Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane-Shetland - Kvernsteinar frå Hyllestad?



Sommaren 2005 la fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes merke til ein kvernstein i Lerwick. Bergarten likna unekteleg på glimmerskifer-bergarten i Hyllestad. Kunne steinen ha kome frå Sogn og Fjordane? Mengdevis av spor etter vasskverner finst på heile Shetland. Dei vert omtala som Norse mills. Det står murar etter ei vasskvern på øya Mousa.

Fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes granskar ein kvernstein attmed eit bustadhus i Lerwick. Bergarten liknar på glimmerskifer-gneisen i Hyllestad.

Fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes granskar ein kvernstein attmed eit bustadhus i Lerwick. Bergarten liknar på glimmerskifer-gneisen i Hyllestad.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Ukjend.

Spor etter vasskverner

Landskapet på Shetland er lågt og bakkete med små vatn og tjørner mange stader. Elvar og fossestryk finst ikkje - men mange småbekker (burns) som kan renna strie i periodar med store nedbørsmengder. Langs fleire bekkefar finst restar av vasskverner, gjerne fleire. På garden Troswick, sør på Shetland, har dei jamvel ei kvern i fullgod stand. Dei har vatn i ein bekk frå vatnet Loch of Cumle. Langs bekken er det spor etter to kverner til.

Små bygdemuseum har kvernsteinar i samlingane sine, både steinar som har vore nytta til handkverner og vasskverner. Det er heller ikkje uvanleg å sjå gamle kvernsteinar sette opp til pynt i hagane til folk eller ved husveggene.

Stadnamnet Quendale sør på Shetland ber bod om kornmaling. Her var i mange år ei mølle driven med vasshjul. No er mølla museum for kornmaling og landbruk.

Murar etter kvernhus på Mousa

Øya Mousa ligg på austsida av Mainland. Ho står på Unesco si verdsarvliste. Den islandske ættesoga om Eigil Skallagrimsson fortel at Bjørn og Tora frå Sogn og Fjordane overvintra på Mosey (Mousa) kring år 900. Dei heldt til ei borg, Moseyarborg. Den same borga står enno. Mousa Broch er den best bevarte jernalderborga i sitt slag i heile Storbritannia.

Om somrane går det båt til Mousa. Borga er det viktigaste reisemålet, men turistbrosjyrer nemner også andre attraksjonar som er verd å ta med seg, - sjøfuglar og fleire slag selartar, ruinar etter bustadhus og steingjerde. Men ein attraksjon er ikkje med, kvernhuset på Mousa.

Kvernhusanlegget

Det finst spor etter hundrevis av vasskverner på Shetland. Restane på Mousa er eit interessant døme. Det vesle taklause huset ligg kring 100 m frå sjøen i ein slak grasgrodd bakke. Det renn ingen bekk der. Vatnet vart leia ned bakkeskråningen i ei vassveit frå ei tjørn på andre sida av bakkekammen. Veita er framleis synleg, både ned til kvernhuset og vidare nedover til sjøen.

Murane har halde seg godt. Det er berre taket, kvernanlegget og vatnet som manglar. Ein kan lett å sjå føre seg vasskverna i bruk. Vatnet fossa inn i ei opning i langveggen under golvnivået, dreiv kvernkallen som var montert ned i ei renne langs endeveggen, og rann ut under andre langveggen.

Stadnamn - kvern (eng. quern)

Professor Jakob Jakobsen frå Færøyane samla i åra 1893-1895 stadnamn på Shetland. Han fann ei rekkje namn med det gamalnorske ordet hwen og kwen som fyrste lekk i namn med tyding vasskvern. Så og seia alle fanst i nærleiken av bekkefar der var eller hadde vore vasskvern eller mølle t.d. Hweinbregg (kvernbrekka), Kwendal (kverndal), Kwenister (kvernaseter) og Kvenjara (kvernarå) (å = bekk, shetlandsk: burn)).

"Likna heilt dei gamle kvernene"

Sommaren 1934 var den kunnskapsrike og mykje sogeinteresserte bonden Einar Seim på Kinn på studieferd til Shetland. Han var særleg interessert i ord og uttrykk av norrønt opphav i shetland-målet. I ein artikkel i Norsk Årbok fortel han mellom anna om vasskverner, kva han såg og høyrde på øyane Foula og Papa Stour.

"Eg såg tvo på Fula og ei på Papa Stor. Fyrr hadde det vore fleire. Dei likna heilt på dei gamle kvernane og kvernhusi våre, men var endå mindre. Kvernsteinane var av kråkesylvblanda gneis og var umlag 30 tumar i tverrmål. Dette steinslaget kalla dei "kverngrut" på Fula, eller "mildigru", av di dei fann grjotet [steinen] i myremoldi der burte."

Seim noterte seg også namna på dei einskilde delene i kverna. Ikkje så reint få har rot i norrøne namn og liknar på norske namn i vår tid.

Kvernsteinar frå Hyllestad?

Vasskvernbyggjarane prøvde alltid å få fatt i kvernsteinar av ein bergart som høvde best mogeleg for føremålet - å mala kornet til godt mjøl. Bergarten måtte ikkje vera for fin i strukturen og han måtte ikkje slitast ut, slipast ned, for raskt.

I Noreg synte glimmerskiferen i Hyllestad ispedd harde granatar seg å vera som skapt for kornmaling. Det same var ein liknande bergart i Trøndelag. Ingen bergart kunne mæla seg med desse. På begge stadene utvikla det seg alt i vikingtida ein ikkje liten kvernsteinindustri, også for eksport.

Det er påvist Hyllestad-steinar både på Færøyane og Island, men ein har førebels ikkje stadfesta funn på Shetland. Det vil ikkje seia det same som at det ikkje finst Hyllestad-steinar der. Det kan skuldast at det ikkje er leita systematisk. Sjansen for funn burde vera rimeleg stor. Ned gjennom Mellomalderen var Bergen utskipingshamn for varer vestover, og Shetland ligg nærare Bergen enn Færøyane og Island.

kjelder:

Seim, Einar: Artikkel i Norsk Årbok. 1936.
Kleppa, Hermund: Bekkekverner blei ferieinnslag. I Kjelda, nr. 2, 2005.

PERMANENT IDENTIFIKATOR