Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. mai 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 Ytre Holmedal prestegjeld



I løpet av fire månader gjekk Noreg frå union med Danmark til sjølvstende med Grunnlov og valt konge. Alt som eit opprør mot Kielfreden 14.januar der danskekongen gav frå seg Noreg til Sverige. I spissen for opprøret stod den danske statthaldaren i Noreg, prins Christian Fredrik og den norske eliten. Før hausten var omme, kom Noreg likevel i union med svenskane, men no som sjølvstendig stat. I Ytre Holmedal kom soknepresten tett på arbeidet for sjølvstendet.

Den gamle kyrkja i Dale der valet gjekk føre seg vart riven i 1864. Biletet syner den nye kyrkja som nybygd, om lag 1865.

Den gamle kyrkja i Dale der valet gjekk føre seg vart riven i 1864. Biletet syner den nye kyrkja som nybygd, om lag 1865.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1865

Fotograf: Marcus Selmer

Kyrkja – viktig del av det kongelege maktapparatet.

 For at landet skulle bli sjølvstendig og Cristian Fredrik bli valt til konge, måtte det handlast lynraskt før den svenske kronprinsen var tilbake frå krigshandlingane og gjorde krav på Noreg. Kyrkja spelte ei sentral rolle i hendingane i 1814, og var den dominerande arenaen for mange av dei førebuande hendingane fram mot grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll.

 Kyrkja var den naturlege samlingsstaden, ho var eineveldig på det religiøse området, var landsdekkjande og ein del av det kongelege maktapparatet. Folket og fedrelandet vart gjort til Guds sak, og den kyrkjelege infrastrukturen gjorde det mogeleg for prinsregent Christian Fredrik å gjennomføre val på utsendingar til grunnlovsgjevande forsamling på Eidsvoll. Det fyrste nasjonale valet gjekk føre seg i her, dei lokale valadressene, som skulle leverast til regent Christian Fredrik personleg på Eidsvoll, vart i hovudsak utforma av prestane. Prestane fungerte også som «valstyre».

 Etter at Grunnlova var vedteken og kongen valt, vart det tillyst festgudsteneste i alle kyrkjene i landet. Om hausten var kyrkja vallokale for andre gong. Nye stortingsmenn skulle veljast. Det skulle no forhandlast med svenskane om korleis Grunnlova skulle tilpassast unionen.

Særskild bededag – fyrste steg i den folkevalde prosessen mot sjølvstende

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Ytre Holmedal brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det skulle haldast særskild bededag over heile landet fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Føremålet var å starte fyrste steg av valprosessen av utsendingar til Eidsvoll.

Biskopen i Bjørgvin sende ut rundskriv til prostane i stiftet om at valet skulle gå føre seg i hovudkyrkja i prestegjeldet. Soknepresten si oppgåve var no å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars, med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Kunngjering, appell, eid, bøn, preik og val

Innhaldet i kyrkja denne dagen var detaljert føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Etter gudstenesta skulle det veljast to valmenn til eit valmøte for heile amtet, kor utsendingane til Eidsvoll skulle veljast. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «aktverdige Mænd». Amtsvalet skulle gå føre seg i Vik i Sogn.

Ytre Holmedal prestegjeld i 1814

I samband med valet til Eidsvoll vart prestegjelda brukte som valkrinsar på landsbygda. Det var tre kyrkjesokn i Ytre Holmedal prestegjeld, med Holmedal som hovudsokn og kyrkjeanneksa Dale og Guddal med kvar si kyrkje. Sjølv om Holmedal var hovudsokn, låg prestegarden i Dale på garden Bjerga. Holmedal sokn låg på andre sida av fjorden, ein rimeleg kort ro- og sigletur unna. Guddal sokn, derimot, låg meir avsides til, spesielt om vinteren. Sorenskrivar Arentz omtala i 1780 prestegjeldet og tilkomsten til soknet i Guddal slik:

«Ytre Holmedalskallet er et av de minst besværlige i Bergens stift, undtagen Guddals kyrkje, ved hvilken saare sjeldan vinteren igjennom kan holdes teneste formedels menis og høi sne, sjønt prædiken elles ordentligvis skal efter rigtig omgang holdes hver 3.søndag i hver kirke, uden at navnet Guddals kapel deri gjør nogen forandring.»

