Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. oktober 2001

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Hermetikkfabrikk i Sauesund



Det var i Askvoll produksjon av krabbehermetikk tok til og fekk størst omfang på kysten av Sogn og Fjordane. Her er òg eit godt område for krabbefiske.

Arbeidarane ved krabbefabrikken i Sauesund samla framfor den nye fabrikken. Verksemda kom i gang i 1911, og var ein av dei første krabbefabrikkane i landet. Drifta heldt fram til 2. verdskrigen.

Arbeidarane ved krabbefabrikken i Sauesund samla framfor den nye fabrikken. Verksemda kom i gang i 1911, og var ein av dei første krabbefabrikkane i landet. Drifta heldt fram til 2. verdskrigen.

Eigar: I Sogeskrift for Askvoll kommune nr. 8 1995.

Datering: Ca. 1911.

Fotograf: Ukjend.

Starta på Hindøya

Kolbein Sætre starta med krabbehermetikk på Hindøy i 1909. Etter å ha drive eit par haustsesongar, gjekk han saman med David Sauesund, og starta krabbefabrikken Sætre og Sauesund Preserving i Sauesund ein gong mellom 1911 og 1914. Også Meinard Wig skal ha starta med produksjon av hermetisk krabbe på Hindøya. Han skal så ha selt anlegget sitt til dei to nemnde ovanfor.

Bilete av David Sauesund.

Bilete av krabbefabrikken "Sætre og Sauesund Preserving."

Verksemda i Sauesund

Krabbefabrikken i Sauesund skal ha vore ein av dei første i landet. Hermetisk krabbe var då lite kjend, og omsetnaden var ikkje stor. Det var eit enkelt produksjonsutstyr, der handemakt var einaste drivkrafta. Dei første åra vart krabben kokt i eit skur ved sjøen, og deretter transportert på vagge opp til produksjonslokalet i ein kjellar. I 1925 vart ny fabrikk bygd ved sjøen. Alt arbeidet kunne då gjerast innandørs. I produksjonssesongane skal opp til mellom 50 og 80 arbeidarar ha vore i sving.

Bilete av ei taskekrabbe (cancer pagurus).

Slutt under krigen

Krabben vart levert av fiskarar i distriktet. Fabrikken hadde ei lita skøyte som heitte "Klippen". Denne vart nytta til å hente råstoff lengre vekke. Fabrikken stogga drifta under krigen 1940- 1945. Etterpå vart anlegget kjøpt av Bergen Preserving, og lagt ned.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Kystbygdene skifter ham. Kystlæremiddelprosjektet, Sogn og Fjordane DH, hefte 3. Sogndal 1986.
Tviberg, Th.: Artikkel i Firda. 08.10.1980.
Johansen, Karl E.:Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1960. Universitetsforlaget 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR