Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. mars 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bergingsdåd i Nordsjøen 1883 og påskjønning 50 år etter – T.B. Davis



Hausten 1933 hadde Firda Folkeblad ei etterlysing: «Kva sunnfjording var med skonner «Urda» til England i 1883? (…) fyrenamnet hans skulde vera Rasmus ...» Det var Politikammeret i Florø som dreiv på med etterforsking. Ein «englender» hadde blitt berga i Nordsjøen, og no ynskte han å koma i kontakt med bergingsmennene eller etterkomarar. «Ei forvitneleg soga» var overskrifta i ei anna avis i Sogn og Fjordane.

«Englenderen», Mr. Thomas Davis, fødd 25. april 1867 på Jersey, som blei berga i Nordsjøen i 1883, vart seinare ein søkkrik mann og dreiv det stort i segling. Her om bord på yachten «Westward».

«Englenderen», Mr. Thomas Davis, fødd 25. april 1867 på Jersey, som blei berga i Nordsjøen i 1883, vart seinare ein søkkrik mann og dreiv det stort i segling. Her om bord på yachten «Westward».

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: ukjend

Fotograf: ukjend

Åleine i lettbåt

Den 13. mars 1883 grunnstøytte skonnerten «Satellite» frå Jersey på ein sandbanke aust av Norfolk i England. Utfallet av uhellet var uvisst. I verste fall kunne mannskapet måtta gå frå borde. Dei sette lettbåten på sjøen med skipspapir og andre verdisaker og 16 år gamle Thomas Davis om bord i båten for å passa på. Men lettbåten sleit seg og rak av austover og ut av syne utan at nokon kunne koma til med hjelp. Etter fleire timar greidde mannskapet å få «Satellite» av grunnen og trygt i hamn i Southampton. Kapteinen rapporterte om lettbåten og rekna med at Thomas var omkomen.

Blei berga

Same dagen var den norske jakta «Urda» av Stavanger, rigga som skonnert, med eit mannskap på fem, på veg frå Bergen til Southampton lasta med havre. Den 14. mars, dagen etter grunnstøytinga på Haisbouroughs Sands, oppdaga mannskapet ein robåt med ein mann i. Dei greidde å berga guten og sette han i land i Cowes, på The Isle of Wight, øya sør for innløpet til Southampton.

Kom heim til si eiga gravferd

Førstereisguten Thomas B.F. Davis vart fødd i byen St. Helier på Jersey, 25. april 1867. Han var son til fiskar og skipsbygningsmann Thomas Leopold Davis og Jemina Vickers. Foreldra hadde ikkje råd til å gje Thomas vidare utdanning, og 16 år gamal reiste han til sjøs med fartøyet «Satellite». Skuta grunnstøytte på første turen Thomas var med. Wikipedia har artikkel om Thomas Benjamin Frederick Davis. Om den uheldige sjøreisa står det mellom anna:

«Alone and drifting he was able to stay aflote by constantly bailing [ausing, lensing]. Meanwhile the “Satellite” was eventually refloated and returned to Southampton with the news that Davis was missing presumed drowned. He was saved when he was picked up some 19 – 36 hours later by a small Norwegian schooner, the “Urda” from Stavanger, who took him to the Isle of Wight. Once ashore in England he made his way to Southampton and the captain of the Channel Islands’ mailboat took him back to Jersey. He arrived just as his family were leaving to attend his memorial service at St. Luke’s Church where he had been a member of the choir. It is reported that his mother fainted from the shock”

«Urda»

Det norske Veritas sitt klasseregister over norske skip, år 1879, har mellom anna desse opplysningane om skuta «Urda»: bygd i Stavanger 1857, registrert i Stavanger, kaptein og eigar: K. Gjermundsen, lengde: 60 norske fot, rigg: «J» (jakt), tonnasje: 63 tonn.

Velståande mann

Etter hendinga i Nordsjøen i 1883, heldt T.B. Davis heldt fram som sjømann. Han vart skipsførar 25 år gamal. I 1899 reiste han til Sør-Afrika. Der engasjerte han seg i hamneutbygging, og vart ein velståande mann. Han heldt heile tida kontakten med Jersey og donerte etter kvart store gåver til øya. Thomas Davis døydde i 1942 i Durban.

Møtte kronprins Olav

Davis vart ein kjend sports-seglar. Sommaren 1933 møtte han kronprins Olav i det norske seglar-paradiset Hankø. Han fortalde kronprinsen om hendinga tilbake i 1883. No ønskte han å gje bergingsmennene ei påskjønning, og ba kronprinsen om å hjelp til å spora opp sjøfolka på «Urda» eller etterkomarane deira. Det må kronprins Olav ha svara ja på, og bede om nærare opplysningar. I august kom det brev til kronprinsen, skrive om bord på «Yacht «Westward», datert 21. august 1933. Saman med brevet følgde ein sjekk.

“His Royal Highness
Crown Prince of Norway

Sir
I have at last obtained the necessary Data of the rescue of the writer in the North Sea by the “Urda” of Stavanger. I have the honour of forwarding toYour Royal Highness my cheque for two thousand five hundred pounds, to be distributed at your will to the crew or their discendants [if] failing (…) to some Charity of the town Stavanger. Rescued by the one Master Schooner “Urda” of Stavanger on the 13th March 1883 and landed at Southampton 14th March 1883. The Urda was on a voyage from Bergen to Southamption with a cargo of oats.

