Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. desember 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum – 1814 i Selje



1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, stortingsval og union med Sverige. Selje prestegjeld heldt bededag og val på valmenn til Eidsvoll-forsamlinga fredag 18. mars.

<p>Selje kyrkje.</p>

Selje kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Per Olav Bøyum

Selje prestegjeld 1814

Selje prestegjeld bestod i 1814 av om lag det som i dag er kommunane Selje og Vågsøy. I 1801 hadde prestegjeldet 2280 innbyggjarar. I fylgje folketeljinga det året var bonde den heilt dominerande yrkeskategorien. Ingen i prestegjeldet er oppførte som fiskarar. Men fisket må ha vore kraftig undervurdert. Truleg var havet svært viktig, både som inntektskjelde og matfat.

Selje kyrkje

Øya Selja er ein eldgammal kyrkjestad. Segna om sankta Sunniva har gjort plassen sentral i norsk kristendomshistorie. Ei av dei første kyrkjene i landet vart bygd på øya.

Soknekyrkja i Selje har vore på flyttefot fleire gonger. Fyrst frå helleren på vestsida av Selja til Bø, aust på øya. I 1654 vart kyrkja flytta til fastlandet, ved enden av Seljesanden. Det var denne kyrkja som i 1814 fungerte som vallokale for Selje prestegjeld. Utover 1800-talet viste det seg at kyrkja var for lita. Ho hadde dessutan i lang tid mangla vedlikehald. Gamle-kyrkja vart difor riven og flytt til Leikanger. Samstundes vart det reist ei ny kyrkje i Selje, på same staden som den gamle stod. Ho vart vigsla 13. mai 1866.

Soknepresten i Selje i 1814

I Nordre Bergenhus Amtstidende 2. august 1902 hadde Wilh. Kvalheim denne omtalen av Gabriel Heiberg, soknepresten i Selje i 1814:

Gabriel Heiberg var født 1769 i Gloppen, hvor faren, Johan Widding Heiberg var sogneprest. Moren var Anna Marie Stup. Efter at ha studeret privat, reiste han 18 aar gammel til Bergens latinskole og 1789 til Kjøbenhavn, hvor han trods ringe understøttelser fra hjemmet holdt det gaaende til 1793 og tilendebragte sine studier. Han virkede nu som kapellan hos faren og bestyrte kaldet efter dennes død, indtil han 1801 blev res. kap. til Lindaas og ægtede da sorenskriver Stups datter, Mette Catharine, med hvem han havde været forlovet i 7 aar. 1805 udnævntes han til sogneprest til Selje. Han skal ha været en ualmindelig dygtig prædikant, og biskop Pavels omtaler ham som et geni, der var bortgjemt i en afkrog.

Gabriel vart i 1826 utnemnd til sokneprest i Manger. Han døydde 1. juli 1838.

Særskild bededag – eidsavlegging og val

Tidleg i mars 1814 fekk soknepresten i Selje brevsending frå biskopen. Det var kunngjering frå prins Christian Frederik, Norges regent, om at det i heile landet skulle haldast særskild bededag fredag 25. februar, eller ein av dei påfølgjande fredagane, alt etter som bodet nådde fram. Bededagen skulle haldast i hovudkyrkja i prestegjeldet.

Innhaldet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå Regenten. Kvar prest skulle lesa opp kunngjeringar og halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Og så skulle det veljast to valmenn til eit amtsvalmøte som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til ei riksforsamling på Eidsvoll 10. april. Dessutan skulle det setjast opp ei fråsegn (adresse, fullmakt) til Regenten. Fråsegna skulle underskrivast av 12 «opplyste Mænd».

Alt dette stod å lesa i brevsendinga frå biskopen. Soknepresten si oppgåve var nå å varsla folket i prestegjeldet om den særskilte bededagen. Det skulle først og fremst gjerast frå «Prædikestolen» i kyrkja. I Nordre Bergenhus amt vart bededagen halden fredag 18. mars med unntak av «Evindvig» (Gulen) som heldt bededag 11. mars.

Korleis bededagen gjekk føre seg i Selje, finst det ikkje kjelder som fortel oss. Men Reidar Djupedal kjem truleg nær røyndomen når han skildrar dagen slik:

Ved Seljekyrkja møtte folk frå heile sokna. Vi kan sjå dei føre oss. Somme kom til fots. Dei fleste kom roande eller siglande. Mange hadde kome kvelden i førevegen. Det var kaldt i veret. Vinteren hekk enno i. Folk skulle no for fyrste gong få vere med å velje. Dette var det einaste valet som hadde vore halde i bygda, ja, i heile landet. Og folk møtte fram. Dei visste kva det galdt. Presten Gabriel Heiberg hadde fått oppgjeve teksten for dagen. Det var den 62. Davids-salmen, 8. og 9. verset. Det var ein kraftig tekst som nok gav Herr Gabriel høve til å ta fram dei rette orda. Denne dagen var Seljekyrkja fullsett. Mange slapp ikkje inn. Då preika var over, måtte kvinner, born og alle som ikkje hadde røysterett, gå ut. Att sat nokre bønder og embetsmenn og dei få som dreiv handel. Dei hadde retten til å velje, kanskje knapt hundre mann i alt.
 

