Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Planlegging av stamvegen mellom Bergen og Oslo



Spørsmålet om kor stamvegen mellom Bergen og Oslo skulle gå var ein lang prosess med stor politisk usemje. Det første vedtaket kom i 1975, då Stortinget vedtok at stamvegen skulle byggjast over Gudvangen-Aurland-Lærdal-Filefjell for å få ein heilårs ferjefri stamveg. Den gamle hovudvegen over Filefjellet skulle igjen bli "hovudveg" på Vestlandet.

Utsikt oppover Lærdal frå Lunde mot Mo. Fylkesveg 272 går på sørsida av Lærdalselva (t.h.), E 39 på nordsida (t.v.). Vegen er ikkje utbetra til stamvegstandard. Planlegging av ny veg er svært vanskeleg i dette jordbrukslandskapet. Ein stamvegtrasé midt gjennom dalen vil gi store ulemper. Planleggjinga og byggjinga av stamvegen både gjennom Lærdal og vidare austover går svært seint, og det er ikkje politisk vilje til å auka tempoet.

Utsikt oppover Lærdal frå Lunde mot Mo. Fylkesveg 272 går på sørsida av Lærdalselva (t.h.), E 39 på nordsida (t.v.). Vegen er ikkje utbetra til stamvegstandard. Planlegging av ny veg er svært vanskeleg i dette jordbrukslandskapet. Ein stamvegtrasé midt gjennom dalen vil gi store ulemper. Planleggjinga og byggjinga av stamvegen både gjennom Lærdal og vidare austover går svært seint, og det er ikkje politisk vilje til å auka tempoet.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Eit godt utbygd stamvegnett

Stortinget prioriterte frå 1970-åra oppgåva med å byggja ut eit nasjonalt stamvegnett som skulle knyta landsdelane tettare saman, redusera reisetida og gi tryggare og billigare transport for næringslivet. På Vestlandet baud utbyggjinga av gode og raske transportårer på større utfordringar enn mange andre stader i Noreg. Smale vegar, mange fjordkryssingar og fjellovergangar reduserte regulariteten i vegtransporten.

Stortingsmelding nr. 14

I 1970 kom St.meld.nr. 14 om Norsk Vegplan. Her vart spørsmålet om hovudsamband mellom Bergen og Oslo teke opp. Vegplankomiteen gjekk inn for ei line over Gol om sommaren, og ei line om vinteren over Haukeli. Samferdselsdepartementet derimot ville ha fleire alternativ vurderte, noko Stortinget slutta seg til.

Høyringsrunde

Vegdirektoratet la i 1973 fram ei utgreiing med 5-6 alternativ. Etter ein høyringsrunde med vegsjefane og fylkestinga tilrådde Vegdirektoratet i 1974 alternativa frå St. meld. 14. Samferdselsdepartementet tilrådde at stamvegen vart bygd over Aurland-Hol. Ein grunn var at dette ville gi eit ferjefritt samband i motsetnad til alternativet om Hardanger. Ei bru over Hardangerfjorden låg langt inne i framtida. Ein annan grunn var at det var viktig å få nytta investeringane Oslo Lysverker hadde lagt ned i vegen Hol-Aurland. Kraftutbyggjinga i Aurland på 1970-talet gav saman med eit bompengeprosjekt over Geiteryggen, vegsamband austover til Hol i Buskerud.

Aurland-Hol, mellombels stamveg

Stortinget vedtok i 1975 ein mellombels stamveg over Aurland-Hol, men samstundes ein framtidig ferjefri veg gjennom Aurland-Lærdal over Filefjell. Men vedtaket frå 1975 sto for fall. I 1990 la regjeringa Syse fram St.meld. nr. 15, der dei gjekk inn for ei både og løysing. Aurland-Hol skulle rustast opp til stamvegstandard og kortast inn med 7 km for 250 mill. kroner. Mange oppfatta dette som eit forsøk på å omgå vedtaket frå 1975.

Kjell Opseth: Lærdal-Filefjell!

Men ei ny regjering med samferdselsminister Kjell Opseth trekte stortingsmeldinga tilbake og la fram ei ny melding i 1991 (St. meld. nr. 53). Her heldt ein fast ved stamvedtaket om at vegen skulle gå over Filefjell. Minst mogeleg pengar skulle gå til Aurland-Hol, og planleggjinga av Aurland-Lærdal skulle starta opp snarast. Og slik vart det. I perioden 1980-2000 vart vegen bygd med fleire store tunnelar på strekninga Gudvangen-Flåm-Aurland-Lærdal. I 1987 byrja planleggjinga av vegen mellom Aurland og Lærdal. Alle alternativa var baserte på tunnel.

