Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 06. april 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Fylkesbaatane – Om kaptein Wærness



«en sjelden dyktig sjømann, godt anskrevet i det selskap han tjente i så lang tid [39 år], og meget godt likt av det reisende publikum”. Det var attest til kaptein H. Wærness i Bergens Tidende då Wærness runda 70 år, 18. juni 1939. Wærness er ein av dei ruvande kapteinane i Fylkesbaatan si soge. Han var skipsførar i 18 år, først på «Stavenes» i 1908, seinare på «Fjalir», «Sogn, «Firda», «Kommandøren» og «Nordfjord» 1.

DS «Nordfjord 1» på pinsetur 1932. Mannssangforeningen «Freya» samla på framdekket. Båten går inn Høyangsfjorden. Offiseren på brua er kaptein Wærness.

DS «Nordfjord 1» på pinsetur 1932. Mannssangforeningen «Freya» samla på framdekket. Båten går inn Høyangsfjorden. Offiseren på brua er kaptein Wærness.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1932

Fotograf: Ukjent

«heldt i roret»

Kari Louise Kvamme, fødd 1932 i Bergen, bur i Fjærland (2015). Ho er dotterdotter til kaptein Heinrich Wærness. Og ho hugsar at ho var med morfaren om bord og fekk halda i «roret». Vi fekk låna fleire foto av Kari Kvamme, mellom anna tre foto som viser kaptein Wærness på brua på tre ulike båtar. Dei er òg interessante ved at dei viser fleire skipsbygnings-detaljar frå tida då opne bruer var vanleg. Dessutan hadde Kari Kvamme ein del opplysningar om kaptein Wærness. Saman med litt anna kjeldemateriale, kunne vi laga denne vesle artikkelen om Heinrich Wilhelm Wærness, kaptein i Fylkesbaatane.

Sjømannen Wærness – tidsline

Heinrich Wilhelm Wærness, fødd 18. juni 1869 i Bergen, var son til sjøkaptein Peter P. Wærness. Vi har førebels berre få og snaue opplysningar om sjømannen Wærness. Han reiste til sjøs i «ung alder». Sommaren 1885 veit vi at han var påmønstra «SS Niord», i hamn i Cardiff. Heinrich Wærness var sjømann i over 50 år, først kring 16 år før han i 1897 vart tilsett i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane der han han hadde sitt arbeid til han gjekk av for aldersgrensa i 1936.

1881-1882 Reiste til sjøs, og tok etter kvart styrmannseksamen

1897 Vart tilsett som styrmann i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane).

1908 Vart kaptein på ”Stavenes”, seinare «Fjalir», «Sogn» og «Firda».

1912 Vart kaptein på «Firda» etter at kaptein Lund gjekk av for aldersgrensa

1916 Vart kaptein på «Kommandøren».

1932, 15.-18.05 Var førar på «Nordfjord»1 på pinsetur i Sogn og Fjordane med Mannssangforeningen Freya, Bergen.

1936, hausten. Gjekk av for aldersgrensa. «Mannseth førar på «Nordfjord 1» etter Wærness» (avisnotis).

Påmønstra SS Niord

På slutten av 1800-talet var Cardiff ei av dei største hamnene i Staorbritannia. Den norske sjømannsmisjonen etablerte sjømannskyrkje i 1868. Sjømannspresten føretok kyrkjelege handlingar på same måte som prestar i den norske kyrkja i heimlandet. Og han førde kyrkjebok. I rubrikken for «Konfirmerede» finn vi «Henrik Wilhelm Wærness» på datoen 17. juni 1885. Under «Kristendomskundskab og Flid m.v.» kan vi også henta fram nokre handfaste opplysningar om Wærness til sjøs i «ung alder». Seksten år gammal er han påmønstra fartøyet «SS Niord» førd av «kapt. Løvold», og det kan henda skuta skal vera ute «et aar»:

«[Wærness er] undervist om bord på SS Niord af kapt. Løvold. Havde ham hos mig i 3 ½ dag, i hvilken tid jeg overhørte ham og fandt hans kristendomskundskab meget tilfredstillende. Af sin kapt. fik han udmerket attest for godt forhold [flid og framferd]. Da skibet maaske skulde være ude et aar og skulde afgaa om et par dage, bestemte jeg mig til efter ham og kapt. Løvolds inderlige ønske at konfirmere ham.»

«Ta og bær ham ned»

Los Bendiksen (Mathias Bendiksen (1889-1971), Bergen), var tilsett i Fylkesbaatane i nær 50 år. I 1961 kom boka hans, «Minner fra sjømannslivet». Bendiksen møtte Wærness på sin aller første tur i om bord på «Firda» i rute Bergen – Sunnfjord, med stopp i Bulandet.

