Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Svartrev på frammarsj



Vinteren 2003 såg Bjarne Huseklepp to svarte revar med ei vekes mellomrom nær krysset på vegen mellom Vårdal og Guddal i Fjaler. Våren 2004 hadde avisa Firda oppslag med overskrifta: "Svartreven på frammarsj i Sogn og Fjordane". Hausten 2007 gjekk ein svartrev seg fast i ein silo i Sværefjorden.

Svartrev i Sværefjorden 12.08.2007.

Svartrev i Sværefjorden 12.08.2007.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 12.08.2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

"Kong Svartrev"

Svart villrev er ikkje noko vanleg syn i skog og mark, men svartreven er ikkje ukjend for folk. Somme eldre kjenner til svartrev frå folkeskulen. Ei bok i skulebiblioteket hadde tittelen Kong Svartrev. Handlinga er frå villmarka i Nord-Amerika. Dyr og fuglar tenkjer og ter seg som menneske. Motparten deira er jegrane representert ved halvindianaren Frans. Dyra hjelper kvarandre med å ikkje verta fanga. Dei rådlegg med kvarandre og handlar i lag.

Leiaren er ein svart rev - Kong Svartrev. Ein stad står det noko om kva slags dyr Kong Svartrev er:
"Svartrev har vore ein bra konge. Han har berga mange av oss or snara og fella, og så er han kongekledd óg. Berre sjå på han! Alle skyldfolka hans er raude, men sjølv er han svart. Det er prov på at han er skapt til å styra. Alle vi andre er plent like foreldra våre - berre at den eine kan vera litt større enn hin. Men sjå kongen vår! Det finst ikkje fagrare bunad i heile villmarka enn den han ber."

Ein annan stad får me eit hint om pengeverdien på pelsen til svartreven:
"Eg er fegen eg ikkje har slike stasklede, ropa Korp [ramn]. De skal sjå at kongen vår vert myrda ein god dag, berre for di han har så fin ein fell [pels].

Ein mutasjon

Svarte villrevar er altså ikkje noko nytt i verda, heller ikkje i Sogn og Fjordane. Kåre Solberg i Naustdal har arbeidd med rev i 40 år. Han fortalde til Firda at dei svartrevane som vart skotne hausten 2007 er vanleg raudrev som har fått svart pels ved mutasjon. Svartreven er ikkje nokon ny art i norsk fauna, og den er ikkje krysning av sølvrev og raudrev.

På frammarsj

Svartreven er kjend over heile landet og kan ikkje seiast å vera eit uvanleg villdyr. - Men det som er uvanleg, sa Kåre Solberg, er at det ser ut til å bli stadig meir svartrev. Ei mogleg forklaring på dette er at svartreven kan henda er meir motstandsdyktig mot reveskabb enn raudreven. Men fri for skabb er nok ikkje svartreven. Det kan folk i Sværefjorden fortelja om.

Minst to svartrevar i Sværefjorden

Søndag 12. august 2007 såg Hermund Kleppa ein svart rev i Sværefjorden. Folk vart forundra, ingen hadde sett svart villrev der i bygda. Men dei fekk snart syn for segn. Fleire kunne etter kvart fortelja om at dei hadde sett svart rev. I oktober søkte jamvel ein heilt nær innpå husa og det gjekk ikkje betre til enn at han rota seg ned i ein silo. Det synte seg då at reven var full i skabb og dei fann det rettast å avliva han. Men der må ha vore minst to svartrevar i Sværefjorden. Ei tid etter at det var ute med stakkaren som rota seg ned i siloen, observerte dei ein stor, svart rev nede ved riksvegen.

Sikre prov på to svartrevar i Sværefjorden i 2007 - der folk aldri har høyrt om at nokon har sett svartrev tidlegare - kan vera teikn på at svartreven er på frammarsj i Sogn og Fjordane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda 11.04.2006


Fraser, W.A.: Kong Svartrev. Til norsk ved Andreas Haavoll. Norsk Barneblads forlag 1948.


Informasjon frå: Johanna Sværen, Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR