsreiskapar, innbu og fiskerettar i Gaula, "indgaaet med "Selskabet for leie av fiskerettigheder", datert 14.11.1893.

Til Irland

Tanken på kva som måtte vera å finna om dei tre Mr. Potts i Irland, melde seg straks, og blei meir og meir påtrengjande. Ingen, så vidt eg kjenner til, har vore i Irland på leit etter irarane i Osen på 1800-talet. I brevet til UD ba eg om å bli utstyrt med ei velfylt reisekasse og departementale anbefalingar. Det slo ikkje til, men lokale finansieringskjelder slår aldri feil. Med flybillett t/r Sandefjord-Dublin til utrulege kr. 870.- på Ryanair, slo eg til med Irlandsreise og landa trygt i Dublin 13. september. Steven, sonen min med stilling i SatoilHydro, bur der for tida.

På leit i gamle aviser

Aviser frå Potts-perioden var første leitestad. På Nasjonalbiblioteket spola eg meg gjennom metervis av mikrofilm, både nasjonalorganet The Irish Time og lokalaviser. Resultatet var nedslåande. Det einaste eg sat att med var ei dødsannonse på tre liner: "Death. Potts - May 25, at Carreen (sic.) Castle, County Roscommon, William Trumperant Potts Esq., aged 76 years."
Det var alt, og det einaste nye var at den første Potts i Osen var fødd år 1806. Men eg la merke til andre ting: om utvandring til Amerika, fattigdom, brutale evictions - utdriving av tenants (familiar som leigde eit lite jordstykke hjå landlords, jordeigarar) og politisk aktivitet for at småkårsfolk skulle få eigedomsrett til den vesle jordstykka dei budde på, eit kapittel i Irland si soge historikarene omtalar som The land war.

Lokalbiblioteket i Ballinasloe

Ein dag tok eg tog (2 timar, 24 Euro, t/r) vestover til byen Ballinasloe. Eg hadde det namnet med meg frå Noreg, og namnet på ein kyrkjegard. Etter eit nyanskaffa kart i stor målestokk skulle Correen Castle også vera å finna i området rundt Ballinasloe. Første stoggestaden min her var biblioteket. (Takk og pris for biblioteka våre, og bibliotekdamene, heime og ute.). Dei to bibliotekarane i Ballinasloe fann straks fram eit par lokalhistoriske bøker til meg - som eg heiv meg over på med toppkonsentrert søk på POTTS.

Det kom ikkje fram eigne, svære kapittel om Potts, men litt små-Potts her og der. Og ikkje noko ufordelaktig. Etter det magre reultatet av avisstudiene mine, hadde det snike seg inn ein ubehageleg tanke: Kanskje han var ein av desse hjartelause jordeigarane, W.T.Potts, som var i Osen, ein som dreiv folk bort med hard hand om dei ikkje greidde å betala the rent (jordleiga) til punkt og prikke? Eg kom ikkje over noko i den leia. Tvers i mot, eg la merke til noko positivt: Ein annan landlord, ein Kelly, og Potts stod nemnde som døme på to jordeigarar som iverksette jordforbetringstiltak, dei dreiv med drenering.

Hjelpsam drosjesjåfør

- Eg fann, eg fann, ropte Oskeladden. Det gjorde eg òg. Då eg i ei av bøkene kom over noko om kyrkjegarden min, eit bilete, av Potts family grave, var det berre ein ting å gjera, takka for meg, stikka innom bokhandelen i byen og kjøpa dei to bøkene (nyutgåver), og deretter få fatt i ein taxi.

Sjåføren hadde aldri høyrt om kyrkjegarden, Clonburren cemetry, men då han fekk retningen av meg, lova han at han nok skulle finna fram. Og han heldt lovnaden. Etter å ha tilbakelagt mile etter mile på stadig smalare og meir svingete vegar og vore innom i eit gardsrom og forstyrra ei dame som heldt på å mala huset sitt, var me framme. Eg spurde om han kunne koma og henta meg om eit par timar. Det kunne han, men utan å seia det, låg det tjukt utanpå han, at han undrast på kva eg var for ein utlending som tenkte på å gje meg til på ein eldgammal, avsidesliggjande gravstad i to timar.

"In memory of .."