"Det blåste friskt av sydvest [… og det blei] adskillig verre utover Buefjorden. (…) Jeg rullet over ende på fordekket, og der ble jeg liggende, bleik som et lik ..» «Kaptein Wærness var da [1908] førstestyrmann. Han kom bort til meg, lo og spurte: - Er du sjøsyk? Og vendt til en av matrosene: - Ta og bær ham ned og få ham til køys. Og dette ble gjort og utan motstand frå min side.»

Merknad: Wærness «lo». Vitnar dette om ein mann utan medkjensle med folk i naud? Nei, på ingen måte. Førstreisguten Bendiksen si førstegongs-sjøsjuke høyrde vel nærast med til starten på sjømannsyrket. Ein slags dåp.
 

 

«de fulgte med sofabenkene»

Los Bendiksen fortel elles om eit anna tidleg møte med Wærness, hausten 1912, om bord på «Firda». Kaptein Lund hadde gått i land etter oppnådd aldersgrense, og Bendiksen sakna han mykje. «Wærness var nå blitt fører av «Firda» etter Lund. Wærness var også en hyggelig kar som vi satte stor pris på, og hadde han ikke vært det, hadde sikkert en episode som jeg nå skal fortelle om, kostet både meg og min bror jobbene våre.»

To ferskvasstankar for 1. plass var plassert under to sofabenker i damesalongen. Etterfylling måtte gjerast etter ei heilt bestemt oppskrift: Fylla på frå slange på land i ei trekt og passa på når det det var fullt. Det var strengt forbudt å kopla slangen fast i påfyllings-røyret, det kunne forårsaka overtrykk og sprenging. Denne gongen fann ikkje brørne Bendiksen trakta og kopla slangen fast. Den eine skulle stå på land og passa på eit luftrøyr som var kopla til tankane. På den måten kunne dei følgja med og skrua av i tide. Men så skjedde det at det Bendiksen på land gløymde seg ut, med det resultat at vasstanken sprengdes og «sofabenken fløy i lufta». Og ikkje nok med det:

«for å gjøre uhellet enda mere dramatisk, satt kaptein Wærness og restauratør Krogh akkurat på den benken og hadde en konferanse om ett eller annet. De fulgte med sofabenken og ble søkkende våte. Det ble et veldig oppstyr, men da vi to hadde forklart oss om årsaken til hendelsen fra først til sist, fikk vi syndsforlatelse med formaning om at det ikke måtte gjenta seg at vi fylte tanken uten å bruke trakten, og vi fikk fortsette om bord.»

Kaptein Heinrich Wilhelm Wærness - personalia

1869.18.06. Fødd i Bergen, foreldre: Sjøkaptein Peter Petersen Wærness, Bergen, og Nancy Tillot Baache, Memel (pr. 2015 Klaipeda i Litauen).

1873. Faren døydde om bord i båt ved ved Azorene.

1885.15.06. Konfirmert i sjømannskyrkja i Cardiff.

1899.09.07. Vart gift i Selje med Louise Karoline Strømme, fødd 08.01.1870 i Kautokeino, dotter til prost Ludvig Strømme, Selje. Fekk seks born, fire døtre og to søner,. Døtrene blei på 1920-talet omtala som «Kommandørens døtre.» Det kom av at faren frå 1916 var kaptein på DS «Kommandøren».

1945.02.26 Døydde i Bergen, gravlagd på Møllendal kirkegård. 

«Vore kapteiner»

Avisa «Sogningen», Vik, hadde 21. desember 1928 eit stykke i verseform under overskrifta «Vore kapteiner». I første verset seier rimsmeden seg lei for at ikkje alle kapteinane er med, fordi plassen «..desværre – sætter grenser». Berre fem slepp gjennom nålauget: kaptein Titland («Nordfjord I»), kaptein Andersen, kaptein Jansen, kaptein Bjerregaard («Firda») og - kaptein Wærness («Kommandøren»).

Ei nogen bedre kunde passe
at mande Kommandørens bro,
for Wærness, han er «1ste klasse»
og gjort av rette sjømandsto.
En staut gestalt
er ikke alt
men Wærness har foruten
det rette tak
paa hver en sak,
som dreier sig om skuten.

kjelder:

Bergens Tidende, 16.06.1939


Bendiksen, Mathias: Minner fra sjømannslivet.


Informasjon og foto frå Kari Kvamme, Fjærland


Statsarkivet i Bergen, Sjømannskyrkja i Cardiff