Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Kunstverk i tre ved ved Sogn Fjordmuseum, Kaupanger



«Skulpturen skal egge fantasien – enhver skal finne sin båt, og glede seg ved linjenes spill mot den dramatiske bakgrunnen. Hvor finne man vakrere kulisser? Med Vårherre som regissør skifter de de fra lys til mørke gjennom dagens gang, fra vår til sommer, fra høst til vinter, evig skiftende.» (Wibeke Kangenhjelm på avdukingsdagen, måndag 28. mai 1973.)

Kunstverket står attmed eit av husa som høyrer til Sogn Fjordmuseum, De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum.

Kunstverket står attmed eit av husa som høyrer til Sogn Fjordmuseum, De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Båtar i abstraksjon
Kvar og ein skal finna sin båt. Kunstnaren Knut Rumohr (1916-2002, kjend som målar) ville ikkje ha ein konkret båt i treskulpturen han påtok seg å laga som utsmykking ved Kaupanger ferjekai. Ein bestemt båt ville låsa fantasien. Han laga eit «symbol», ein «abstraksjon» som ber i seg alle båtar før og no og i framtida. Kunstverket vart reist i 1973 og avduka i samband med ferjedåp. Det fekk plass attmed oppstillingsområdet for bilar til ferjene. Trafikken kunne vera stor, og ventetida lang. Wibeke Knagenhjelm sa mellom anna dette i avdukingstalen:

«Dette verk som skal være en blikkfanger og en kunstnerisk utsmykking, skal kunne nydes både av turistene som kommer med båt inn til kaien, og av folk som ferdes på fergekaien – eller som sitter i bilkø og venter.»

Kunstnar og snikkar
Kunstverket er sett saman av «båtar» i impregnert materiale, og festa mellom 3 stolpar. Snikkar Anders Furehaug hjelpte til. Han fekk god attest av kunstnaren. Knut Rumohr kunne ikkje få rosa hjelpesmannen sin nok. «Det er ein umåteleg flink handverkar».

Husmorlag reiste kunstverket
Det var Kaupanger og Amla husmorlag som stod føre arbeidet med å reisa kunstverket på ferjekaien i Kaupanger. Laget tykte kaiområdet «var litt av en stenørken», og betre blei det ikkje ved stor utbygging kring 1970. Ved iherdig innsats i fem år frå 1968 greidde husmorlaget å skaffa det som trongst av pengar og andre ytingar for å få kunstverket på plass: Sogndal Sparebank, AS Norske Shell (Shell-bensinstasjon på kaia), Fylkesbaatane (ferjeoperatøren), Kaupanger ferjeekspedisjon, Vegvesenet, «Kraftlaget» og «Sagbruket».

Avdukingsdagen
Kunstverket vart avduka måndag 28. mai 1973, og avlevert til «Kaupanger ferjekai i Sogndal kommune ved ordførar Nils Knagenhjelm». Wibeke Knagenhjelm heldt avdukingstalen og stod føre den høgtidelege avleveringa. Hendinga var første programpost i dåp av ny ferje frå Løland Verft AS, Leirvik, til Fylkesbaatane. Ferja fekk det tradisjonsrike namnet «Fanaraaken» og det var Ragnhild Værn, kona til vegsjef Rasmus Værn, som hadde det ærefulle oppdraget å stå føre dåpsritualet med champagneflaske mot skutsida.

Flytta lenger inn – ved Sogn Fjordmuseum
Fram mot 1995 var ferjestaden Kaupanger den mest trafikkerte i fylket, med ruter til Revsnes, Gudvangen, Flåm og Årdal. Det var liv og røre på kaiområdet, og reisande hadde Knut Rumohr sitt kunstverk tett på. Men i 1995 var det slutt. Då opna ferjesambandet Mannheller-Fodnes litt lenger inne i fjorden. Berre ferjene til Gudvangen heldt fram, og sjeldnare at nokon stoppa ved dei symbolske båtane på fjorden. Ei tid etter blei kunstverket flytta lenger enn, til Sogn Fjordmuseum. Kunstverket står no, pr. 2016, attmed ein museumsbygning, men framleis på ein open plass mot fjorden, og om somrane er mange framom på Fjordmuseet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane, 28.05.1973 og 30.05.1973


Sogningen/Sogns Avis, 22.05.1973 og 29.05.1973


Wikipedia : Knut Rumohr

PERMANENT IDENTIFIKATOR