Eg fann Potts family grave, ein sarkofag med smijernsstakitt rundt. Gravminnet var overgrodd. Det var ikkje lett å lesa innskriftene. Etter grundig gransking fann eg to namn, og det eine var ein av mine, "William Trumperant Potts - of Correen Castle (…) - died May 1881 - aged 76."

"a good man he was"

På veg ut av kyrkjegarden møtte eg ei eldre kvinne på veg inn. Me kom i prat. Eg fortalde kva ærend eg var ute i, og spurde om ho kjende til Potts. Det gjorde ho. Ho fortalde både eitt og hitt. På spørsmål om Potts var ein av the bad landlords, svara ho, oh, no, a good man he was, never heard of he evicted anyone. (Takk og pris, det var godt å høyra.) Då eg sat i vegakanten litt seinare med ei av bøkene mine, og venta på drosjesjåføren min, stogga ein bil. Ein eldre mann rulla ned, og gav seg i snakk. Han var tydeleg nysgjerrig og pratsam. Det var taxien min som braut oss av. - Dei var eldre folk begge dei eg møtte. Dei gav meg nyttige opplysningar. Og dei var gjestfrie. Neste gong eg kom på besøk måtte eg koma framom, sa dei begge. Dei budde i nærleiken.

Correen Castle

Neste stogg var Correen Castle. - Doctor Monaghan bur der nå, sa dei på biblioteket. A very nice person. Monaghans har vore eigarar berre nokre få år. Den siste Potts på Correen Castle selde i 1933. Han var først gift med ei "Eva, born Norway" men dei blei skilde. Han selde godset sitt og reiste til Rhodesia. Der døydde han i 1947, "or killed by a lion in 1961(..)?", står det med spørsmålsteikn etter, i eit Potts family tree Mrs. Monaghan synte meg.

Historia til slottet og folket

Monaghans hadde meir å by på. Dei hadde hatt ein historikar til å føreta archival studies. Dei er interesserte i historia til huset sitt og folka som har budd der. Dei fortalde at dei har hatt mange besøk av folk som er slektshistorisk interesserte i Pottsfamilien, men så langt ingen from Norway. Eg la merke til at historikaren hadde funne fram til ein god del om Potts i offentlege arkiv; - folketeljingar og eigedomsregister. Men eg la ikkje merke til at han hadde kome over private Potts-dokument. Og det stod lite om Potts i Noreg i rapporten hans. Det einaste var opplysningar eg kjende frå før, opplysningar eg trur han hadde funne fram til på ei sunnfjord-internettside på engelsk. Men Monaghans hadde lagt merke til opplysningane om at Potts hadde bygt the salmon stairs at Bygstad, near Bergen.

Sluttord - interessant det dei har i Osen

Oppsummering: Arkivdokumenta dei har i Osen er særs verdfulle til kunnskap om Potts dei åra dei "styrde" i Osen, ved sida av det andre Potts-materialet dei har på garden. Og kjempeinteressant er det dette om irlendarane Potts i Bygstad; - gardshistorisk, laksefiskehistorisk, - i eit mangfaldsår, eit internasjonalt potetår, i eit føreståande kulturminneår der det skal leggjast vekt på tekniske kulturminne som fekk mykje å seia - og nett no, ikkje minst, i høve til det føreståande presidentbesøket frå Irland, ein connection mellom dei to landa. Og mange trådar å følgja vidare, for den som har tid og lyst og anledning.

Eit lite PS

I materialet eg hadde med meg heimatt; - bøker, avisutklypp, kart, fotografi og noteringar, har eg to CD-ar med irsk tradisjonsmusikk. Ein av utøvarene heiter Sean Potts. Han var med i gruppa The Chieftains på 1970-talet. Og gruppa The Pogues har låten The Broad Majestic Shannon på ein av CD-ane sine. Correen Castle ligg i nærleiken av der River Shannon og River Suck renn i hop.

kjelder:

Fleire irske aviser
Grenham, John Joe: Moore. The Customs and Tarditions of a Rural Community. 1983/2004
MacLochlainn, Tadgh: A story of a Community over the Past 300 Years. 1971/1983
Arkivdokument frå Osen gard
Sorenskrivaren i Sunnfjord: Pantebok, Osen gard

Munnleg informasjon frå: Olav Johan Mo og Unn Karin Kleppe
Tate McHugh, Moore, Irland

PERMANENT IDENTIFIKATOR