Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. april 2002

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Språk

Slindebjørka



Den landskjende Slinde-bjørka gjekk over ende i ein hauststorm i 1874, men takka vere fleire målarar er ho framleis "i live". Thomas Fearnley sitt måleri Slindebirken frå 1839, vert i dag rekna med til dei "kanoniserte" verka i norsk målarkunst. Slindebjørka var meir enn ei vanleg bjørk.

Fearnley sitt måleri "Slindebirken" frå 1839, vert omtala som eit av dei kanoniserte verka i norsk målarkunst. Fearnley var på Slinde i 1826 saman med I. C. Dahl.

Fearnley sitt måleri "Slindebirken" frå 1839, vert omtala som eit av dei kanoniserte verka i norsk målarkunst. Fearnley var på Slinde i 1826 saman med I. C. Dahl.

Eigar: Nasjonalgalleriet/postkort.

Datering: 2001.

Fotograf: Nasjonalgalleriet.

Bjørka og haugen er ikkje meir

Slindebjørka stod på ein gard på Indre Slinde, på Hydneshaugen, ein haug der fleire eigedomsgrenser møttest. Ei namnetyding går på hydna, eller hjørne, ei anna på personnamnet Hydne i første lekken, dvs. haugen til Hydne. Haugen finst ikkje lenger og landskapet der han låg, eit kort stykke utom Slindesenteret, er endra ved at det er sprengt ut til veg og bygd hus.

I 1996 tok folk til orde for å markera staden med tanke på at reisande kunne få høve til å stogga der Fearnley og andre nasjonalromantikarar si etter kvart så velkjende bjørk stod. Det vart det ikkje noko av, bortsett frå at det vart planta ei heilt uoffisiell Slinde-bjørk i høve ei sleksstemna. Bjørka er seinare klypt ned. Ho var sett på ein ulagleg plass for eit tre som skulle veksa seg stort.

"Det fredede Træ"

Storbjørka på Hydneshaugen bles ned i ein storm hausten 1874. Det staselege treet ville nok ha vore gløymt i dag om det ikkje var for kunstmålarar som var på besøk fyrst på 1800-talet og laga skisser som seinare vart til prektige målarstykke. Dessutan forfatta Johan Sebastian Welhaven eit dikt om bjørka, og museumsmannen Wilhelm Frimann Koren Christie skreiv ein lenger artikkel med tittelen "Om et merkeligt Birketræe paa Gaarden Slinde, i Sogn" i Bergens Museum sitt skrift Urda I.

Welhaven sitt dikt på sju vers har tittelen "Det fredede Træ", og det fyrste verset er slik:

Ved Sognefjorden paa Gaarden Slinde,
Der er den stolteste Birk at finde;
Paa Hydnes-Houg, over Kæmpens Ben
Strækker den vidt sine kraftige Gren,
Og holdes i Ære,
Og kan sin Alder mod Skyen bære.

Storleik og form

Amund Helland nemner bjørka på Slinde i boka si "Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt" som kom ut i 1901. Han opplyser at i 1861 hadde treet fylgjande mål: a) den korte stammen ved grunnen var 5,6 m i omkrins (dvs. at to mann ikkje greidde å femna henne), b) den totale høgda var 18,8 m, og c) krona hadde ein diameter på 21,6 meter.

Kunstnarane sine målarstykke og skisser av bjørka er ikkje fotografisk korrekte og syner såleis ikkje eit "likt" tre frå bilete til bilete, men dei syner alle eit sterkt oppgreina tre heilt frå grunnen. Det gjeld også dei tre illustrasjonane her. Fearnley sitt måleri har ein kort grunnstamme som så greinar seg ut. Dahl sitt måleri gjev inntrykk av ein hovudstamme med to sidestammar ut frå rota, medan teikninga hans nærast syner eit tre med fire stammar heilt frå rota.

Christie på synfaring i 1827

Christie var på besøk på Slinde i 1827, og i artikkelen sin om det "merkelige Træe" nokre år seinare, kan me summera opp kva han såg og høyrde.