Forsømt skulestell

I 1801 budde var det 2417 personar i prestegjeldet. Her var lensmann, og i Dale sokn budde sorenskrivar for Sunnfjord Nils L. Landmark. Prestegjeldet skulle ha skuleordning (omgangsskule) og fattigstell etter forordningar 1739/1741 og 1755, og forlikskommisjon/råd frå 1798. Ei inntektskjelde til skule- og fattigstellet var pengegåver i kyrkjene, både ved kollekt og ved faste bøsser. Men sokneprest Nielsen, som i 1812 vart utnemnd til prest i Ytre Holmedal, fann skulestellet syrgjeleg forsømt. I 1814 skriv han til prost Wingård at «Skolevæsenet i dette præstegjeld er i en yderlig slett tilstand. Skrivekunsten stod det dårleg til med, også hos lærarane « (… ) De her ansatte 3 skoleholdere føre blot navnet.»

Det var i fyrste rekkje kyrkja ved presten, prosten og biskopen som etter lovverket hadde ansvaret for skulestellet, og dei hadde tydelegvis ikkje prioritert dette så høgt. Dei tre lærarane hadde ikkje lønn og fekk berre litt småpengar i samband med konfirmasjonsundervisninga. Foreldra var heller ikkje så ivrige etter å gje borna skulegong utover den undervisninga i religion som dei sjølve gav dei. I fylgje presten kunne opplæringa vere så ymse.

Valkyrkja

I fylgje direktivet frå biskopen skulle bededagen og valet haldast i hovudkyrkja. Slik vart det ikkje i Ytre Holmedal prestegjeld. Holmedals kyrkja var hovudkyrkje fram til 1894 då Dale kyrkje overtok denne funksjonen, men 18.mars samla presten kyrkjelyden til bededag og val i Dale kyrkje. Kvifor veit vi ikkje, men kanskje dette ganske enkelt handla om geografi og strategi ? Dalekyrkja låg meir sentralt til enn kyrkja i Holmedal der kyrkjelydane både frå Dale og Guddal måtte krysse fjorden. Eit strategisk val av kyrkje og ein måte å samle flest mogelege av kyrkjelyden på for ein ihuga sjølvstendeprest, kanskje? To dagar seinare, søndag 20 mars, var det ordinær gudsteneste i hovudkyrkja i Holmedal.

Dagens Dale kyrkje stod ferdig i 1864, og er såleis ikkje det opphavlege vallokalet frå 1814. Det gamle gudshuset var ei bordkledd og tjørebreidd tømmerkyrkje frå 1593. Skipet var16 m langt og 10 m breitt og eit kor på 5,5 x 6,5 m.

Soknepresten i Ytre Holmedal

Niels N. Nielsen (1777- 1854) kom til prestegarden i Dale hausten 1812. Han skil seg vesentleg frå sine samtidige prestekollegaer med sin enkle bakgrunn. Dåtidas prestar var gjerne fødd inn i det høgare sjiktet, og son fylgde ofte gjerne far i prestegjerninga. Nielsen var son til ein smed og klokkestøypar. Han var dansk, fødd i landsbyen Balbro ved Odense på Fyn. Nielsen hadde ikkje tenkt å gå i faren sine fotspor som handverkar. Han ville ha utdanning. 12 år gamal byrja han på latinskulen i Odense mot foreldra sin vilje. Truleg måtte han få støtte frå legat for å gå der. Etter eksamen artium studerte han vidare til teolog i København. Pengemangel gjorde til at han måtte ta arbeid som huslærar, og i ein periode fungerte han «litterær Bestyrer ved Kysttelegrafen» på Stevns klint på Sjælland for å finansierer studiane.
 

Kall i Noreg som siste utveg

Då han var ferdig i 1804 var det håplaust å få kall og som siste utveg han reiste til Noreg og Vardø i 1808. Her møtte han den tyskfødde Anna Catrina Trost som han gifta seg med. Han gjorde teneste i to i Vardø før han saman med kona, ei svigerinne og den vesle Hans Jørgen og nyfødde Kristine reiste til Trondheim. Vesle Kristine tålte ikkje turen og døydde undervegs. I Trondheim vart det smalhals for han hadde ikkje noko kall som venta. Løysinga vart å spe på vartpengane frå kongen med å undervise i fransk. I september 1812 fekk han endeleg kall i Ytre Holmedal og seinhaustes sigla han sørover med to barn og ei høggravid kone.

