Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. juli 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fylkesbaatane - Sogeskrift til skulebruk 1931



Like før jul i 1931 kom det ut eit hefte om Fylkesbaatane med undertittelen "Eit stykke heimstadlære". Heftet er interessant både som sogeskrift om Fylkesbaatane og som skulehistorisk læremiddel.

"FJALIR" af N.B. AMT" (Nordre Bergenhus Amt). "Framnæs" og "Fjalir" var dei to første skipa til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, begge bygde i 1858. I 1931 hadde Fylkesbaatane 14 båtar. I heimstadlæreheftet <i>Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane</i> (1931) er det bilete av 10.

"FJALIR" af N.B. AMT" (Nordre Bergenhus Amt). "Framnæs" og "Fjalir" var dei to første skipa til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, begge bygde i 1858. I 1931 hadde Fylkesbaatane 14 båtar. I heimstadlæreheftet Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1931) er det bilete av 10.

Eigar: I heftet "Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane"

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Namn og skrivemåte
I jubileumsåret 2008 høyrer Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane med i storkonsernet Fjord 1, men namnet Fylkesbaatane, skorsteinsmerket og flagget er framleis i bruk. Fylkesbaatane hadde namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå 1858 til 1919, i kortform gjerne nemnt som amtsskipa eller amtsbåtane. Namnet vart endra då amt vart endra til fylke, men med dobbel aa for å. Og denne doble aa-en har halde seg heile tida. I skriftet denne artikkelen handlar om, ser me at forfattaren gjennomgåande brukar å, jamvel på tittelbladet. Derimot er det brukt dobbel aa på framsida.

"eit sogeskrift" - innhaldet
"Eit vent lite hefte", skreiv Fjordabladet (Norfjordeid), "der ein i stuttmaal faar fortalt selskapet si soga gjennom åri." Framsida er pryda av DS "Nordfjord 1" i full fart på fjorden. Heftet har 36 sider og er illustrert med bilete av fleire skip og personar, dessutan eit bilete av ekspedisjonsbygningen i Bergen. Dei fyrste 13 sidene, som er utan overskrift, er eit kortfatta oversyn over verksemda frå 1857 til kring 1890. Resten er emneinndelt og handlar om - i same rekkefølgja som opprekna her: a) konkurranse kring 1890, b) sterkare markering av "bondehovdingar" i styringa, c) tilhøva under 1. verdskrigen, d) mindre motorbåtar i lokaltrafikk, e) oversyn over tenestemenn i styret, f) tilhøva om bord for passasjerane, g) pensjonsordning for tilsette og h) konkurranse på ny måte i 1920-åra.

Fylkesbaatane si årsmelding for 1932 omtalar heftet med desse orda: "Ein har gjeve ut eit sogeskrift um båtane. "Eit stykke heimstadlære" som forfattaren (...) kallar det." Dei siste orda "som forfattaren (...) kallar det", gjev inntrykk av at utgjevaren sjølv, Fylkesbaatane, ved administrerande direktør T. Torgersen, ikkje var så heilt viss på kva som låg i omgrepet heimstadlære.

Heimstadlære
Ordet heimstadlære er sjølvforklarande, - lære om heimstaden, jr. helselære, lære om kropp og helse. Heimstadlære, også kalla heimbygdkunnskap, vart innførd i fagkrinsen for småskulen ved normalplanen av 1925 med 5-6 timar i veka dei tre første åra.

Heimstadlæra hadde heimstaden som studiefelt; - skulen, heimen, vegen til skulen, bygda, sjø og vatn, skog og fjell, naturen med dyre- og planteliv, arbeidslivet, og deretter eit vidare perspektiv: nabobygdene og byen. Tanken var at heimstadlæra skulle gje naturleg overgang til den meir planfaste opplæringa i soge, landkunne (geografi) og naturkunne (naturfag) i storskulen (dei fire siste åra).

Heimstadlæra skulle heile vegen ha sterk tilknytning til morsmålsopplæringa og faget skulle gje rom for eigenaktivitar som forteljing, teikning, modellering, studieturar til sogeminne og fri natur. Faget var forankra i tankane til dei klassiske pedagogane Comenius, Russeau og Pestalozzi; - borna skulle læra ved bruka sansane, sjå, høyra, lukta og kjenna. Dei skulle stimulerast til å undra seg og stilla spørsmål. Grunnleggjande læreprinsipp var å gå frå det kjende til det ukjende, frå det nære til fjerne, frå det enkle til det samansette.

Fylkesbaatane i heimstadlæra
Det var lærarane i Sogn som kom fram med ideen om å laga eit hefte om Fylkesbaatane til bruk i heimstadlæra. Båtstoppestaden var eit nært knutepunkt og ein viktig samlingsplass for folk i eit oppskore og nesten veglaust fylke. Rutebåten og Fylkesbaatane var vegen og reisemidlet til nabobygdene og til byen. "Dampen" var ein del av heimstaden og hadde sin sjølvsagde plass i heimstadlæra.

Vidare siktemål enn småborna
Me veit ikkje nærare om korleis det bar til at heimstadlæreheftet vart slik det blei, men både innhald og form vitnar om at siktemålet slett ikkje er dei lågaste klassestega i folkeskulen (grunnskulen).

