Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Frå ferje til bru over Loftesnessundet



Loftesnesbrua var det første bru- og vegprosjektet som vart bompengefinansiert i fylket. Brua sto ferdig i november 1958. I ein 20-årsperiode hadde det gått ei lita pendelferje over Loftesnessundet, og før det igjen, vart folk og fe rodd over sundet. Brua var eit viktig steg framover for den landbaserte samferdsla i midtre og indre Sogn - og gjorde sambandet austover enklare.

Brua, som opna i 1958, vart planlagt av brukontoret i Vegdirektoratet. Det er ei stålfagverkbru med overliggande brubane i armert betong. Sjølve brua har to sidespenn på 52 meter og eit hovudspenn på 72 meter. I tillegg kjem tre mindre sidespenn, eitt på Sogndal-sida og to på Loftesnes-sida. Brua er 210,5 m lang. Den frie gjennomsiglingshøgda er 15 m. Kostnadene var 2,15 mill. kroner.

Brua, som opna i 1958, vart planlagt av brukontoret i Vegdirektoratet. Det er ei stålfagverkbru med overliggande brubane i armert betong. Sjølve brua har to sidespenn på 52 meter og eit hovudspenn på 72 meter. I tillegg kjem tre mindre sidespenn, eitt på Sogndal-sida og to på Loftesnes-sida. Brua er 210,5 m lang. Den frie gjennomsiglingshøgda er 15 m. Kostnadene var 2,15 mill. kroner.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1998, 13. juni.

Fotograf: Per Birger Lomheim

Ferjemannskap

Den korte strekningen mellom Loftesnes og Nes har nok vore mykje trafikkert opp gjennom tidene. Det knytte dei indre sognebygdene på nordsida av fjorden til Kaupanger og Lærdal.

I 1875 tilsette kommunestyret Ole O. Loftesnes som den fyrste faste ferjemannen. I 1880-åra tok svigersonen, Jon O. Loftesnes over. I 50-60 år rodde han fram og tilbake over sundet. Døtrene Josefine og Sofie hadde han med seg når dei vart store nok til å hjelpe. Han brukte ofte storebåten når det var dyr som skulle fraktast over, medan døtrene frakta ferdafolk i robåten. Då køyrevegen mellom Kaupanger og Lostesnes var ferdig i 1938, vart det naudsynt å skaffa bilferje. Vegvesenet tok over ferjetrafikken, og Josefine og Sofie vart billettseljarar.

Då ferja sokk

I 1938 sette vegvesenet inn ei lita pendelferje. Ferja vart tinga av vegsjef Alf Torp, og vart levert av Løland Motorverkstad i Leirvik. Ferja skal ha vore ei av dei aller første heilsveisa stålbåtane i landet. Ho var 15 m lang og hadde plass til fire personbilar. Den 9. november 1941 sokk ferja under sleping på veg til verkstaden. Josefine og Sofie sto klare til å ro ferdafolk over i småbåt igjen. Jon var for gammal. Han selde storebåten til vegvesenet for 300 kroner. Litt seinare vart det sett inn ei mellombels ferje med trekkvaier og sveivemekanisme. Heilt enkel var ikkje denne forma for ferjedrift. Det kunne vera farleg om vinteren når vaieren la seg oppå isen.

Ny ferje

Ei ny kabelferje vart levert i 1944. Ferja frakta ikkje berre folk, men også sauer, kyr og hestar. Det hende dyra vart skremde og bykste på fjorden når dei skulle over sundet, men sjeldan var det større ulukker. Ferjeturen var ikkje alltid ei like hyggeleg oppleving i regn og snødriv - open som ho var. Det var heller ikkje faste ferjetider. Skuleungane Loftesnes som gjekk på Trudvang skule, måtte møta tidleg opp om morgonen i håp om at det skulle komma bilar så ferja kunne gå. Først mot slutten av 1946 vart det innført faste ferjetider. Det kosta like mykje for ein person som for eit dyr. Ferja gjekk fram til november 1958. Siste året frakta ho 32.000 bilar og 126.000 passasjerar.

Planar om bru over sundet

Alt i 1877 vart det utarbeidd planar for ei trebru over sundet mellom Nes og Loftesnes. Først då Stortinget løyvde pengar i 1938, til veg mellom Loftesnes og Kaupanger, vart bruplanane igjen vurderte. Eit nytt utkast vart laga, men andre verdskrigen kom i vegen. Først i 1954 byrja dei igjen å arbeida for å få bru over sundet. 25. november 1958 vart Loftesnesbrua, i riksvegrute 565, offisielt opna. Kring tusen menneske var til stades under opningsseremonien. Fylkesmann Nikolai Schei føretok opninga og klipte snora midt på brua. Med musikklaget først gjekk alle over brua. Musikklaget tok ferja tilbake til Nes, og det vart siste turen til Loftesnesferja.

Bompengeadministrert bruprosjekt

Brua skulle løyvast over statsbudsjettet, men vart i første omgang forskottert gjennom lån. Til dekning av renter av lånekapitalen vart det kravt bompengar. Dette var det første bompengefinansierte bru- og vegprosjektet i fylket. Sogndal kommune sto for bygginga, og brua vart nedbetalt på seks år. Det første året kosta det tre kroner for buss eller lastebil, to kroner for personbil eller traktor - og ei krone for motorsyklar. Syklistar og fotgjengarar reiste gratis. Igjen var det Josefine og Sofie som tok jobben som billettseljarar. Dei delte jobben fram til 1965 då bompengeordninga var slutt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn: Ei industriverksemd i ytre Sogn. I Årbok for Sogn. 2004.
Engesæter, Aage og Thue, Johs. B: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Det Norske Samlaget 1998.
Nederlo, Liv Kvåle: Loftesnessundet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR