Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. april 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane - Tale på jubileumsfesten 1908



I 1908 feira Fylkesbaatane 50-årsjubileum i Bergen. På festen heldt D.O. Bakke frå Ytre Holmedal (Fjaler) ein tale som vart attgjeven i avisene etterpå. Han skildra "overmaate interessant" korleis bygdene måtte ordna seg med varetransport til og frå Bergen før Fylkesbaatane vart skipa, og kva rutebåtane hadde hatt å seia for utviklinga seinare. Her attgjer me talen slik han stod i <i>Fjordenes Blad</i> kort tid etter.

Jekt og dampskip på fjorden. "FJALIR" af N.B. AMT" (Nordre Bergenhus Amt). "Framnæs" og "Fjalir" var dei to første skipa til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, begge vart bygde i 1858.

Jekt og dampskip på fjorden. "FJALIR" af N.B. AMT" (Nordre Bergenhus Amt). "Framnæs" og "Fjalir" var dei to første skipa til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, begge vart bygde i 1858.

Eigar: I heftet Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

D.O. Bakke

Fylkesbaatane heitte frå 1858 Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. I kortform vart dei gjerne omtala som amtsskipa eller amtsbåtane. Namnet vart endra i 1919 då fylke kom i staden for amt. I 1908 var D.O. Bakke medlem av direksjonen (styret) i Fylkesbaatane.

David O. Bakke (1857-1935) frå Holmedal (som då høyrde til Fjaler kommune) var ordførar og stortingsmann, norskdomsmann og venstremann, bladstyrar og sogeskrivar.

Bytur før 1858

"Godtfolk! Eg minnest væl daa far min skulde til byen paa lyftingsbaaten sin. Dei kunne vere ein tre-fire grannar, som slo seg ilag paa slike byturar um hausten, og hadde med seg den budrotten, som dei hadde lagt upp um sumaren: Smør, ost, talg, ofte ogso ein stut og meir som kunde vera aa avlatast. Ei tenestegjenta, ei kona eller ein gutunge fekk daa ofte vera med for fyrste gong. Dei laut no hansa dei, naar dei kom til byen."

"lukke paa reisa"

"Ferdafylgjet hadde venta paa byren nokre dagar, men no var nordanvinden komen, og det var tid til aa koma seg avstad. Paa voren stod mor og syskjin og tenestefolk, og stilt og vart ynskte dei "lukke paa reisa". So var festet løyst og raaseglet vunde upp til mastretoppen med fløyen paa, og stolt og vyrdeleg gleid baaten fraa. Men paa voren vart me standande til seglet var kome attum neset."

Åtte til 14 dagar og meir

"Og reisi kunde vara lenge, 8, 14 dagar og meir etter som veret var - paa dei 10 gamle grautmilerne til og fraa byen. Og vandskar i vegen var mange. Ikkje var det no beint aa faa høyra fraa dei heller. Papir og portoen var dyr, og vegen til posthuset var lang, og so laut ein no spara på "unødige udgifter" ogso."

Høyrde av og til frå dei

"Det kunde daa høva so, at ein fekk fretta fraa ferdafolket sitt med byfolk paa heimvegen, som hadde møtt dei. Daa kunde det vera dette: dei møtte dei med Dingen slitande paa aararne i sunnavinden, daa heimferdsfolket tok til Sognesjøen, eller: dei laag i Kjilstraumen og venta paa at straumen skulde snu, eller: dei for forbi dei paa sjølvaste Byfjorden. Men det trefte og tidt, at dei heime ingenting fekk vita fyrr byfolket kom att."

"velkomne heimatte"

"Og som det ofta kunde vera utpaa aaret og i svartaste haustnatti, daa sudvesten kvein i noverne og skok, og husspreida slo - daa - jau daa kom ordi som av seg sjølv: "Gud hjelpe dei, er dei ute i slikt ver!" Leid det til heimkomstbil og ein saag segl utfor neset, so vart det vel ei undring og spyrjing. Er det dei? Jamen trur eg det er dei, og folk paa garden samlast i tunet for sjølve aa sjaa og høyra kva hine meinte. Jau, det var dei, og fyrr me endaa var komne i fjøra, so var dreggen kasta og baaten fortøygd. Fraa alle heime kom det eit "velkomne heimatte", og kvar hadde gjerne eitkvart bygodt i vente."

Byvarer

"Kva dei hadde med fraa byen? Jau, det kunde vera ei tunna korn eller tvo, litt salt, hamp og stry, nokre merker byled, og i bykista eit par tolvskillingsbraud og litt kandissukker, som skulde gøymast til jolehelgi, jamnaste og litt paa krukka, sume hadde kirsebærvin, sume og brennevin, og sume hadde ikkje noko av forgje."

Ei byferd var "eit hende"

"Ei byferd var daa som eit hende i bygdi, og fraa byferderne vart det fortalt utyver dei lange vinterkveldarne i koleljoset, medan rokken surra, skoen vart sauma eller garnet bunde eller bøtt, og ofte kunde grannarne samlast for aa friska uppatter gamle hendingar, og for borni var dette radt som eit eventyr."

"so kom dampen"

"Det var daa. Men so kom "dampen". Fyrst "Framnæs", so "Fjalir", so etterkvart alle dei andre, som me no ser - og det skal ikkje stor spaadomsgaava til for aa sjaa at der endaa vil koma mange. Dei kom fysjande og braakande med svarte røykvalkarne att yver seg og skar beinare veg, og vyrde korkje straum eller vind."

Medverka til vidare horisont

"Kva er da for noko?" - Det var so at sume kom til aa tvila paa, um alt dette gjekk rett til. Det var noko inne i ein, som vart skaka. Var det ein heilagdom, eller var det ein Dovregubbe eller ein nissemann, som vart saara? Noko av baae slag tenkjer eg."

Men "damparne" sa som Henrik Wergeland i eit anna høve:

"Nisser og dverge, bygge i bjerge.
men vi skal mine dem alle herut".

Og dei mina dei ut. Dei kom med beinare linjor i vaare ferder, og dei kom med vidare utsyn. Himmelsyni vidka seg ut, so ein saag ikkje berre bygdi, men bygdarne, og landet og utlandi med. For med dampen kom posten, aviserne og brevi - fyrst daa kom dei for alvor."

Folketiltak

"Og der kom ein ting med framum alt, som heitte samfundskjensla. So vart det daa ogso so at det gamle Firda- og Sygnafylket viste fram dette sersyn: eit dampbaatlag, der heile folket var reidarar. No ærar og takkar me mennerne fraa 1857, som bar denne stortanken fram og sette han i verk. Dei maatte ha tiltru til folketiltaket, og av det me no ser for oss, so maa me i det minste segja, at amtet ikkje hev havt skam eller skade av, at folket tok saki i eiga hand. Difor er denne saki ogso vorte til ein heider for folkestyret i amtet. Ho hev bunde folket i hop i tiltru til kva dei smaa krefter kan greida, naar dei dreg ilag og ein veg.

Og dette er ein lærdom, godtfolk, som kan koma vel med i andre høve end dette. Der ligg so mangt og ventar paa ei kraftig hand. Daa buser me gjerne og segjer: nei dette orkar me ikkje. Dette maa kapitalistane eller utlendingen greida. Me gjev eit slikt svar: Sjaa dampskipsfloten vaar i dag!

Lat daa denne femtiaarsfesten vera ei maning til oss um aa gaa i fedrars fotefar! Lat oss ikkje ørast i hovudet for det um me skal vidare og høgare upp, for daa ber det lett utfor! Lat det ikkje spyrjast, at folketiltaket i Nordre Bergenhus amt klikkar, men lat det spyrjast, at me som arvtakarar etter mennerne av 1857- som dei skyna si tid - ogso me skynar vaar."

Ordforklaringar

lyftingsbåt - båt med høgt dekk i akterenden
"som kunne vera å avlatast" - som kunne seljast
hansa -
byr - bør, lagleg vind
vor - bryggje
feste - landtau
med fløyen på - med vimpelen oppe
grautarmil -
fretta frå - høyra frå
husspreida slo -
heimkomebil - tida for heimkome
stry - strie, materiale av hamp
byled -
forgje -
eit hende - ei (stor)hending
røykvalkar - røykkvervlar
koleljos - lys frå ei kole, ei tranlampe
amt - fylke
Nordre Bergenhus Amt - 1919: Sogn og Fjordane fylke

kjelder:

Fjordenes Blad. 24.06, 01.07, 1908.
Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1858-1908. Bergen 1908.

PERMANENT IDENTIFIKATOR