Norsksinna danske med politisk kometkarriere

Nielsen vart vel teken i mot i prestegjeldet. Sjølv om han var dansk, var han han sers norskvennleg og vart etter knappe eitt og eit halvt år vart han vald som utsending til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Korleis kunne det ha seg at denne nyinnflytta dansken kunne bli valt til Eidsvollsmann? Forklaringa kan kanskje vere at då Kielfreden vart kjend 14.januar, skulle dette meldast frå preikestolane over heile landet, med eller utan personlege kommentarar. Nielsen gav si personlege erklæring, denne kom biskop Johan Nordal Brun for øyra og fall serdeles godt i smak. » I talte som en Mand» skreiv biskopen attende. Mykje talar for at biskopen brukte makta og nettverket sitt til å fremje kandidaturet til Nielsen når utsendingane til Eidsvoll skulle veljast.

Opplysningsprest

Nielsen vert omtala som ein sann idealist og opplysningsprest, og han sette seg føre å ta tak i det miserable skulevesenet i prestegjeldet. Han fekk organisert den lovpålagde, men manglande skulekommisjonen og sytte føre at prestegjeldet fekk organisert skulevesenet. I tillegg gav han opplæring til lærarane. Han fekk gode skussmål for dette arbeidet hos biskop Pavel, « (,…) uden tvivl en av stiftets første prester», men mange i kyrkjelyden var ikkje heilt nøgde med at dei no måtte yte bidrag til skulekassen.

Sjølv om biskopen var nøgd med arbeidet presten la ned for skulen, var han ikkje så nøgd med preikene hans. Nielsen var ein serdeles god predikant, men biskop Pavels skreiv etter visitasmelding i 1819 at hans forkynnelse var meir bibelsk, for den inneheldt mest kristeleg moral og «over det Hele svever en vis Hjertelig Popularitet.»

 Nye kall og nye utfordringar

Nielsen flytta frå Fjaler til Eid i 1821. Han grunngjev dette med ein årleg veksande barneflokk, og trong han difor eit kall som gav betre inntening. Han sleit med kreditorane frå tida i Vardø og det lite innbringande kallet der. Også i Eid engasjerte han seg sterkt i skulen. Nielsen gjorde vidare karriere som prost i Nordfjord i 1830 og stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt same året. Fem år seinare fekk han kall i Borgund i Møre og Romsdal der han virka til han døydde 77 år gamal.
18. mars 1814 i Ytre Holmedal

 18. mars 1814 i Ytre Holmedal

 Det var godt kyrkjever denne dagen, i fylgje dagboka etter sorenskrivar Landmark. «Stille med tykk luft(…) » Kaldt var det heller ikkje, berre minus 1 grad C, og det hadde vore ein snøfattig vinter. Forholda låg såleis godt til rette for både dei sjøfarande og landevegsfarande som skulle til kyrkje denne dagen. Det kom godt med, for det var ikkje berre val og nasjonsbygging som førte folk til kyrkja denne fredagen. Her var folk samla folk både til dåp og gravferd. Tre dagar gamle Kornelius Jakobsøn Steiestøl vart boren til dåpen denne høgtidsdagen, og vesle Bærent Karstensøn Myklebust, 10 år, som døydde same dagen, vart følgd til grava. Ein dag full av kontrastar.

Kjeldene seier lite om kven som møtte i kyrkjene på bededagen. Møtte både kvinner og menn som vanleg, eller berre menn med stemmerett? Kvinner hadde ikkje stemmerett. På bygdene var det embetsmenn, brukseigar, jordeigar eller gardbrukar som kunne stemme, og dei skulle vere fylte 25 år. I Ytre Fjaler prestegjeld og Dalekyrkja kan vi alle høve slå fast at til denne gudstenesta, som inneheldt både dåp og gravferd, møtte både kvinner og menn.

Kvifor vart det halde både dåp og gravferd denne dagen?

Det var ordinær gudsteneste i Dale kyrkje søndag 23.mars, knappe veka etter, og både dåpsbarnet og den vesle guten som døydde 18.mars høyrde til Dale sokn. Var denne dagen var så spesiell og høgtidssam for foreldra at dei valde han medvite, eller handla det berre om å få utført dei kyrkjelege handlingane så fort som mogeleg når høvet baud seg ? Etter gamal skikk skulle i alle høve kristningsdagen eller dåpsdagen haldast den fyrste preikesøndagen etter fødselen elles kunne barnet bli bytt bort av dei underjordiske og foreldra kunne få ein trollunge i byte.

Adressa og fullmakta frå Ytre Holmedal.

Etter at gudstenesta var ferdig, skulle valet gå føre seg. Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet i Vik.