Det særs korte føreordet frå styret i Fylkesbaatane på ei einaste setning, seier sitt: "Styret ønskjer å gje både skuleungdommen og folk elles i fylket "lett høve til å læra Fylkesbåtane si soga m.v. å kjenna." Forfattaren var lærar Andreas B. Vamraak frå Kyrkjebø, ein verkeleg "lærarkjendis" i si tid. Han var sjølvsagt fullt i stand til å skriva om Fylkesbaatane med born i dei tre første skuleåra som målgruppe. Det gjorde han ikkje. Han hadde etter alt å døma dei leseføre borna i tankane, og "folk elles", det vil seia vaksne. Vamraak har ikkje brukt ei gjennomførd form. Nokre stader skriv han lett skjønleg for born, andre stader meir til vaksne lesarar. Me skal ta med eit par døme på ord og vendingar mynta på born:

"Fylkesbåtane er (...) ei stor forretning som det kan vera verdt å høyra noko um. Dei fer her dagstødt inn og ut etter fjordar og rundt alle øyar i fylket som våre trugne ærendsveinar. Folk hev litt etter kvart vorte glade i desse gode tenarane sine. Me kallar dei "dampane våre". Og me er krye av dei. Borni er ikkje gamle fyrr dei kjenner namni på dei. Og frametter alle strender leikar dei slik i småguten sin hug, at noko av det fyrste han freistar å teikna, det er ein damp. Der høgt på styrebrui stend kapteinen med 3 blanke stjernor på hua. Han og båten hans vert med i framtidsdraumane åt mang ein smågut."

"Og spørst det at ein av båtane hev fenge skade, vorte ute for ei uheppe på ein eller annan måten, so vaknar det ei samhugskjensle i ein mest som når det heime hev gjenge gale med "Blakken" eller ho "Dagros" der uppe i hamnehagen [nærast utmarka]".

"Alle båtane er gilde, ja, men sume er då gjævare enn andre. "Kommandøren" var lenge den gjævaste. men dei siste 12-15 åri hev "Nordfjord 1" vorte gromguten, so det er sers høgtid når han syner seg i farvatnet."

I eit avsnitt i kapitlet om Fylkesbaatane under 1. verdskrigen finn me ord og vendingar som er mindre barnevennlege:

"Men som ein skynar, var det stor sut og møda med å halda det store apparatet gåande då umkring 20-åri. Det fekk ein og ei sterk kjensle av når ein høyrde den talen direktør Torgersen heldt for fylkesmann Christensen på avskildsfesten i Bergen 15. mars 1930. Han takka då fylkesmannen for den samhug og umtanke han alle åri hadde synt Fylkesbåtane og samferdsla i fylket, og serskilt takka han for den verdifulle hjelp i råd og dåd han hadde gjeve i den vanskelege tidi under høgkonjukturen."

 

Hermer og historier
Den folkelege forma kjem òg til uttrykk gjennom hermer og småhistorier her og der. Det går mange historier om kva folk kom med av utsegner når dei for første gong såg dampskip som for rett fram enten det var storm eller stille. Dampskipa "Trafik" og "Patriot" gjekk tidvis i rutetrafikk Bergen-Sogn før Fylkesbaatane byrja i 1858. Forfattaren har med ei herme etter ein sogning: "Eg hev set at dei både kan ro seg fram og sigla seg fram. Men at dei kan røykja seg fram - det hev eg aldri sett fyrr."

Vidare fortel han om ein jekteseglar som låg på Byfjorden og rak i stilla og fekk fatt i ein slepebåt. Då slepebåten sette på full fart, heldt stamnen på å bli riven laus. Jekteskipperen sette då i: "Stogga, stogga, helvitunge! Ser du ikkje skuta ribna, kar!"

Og så tek me med utbrotet til eit sognekvinnfolk som ikkje kunne dy seg då ho såg oppslaget "Sputt ikkje på golvet": "Kor skal ein sputta her då, upp i taket?"

Heftet godt motteke
Heimstadlæreheftet Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane kom ut i byrjinga av desember 1931. Det vart sendt til alle skulane og skulestyra, til ordførarane, jordstyra og landbrukslaga, handelsmenn og andre forretningsrivande i fylket. Avisene melde om heftet, og let vél. "Vamråk hev (...) på ein folkeleg og greid måte fortalt soga åt båtane", skreiv Sogns Tidend (Sogndal) i si melding. "Den vesle boki vil (...) verta (...) vel motteki av det vaksne folket i bygderne som av skulane og borni."

Første heimstadlærehefte i fylket
Etter det me kjenner til er A.B. Vamraak og Fylkesbaatane sitt hefte om Fylkesbaatane i 1931 det første trykte læremiddel til bruk i heimstadlære i Sogn og Fjordane. Og ikkje nok med det, i årevis var heftet det einaste i sitt slag. Det var først med Mønsterplanen 1971 det kom fart i å laga trykte hefte om emne frå heimstaden. Såleis er heftet Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1931) svært interessant som skulehistorisk læremiddel.

kjelder:

Vamraak, Andreas B.:Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Eit stykke heimstadlære. Utgjeve av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Bergen 1931.
Fjordabladet. 15.02.1931.
Sogns Tidend. 16.12.1931.
Årsmelding for Fylkesbaatane 1931. I Sogn og Fjordane Fylkestingsforhandlinger. 1932.