Bjørka stod på toppen av ein rund haug kalla Hydneshaugen (hjørnehaugen) på garden Indre Slinde der det var to oppsitjarar. Haugen var bygd av store steinar og låg ikkje langt frå utmarksgjerdet. Folk kunne fortelja at Hydneshaugen danna eit grenseskilje der fleire eigedomsgrenser gjekk i hop, og av det folk fortalde, skjøna han at bjørka i uminnelege tider hadde vore sett på som "heilag", og framleis vart rekna som slik. Dei forsikra han om at det aldri hadde kome "kvast" (bitjarn som øks, kniv, m.m.) på treet, dvs. bjørka hadde aldri vorte styva, hoggen eller kvista i. Han fekk òg høyra at det frå gammalt hadde vore skikk å tømma ei kanne med godt øl på røtene kvar jul, men dei opplyste at dette ikkje var skikk no lenger.

Christie undrast på om det knytta seg noka segn til haugen og bjørka. Ein gammal kårkall kunne då fortelja at i fylgje ei gammal segn skulle det vera nedgrave ein tolvkjels-ring (12 koparkjelar, den eine inni den andre) og eit pengeskrin i haugen, og at skattane var vakta på av ein kvit-orm. Mannen la til at folka på garden hadde hatt, og ennå hadde den trua, at det ville koma ulukke på dei sjølve eller feet deira dersom nokon på påførte treet skade.

Rest av førkristen kultus?

Christie freistar i artikkelen sin å finna forklåring på folk sitt forhold til bjørka og tradisjonen kring henne. Han meiner at den djupaste årsaka må søkjast i ei førkristen gudsdyrking, i skikkar og praksis som fanst hjå norrøne folk då kristendommen vart innførd. Han viser til døme på at tru og skikkar knytt til eldre gudsdyrking kunne halda seg gjennom fleire hundre år etter at kristendommen var innført, og at treet mange stader hadde plass i fedredyrking og religiøs kultus.

Opplysningar hjå Per Fett

Kva skjedde med Hydneshaugen? Gøymde han på kostbare skattar? I Per Fett sine fornminneregistre som vart utgjevne i kommunevise hefte dei næraste åra etter 1945, er det opplyst at haugen var 19 m i tverrmål, 4 m høg og bygd med eit 30 cm tjukt jordlag over ei kjernerøys. Det kom ikkje for dagen korkje koparkjelar eller pengeskrin, men derimot to steinsette gravkister med nokre sparsame lausfunn, alt datert til eldre jernalder.

Fett omtalar haugen som Kong Hydnes haug, eller Kongshaugen. Dette tyder på at folketradisjonen hadde ei anna forklaring på namnet enn den meir prosasiske hjørne-, eller hydne-forklaringa til Christie. Uttrykket "Kæmpens ben" i Welhaven sitt dikt, tyder og på at Welhaven har merka seg ei lokal førestelling om at det ikkje var kven som helst som var hauglagd i Hydneshaugen.

Ikkje utgreven av fagfolk

Fett sine funnopplysningar byggjer på samtale med Ivar Venjahola som i juni 1893 kom til Bergen med gravgodset i haugen. Det var folk på Slinde som vinteren 1892/93 hadde teke bort haugen. Det er opplyst at dei køyrde bort 3000 lass stein, og at dei under arbeidet kom over to steinsette gravkister og ein del oldsaker.

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Første del. Kristiania 1901.
Alsvik, Henning: Johannes Flintoe. Oslo 1940.
Sogn Avis. 21.06.1996.
Fett, Per: Førhistoriske minne i Sogn. Sogndal prestegjeld. Historisk Museum, Bergen 1955.
Kulturhistoriske leksikon for nordisk middelalder. København 1961.
Christie, Wilhelm Frimann Koren: Om et mærkeligt Birketræe paa Gaarden Slinde, i Sogn. I Urda I.
Norge. Tidsskrift om vårt land. Nr. 14, mai 1926. Oslo.
Brev frå lensmannen i Sogndal til Bergens Museum, datert 11.06.1893.
Helge Kofoed og Øivind Storm Bjerke: Tidens Øye. En innføring i norsk malerkunst. Oslo 2001.