Fråsegna frå Ytre Holmedal prestegjeld er både sentimental og høgstemt og har denne ordlyden:

Yttre Holmedal den 18de Marts 1814.
Allerunderdanigst Adresse til Prindsregenten fra Yttre Holmedals Præstegjelds Indbyggere, indeholdende tillige Fuldmagt for Sognepræst N. Nielsen og Bondemand Lasse Johannessøn Heggem at overbringe samme, og paa Folkets Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsamling.

Til Hans Kongelige Høihed Prinds Christian Frederik, Norges Regent.

Med Bekymring for vort elskede Fædreneland, for dets Frihed og Selvstændighed, og med bange Anelser at det skulde lykkes Herskesyge og Erobringslyst at paalægge Norges Fribaarne Tyranniets forhadte og vanærende Aag, sukkede vi i Løndom, o, elskede Prinds! og fældede mangen Vemodstaare i tause, mørke og rædsomme Øieblikke. Ja, rædsomme vare de disse Øieblikke; thi Haabets Gnist, det eneste Ulykkelige have tilbage, var næsten udslukt i vor Barm. Men pludseligen oplivedes den, efter Alstyrerens Villie, igjen, og vore Hjerter fyldtes med usigelig Fryd, da Budskabet lød: Prinds Christian, odelsbaaren til Norges Trone, vil antage sig vor Sag, vil reise vort Fædreland og vedligeholde dets Selvstændighed.

O, Fyrste! Glædestaaren tindrer i vort Øie, og med rørte Hjerter tilsige vi Dem vor Tak.

De vil blive Norges Forsvar, dets Friheds og Selvstændigheds Værn; De vil paatage Dem dette Lands Regjerings tunge Byrder; De vil skabe Velstand i vore Huse og Held og Lyksalighed trindt om os. O! ædle ere deres Hensigter og store Deres Opofrelser!

Men De fordrer og, at vi selv skulle med Kraft medvirke til Opnaaelsen af Deres store og velgjørende Hensigter. Ja, høibaame Herre! dette ville vi og. Ingen Byrde, Tidsomstændighederne paalægge os som nødvendig, skal være for tung for vore Skuldre, og ingen Opofrelse skal tænkes, uden vi jo med Villighed vil yde den. End ikke vort Liv skal være os for dyrebart. —

Nærværende allerunderdanigste Adresse fra Yttre Holmedals Præstegjelds Indvaanere befuldmægtiges, efter foregaaende Valg, Sognepræst N. Nielsen og Bonde Lasse Johannesøn Heggem at overbringe, og paa Folkets Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens udvalgte Mænd. — 

Allerunderdanigst
N. Nielsen, Yttre Holmedals Sognepræst.
N. Landmark, Sorenskriver udi Søndfiord.
H. L. Jersin, Birkedommer i Søndfiord.

J. Olsøn, Lensmand.
N. Ellingsøn.
Ole Olsen Bortnem.
Jens Tollachsøn Buttedahl, (mpp)
Søren Holmelie, (mpp)
Arne Hermansøn Engen, (mpp)
Hans Dingsøhren, (mpp)
Lasse Heggem, (mpp)
Rognald Biordahl. (mpp)
Anders Herstad, (mpp)
Peder Svartefos, (mpp)
Søren Tossedahl, (mpp)

Dei to valmennene frå Ytre Holmedal

I direktivet frå prins Christian Fredrik var det bestemt at ein av dei to valmennene skulle vere bonde. Dei stemmeføre mennene i Dale kyrkje valde så sokneprest Niels Nielsen og bonde Lasse Johannesøn Heggem frå Guddal som utsendingar til amtsvalet i Vik.

Dei som skreiv under fullmakta

Eidsvollsfullmakta frå Ytre Holmedal er underskriven av 16 personar. Øvrigheita var godt representert med soknepresten, sorenskrivaren i Sunnfjord , birkedommar i Sunnfjord, og lensmannen i Ytre Holmedal. Av dei andre 12 andre som skreiv under var det ein skulehaldar og resten bønder. Heile prestegjeldet var representert blant underskrivarane.

Det var berre tre av dei 12 som signerte adressa til prinsen sjølv, heller ikkje bonden Heggem. Lasse Johannesøn Heggem hadde vore Kongens Garde i København i mest ti år. På ættegarden hans i Guddal finst det brev han har skrive til foreldra. Tonen i breva tyder ikkje på at det er andre som har skrive for han. Kvifor han ikkje har skrive under på erklæringa til Cristian Fredrik sjølv, kan kanskje skuldast reint praktiske årsaker.