Mange flaskehalsar att

Også vegen gjennom Lærdal måtte utbetrast og leggjast om. Det var vanskeleg å planleggja vegen gjennom det tronge dalføret. Årsaka var jordbruksinteressene, og at vegen måtte gå gjennom eit særeige veg- og kulturhistorisk område. På denne vegstrekninga ligg det fleire generasjonar med vegar, frå Sverrestigen som var i bruk under kong Sverre (1184-1202), til dei meir moderne vegane frå 1793 og 1843 (Galdane). Lærdal er og ei driftig jordbruksbygd. Ein ny stamvegtrasé med ei vegbreidd på 8 m ville få store konsekvensar for jordbruket.

Historisk planprosess

Planarbeidet av den lenge tunnelen mellom Aurland og Lærdal og vegen gjennom Lærdal kommune vart sett i gang i 1992. Planprosessen i seg sjølv er historisk i fylket. Sogn og Fjordane har aldri hatt eit så stort og omfattande vegprosjekt å planleggja. Aldri har så mange instansar vore involverte. Det sentrale spørsmålet i planen var om noverande veg burde utbetrast og fungera som stamveg i nye hundre år, eller om ein burde velja eit alternativ som gjekk utanom dei tettast busette områda. Mange hevda av vegen ville gi auka miljøulemper som trafikkstøy og støvplager.

Tunnelmassane stor utfordring

Ei av utfordringane var å finna plass til dei enorme steinmassane frå stortunnelen Aurland-Lærdal. Vegsjefen gjekk inn for å nytta ein del av tunnelmassen til ny veg forbi dei tettast busette områda. Men då ville vegen gå inn i eit rikt kulturlandskap i grensa mellom innmark og utmark. Her vart det funne mange kulturminne. Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning peika på at planane truga nasjonale og internasjonale kulturminneverdiar i Seltåsen, Vindhella og Borgund (Borgund stavkyrkje). Det vart stilt krav om å utarbeida ei konsekvensanalyse for stamvegen gjennom Lærdal - før planleggjinga av vegen byrja.

Konsekvensutgreiing

Konsekvensanalysa var ferdig i 1996. Ei slik analyse stiller strengare krav til å løysa problem med miljø og kulturminne. Planleggjinga av tunnelen kunne derimot halde fram, men måtte no baserast på ei løysing fram mot eksisterande veg gjennom Lærdal. Dei kunne mellom anna ikkje nytta tunnelmassen til opprusting eller omleggjing, før spørsmålet om framtidig vegline var avgjort. Det viktigaste som kom ut av arbeidet, var at tunnelinnslaget i Lærdal vart lagt ved Håbakken, 5 km frå Lærdal sentrum. Dette førde til at lengda vart auka til 24,5 km.

I 2006 er stamvegen vidare opp dalen ikkje fullt utbygd. Vegen Seltun-Borgund (Steinklepp) var ferdig i 2004. Arbeidet med ny veg mellom Steinklepp og Borlaug starta i 2005. Mellom Håbakken og Borlaug var det 38 km veg før ombyggjinga. I dag er strekninga 8 km kortare. Vidare oppover mot Filefjell er det planlagt opprusting av eksisterande veg, men arbeidet ligg langt inne i framtida.

E-16 gjennom Sogn og Fjordane er 93 km mellom Hordaland grense og Borlaug i Lærdal. 80 km er nybygd veg. Utbygginga har teke 26 år. Det betyr ei årleg bygd veglengd på 3 km. Skal stamvegutbyggjinga ha same tempoet vidare vil vegen mellom Bergen og Oslo stå ferdig om 100 år.

kjelder:

Handeland, Olav: Ferjefri Heilårsveg. I Vegen over Filefjell 1793-1993. Frå kongeveg til stamveg, s. 38-39, Statens vegvesen 1993.
Lotsberg, Gunnar: Konsekvensutgreiing for E16 gjennom Lærdal. I Vegstubben, s. 12-13, nr. 1-1996.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.
Husum, Dagrunn: Ny stamveg i historiske fotefar. I Vegstubben, s. 10-11, nr. 3-2001.
St.meld.nr. 14 (1970.

PERMANENT IDENTIFIKATOR