I have the honour Your Royal Highness to be Your obedient servant
T.B. Davis”

Tre av mannskapet var frå Sogn og Fjordane

Kronprins Olav sin adjutant tok saka vidare. Han sende brev til fylkesmannen i Rogaland. I oktober sende Kongehuset brev til fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Slottet hadde fått melding frå Rogaland om kven som var mannskap på «Urda» på turen over Nordsjøen i 1883, og at tre var frå Sogn og Fjordane, ein av dei busett i Stavanger.

Kaptein Knud Gjermundsen, Stavanger
Styrmann Hans Hansen, Stavanger
Matros Ole Vikøren, Stavanger
Matros Ole Lilleøren, Sogn
Matros Rasmus (efternavn ukjennt), Søndfjord

 Fleire aviser i Sogn og Fjordane følgde opp

Kongehuset spurde i brevet til fylkesmannen i Sogn og Fjordane, datert 26.10.1933, om det var råd å skaffa fram opplysningar om Ole Lilleøren frå Sogn, - om han sjølv var i live eller om det var «nogen direkte nedstigende familie». I Stavanger hadde dei elles funne opplysningar om at Ole Lilleøren var utvandra til Amerika. Sameleis var Kongehuset interessert i opplysningar - «viss mulig» - om «tidligere nevnte Rasmus eller hans familie.» Fylkesmann H.K. Seip tok saka til politiet, som i si etterforsking gjekk til avisene.

Ole Lilleøren – Sogns Avis

Sogns Avis, som kom ut i Vik, hadde 24. november stykket «Ei forvitneleg soga um ein bergingsdåd i Nordsjøen og bergingsløn 50 år etterpå.» Det står om Ole O. Vikøren og at han hadde fått kr. 10 000 i påskjønning for bergingsdåden. Derimot var det «verre å skaffa greide på» Ole Lilleøren. Granskinga var kome så langt at det stod mellom to mann som begge var busette i Amerika. «Mest truleg er der han som her i Vik gjekk under namnet Vetleklypen, son til Johannes Olsen Lilleøren (Klyp-Joans).» Den andre var søskenbarnet til Vetleklypen. Avisa melde at det «no vil verta røkt etter i Amerika for å fastslå nærmare kven av desse tvo det er.» (Resultatet av etterrøkinga kjenner vi ikkje til).

Rasmus frå Sunnfjord – Firda Folkeblad, Florø

Etterlysinga i avisene Firda og Firda Folkeblad etter Rasmus frå Sunnfjord gav god respons. Ein innsendar meinte det kunne vera Rasmus Olsen Hestad. I ei heller lang utgreiing står det mellom anna: «Rasmus reiste som sagt tidleg til sjøss (…). Ein gong hadde Truls Johannsson Hestad, - ein av gardgutarne og jamnaldringane hans raaka han i Bergen (…). Daa hadde Rasmusen fortalt at han hadde vore med aa berga ein Engelsmann.» Men andre heldt på andre Rasmus-ar: Rasmus Olsen frå Kvammen og Rasmus Pederson frå Svanøy. Avisa melde at politikammeret kom til å senda dei opplysningane «som ligg fyre til rette vedkomande». (Kva utfallet vart, kjenner vi ikkje til.)

Ole. O. Vikøren – Stavanger Aftenblad

Sogningen som var busett i Stavanger, gjekk det greitt å finna fram til. Stavanger Aftenblad hadde 8. september ei utgreiing om «en 50 år gammel Begivenhet som blir aktuell igjen». Om Ole O. Vikøren står det:

«Av mannskapet er nu bare en i live [i Stavanger]. Det er tømmermann Ole O. Vikøren, Hetlandsgaten 30. Han forteller at den unge gut blev tatt opp frå en båt som hadde vært på slep av det fartøi han hørte til. Båten hadde drevet av og var kommet helt bort fra skibet da mørket falt på. Været var stygt og gutten var helt hjelpeløs. Han fikk den beste pleie om bord og blev (..) satt i land i Newcastle [det rette: Cowes, Southampton]»

Sluttmerknad: Mange spørsmål

Ei notis i florø-avisa Firda Folkeblad hausten 1933 var starten på denne artikkelen. Florø politikammer etterlyste opplysningar om ein sunnfjording som hadde vore med på ein berginsgdåd i Nordsjøen i 1883, – «fyrenamnet hans skulle vera Rasmus». Den berga mannen, «englenderen» T.B. Davis, ønskte å gje ei påskjønning. Slottet hadde teke på seg å hjelpa til med å finna bergingsmennene eller etterkomarar. Korleis gjekk det? Ole Vikøren i Stavanger fekk sine 20 000 kroner. Det var ein stor pengesum. Men kva vart resultatet av «etterrøkingane i Amerika»? Og kva blei utfallet av det dei fann ut om sunnfjordingen «Rasmus»? Artikkelen er ikkje heilt avslutta. Ikkje minst hadde det vore bra med fleire og betre bilete. «Heile denne soga (..) er baade fotvitneleg og rørande,» slutta Firda Folkeblad ei oppsummering 6. desember 1933.

kjelder:

Firda, 30.11.1933.
Firda Folkeblad.
Sogns Avis. 20.11, 24.11.1933
Stavanger Aftenblad. 08.09.1933
Firda Folkeblad. 07.11, 21.11, 28.11, 00.11, 12.12.1933
Slottsarkivet, Oslo.

PERMANENT IDENTIFIKATOR