Amtsvalet i Vik 30.mars

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow

På garden Vange kom 40 valmenn frå heile amtet saman. Dei skulle no velje tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Dei som vart valde var bonde Peder Hjermann, Lærdal, sorenskrivar Lars Johannes Irgens, Sogndal og sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler).

For sokneprest Nielsen vart det no travelt. Han skulle heim att til Dale før han tok fatt på den lange vegen til Eidsvoll. På Eidsvoll vart det raskt to fløyar, «Selvstendighetspartiet» og «Unionspartiet». Her fann Nielsen seg vel til rette i «Selvstendighetspartiet», som gjekk for eit sterkt udeleleg kongedøme med Christian Fredrik som konge. Debatten var hissig mellom dei to partia, men Nielsen tok ikkje ordet ein

einaste gong.

Militært val

Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og menig Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

«Tak og Bønefest» til ære for Grunnlova og kongen

Den 17. mai 1814 var Grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde prins Christian Frederik til Noregs konge.

«Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.» Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. I Ytre Holmedal har presten ikkje notert i kyrkjeboka at det vart halde takk og bønefest.

Krig, fred og ny union

Sverige heldt seg til Kielfreden og ville ikkje vita av norsk konge og norsk sjølvstende. Det enda med krigsutbrot 27. juli. Biskopen i Bergens Stift, Johan Nordal Brun, vende seg til ei høgare makt, Gud Herren. Han forfatta og let trykkja ei bøn om norsk siger. Det står mellom anna:

«Din Arm er endnu ikke forkortet. Udræk den til Beskjærmelse over vor Konge og vore Folk. Giv vor Landsmands Arm Bjørne-Styrke! Hans Barm Løve-Mod! Vore Vaaben Kraft som Din Almagts Lyn-Straale!»

Fromme bøner var ikkje nok. Dei norsk styrkane var dårleg utstyrde, og Sverige stod sterkare militært. I fredsavtalen, kalla «Mossekonvensjonen», godkjende svenskane grunnlova, men ville ha union. Den 10.10. 1814 var det slutt på den korte sjølvstendeperioden for Noreg, og den nyvalde norske kongen måtte love å forlate landet.

Val til ekstraordinært Storting om hausten

Hausten 1814 vart det kalla inn til ektraordinært storting. Artikkel 1 i Konvensjonen på Moss av 14. august fastsette at eit storting skulle koma saman. Kongen bestemte at det skulle skje 7.okober i Kristiania. I realiteten var dette ei ny grunnlovgjevande forsamling. No skulle det forhandlast med svenskane om unionen.

Fire representantar frå Nordre Bergenhus Amt

Dette valet var betre førebudd enn valet til Eidsvoll-forsamlinga, m.a. låg det no føre valmanntal. I Nordre Bergenhus skulle det no veljast fire representantar, og kvart prestegjeld valde denne gongen valmenn i høve til tal på "stemmeberettigede». Dette lokalvalet står ikkje innført i kyrkjeboka for Ytre Holmedal. Om valet vart gjennomført andre stader enn i kyrkja, veit vi ikkje.
Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til dette omframstortinget.

Dei valde vart:
1. Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn.
2. Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
3. Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
4. Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

Den 4. november 1814 valde Stortinget den svenske kongen Carl 13 til Norges konge, og vedtok på ny grunnlov, no tilpassa unionen med Sverige.

Minnesmerke over Eidsvollsmannen Niels N. Nielsen

17.mai 1914 vart det avduka minnesmerke over Nielsen i Borgund kommune på Sunnmøre. Minnetavla står ved grava og gravminnet hans.

kjelder:

Avisa Firda. 26.04.2014
Nilsen, Halkild. Kirkelige og religiøse forhold i Bergens Stift. I biskopene Pavels og Neumanns tid. Gyldendals Norske Forlag, 1949.
Fagerheim, Ragnvald (red) Fjaler gjennom 1000 år. Artikkelsamling.
Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Bakke, David O. Fjaler i gamle dagar. Fjaler sogelag. 1948.
Stensrød, Brit, Lødøen. Presten og eidsvollsmannen Niels Nikolai Nielsen. I Historisk tidsskrift, Hornindal historielag. 1992
Mjøs, Nils-Aksel. "Holmedalspresten som kom så lettvint til Eidsvoll i 1814. Ein prestebiografi frå Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre". I Bjørgvin kyrkjehistorisk årbok. Kyrkjesogelaget 1993.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Dagbok. Sorenskrivar Nils L. Landmark.
 

Riksarkivet: Ministeralbok for presten i Ytre Holmedal Prestegjeld, 1799-1814.

PERMANENT IDENTIFIKATOR