Fullmakt

Soknepresten hadde rolle både som prest og «valstyre», og det var presten som forfatta og sette opp fråsegna (adressa) til Regenten. Adressa fungerte og som fullmakt for utsendingane til amtsvalmøtet. Utsendingane avleverte fråsegna på amtsvalmøtet. Alle fråsegnene vart i neste omgang tekne med til Eidsvoll og avleverte til Regenten. Fråsegna frå Selje prestegjeld har denne ordlyden:

Stormægtigste Fyrste, Allernaadigste Regent!

Vi Undertegnede fordriste os herved til, at nedlægge for Deres Kongelige Høyhed et taknemmelig Folks Følelser ved Kundgiørelsen af Deres Kongelige Høyheds store og velgiørende Beslutning, den Gud i Naade velsigne, om at beskytte vort Land, hævde vore Love og forsvare vore Rettigheder. Allernaadigste Fyrste! alt ville vi bære — kun ikke fremmed Aag — alt ville vi giøre kun ikke bryde den hellige Eed, vi i Dag have svoret, den at hævde Norges Selvstændighed, og at vove Liv og Blod for vort elskede Fædreneland og dets ophøyede Regent. Ofte gientoges i vor hellige Forsamling: længe leve Norges Regent Hans Kongelige Høyhed Prins Christian Frederich! Og Helligdommen selv gav gienlyd af vor Bøn og Gud selv vil bønhøre den, og spare Deres Kongelige Høyhed til Hæld og Hæder for os og vort Land til sildigste Alder. Vi fordriste os og til allerunderdanigst at bevidne for Deres Kongelige Høyhed, at saavidt som Troeskab mod Fyrster altid har været Nordmandens Særkiende, saavist skulle vi altid med Troeskab hylde den Regent, der paa Nødens Dag er os sendt som en frelsende Engel.

Denne vor allerunderdanigste Adresse overbringes af tvende af os valgte Gaardbrugere Christen Valdemarssen Barmen og Ingebricht Hanssen Hals, der af os afsendes til Wigsøren for at vælge de oplyste Mænd, der skulde møde i Eydsvold.

Selløe Hoved Kirke den 18de Martii 1814.

Allerunderdanigst

-sign-

Adresse Til Hans Kongelige Høyhed Norges Regent Prins Christian Fredrich. —

Severin Lohmann, demitteret Major.
Gabriel Heiberg, Stedets Sognepræst.
Hans Brunchorst, Købmand.
E. A. Friis, Const. Lodsaaldermand for Stads Lods Destrigt.
Ole Øren, Stædes Klokker.
Peder Larssen Eyde, Gaardebruger.
Ingebrigt Jacobsen Otnem, Gaardbruger.
Knud Pederssen Aarvig, Gaardbruger.
Peder Ingbrigtsen Schorg. Gaardbruger.
Mons Isachsen Hammersvig, Gaardbruger.
Lars Jesperssen Waage, Gaardbruger.
Rasmus Christensen Ronderem, Gaardbruger.
Ole Hanssæn Trolebøe, Gaardbruger.
Lars Olsen Degnepold, Gaardebruger.
 

Dei som skreiv under

9 av dei 14 som underteikna fullmakta signerte oppgav «Gaardbruger» som yrke. Med det hadde Selje ein bondedel på tett under 65%. Resten av dei som skreiv under må truleg ha vore bygdas beste menn.

Ein regel for valet på valmenn var at minst ein skulle vera bonde. Selje valde to gardbrukarar: Christen Valdemarssen Barmen og Ingebricht Hanssen Hals.

Amtsvalet

Herman Gerhardt Treschow var amtmann i Nordre Bergenhus amt i åra 1811-1814. Treschow var dansk embetsmann og budde ei tid på Askelund i Balestrand i dåverande Leikanger prestegjeld. Han slutta i embetet våren 1814. Første mars sende amtmannen rundskriv til alle prestegjelda om tid og stad for amtsvalet, den 30. mars i Vik:

[Til] samtlige Sognepræster: Herved underrettes Deres Velærverdighed om at Giestgiverstedet Wiigøren i Wiigs Prestegield i Yttre Sogns Fogderie er udseet til Forsamlingsplads for de af de respective Menigheder i Overeensstemmelse med Regentskabets ved Biskoppen den …: Circulaire udvalgte Mænd, som at Tiden til denne Forsamlings Afholdelse, er berammet til den 30de i denne Maaned.
Treschow
 

Amtsforsamlinga skulle velja tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Minst ein skulle vera frå bondestandet. Valet blei halde på garden Vange, i huset som seinare vart kalla Lyche-huset, etter ein kaptein Lyche som budde der. Desse blei valde:

• Bonde Peder Hjermann, Lærdal.
• Sorenskrivar Lars Johannes Irgens, (Sogndal, Indre Sogn sorenskrivardøme).
• Sokneprest Niels Nielsen, Ytre Holmedal (Fjaler)

Bergenhusiske infanteriregiment valde to representantar. Begge var frå Sogn og Fjordane; kaptein Ole Elias Holck, Lavik prestegjeld, og musketer (menig) Niels J. Loftesnes, Sogndal prestegjeld.

«Takke- og Bede-Fest»

Den 17. mai 1814 var grunnlova ferdig og riksforsamlinga på Eidsvoll valde Norges Regent, prins Christian Frederik, til konge. «Denne Dag er en af de vigtigste i Norges Aarbøger», uttalte den nyvalde kongen. «Det verk er fuldendt, som skal grundfeste det Norske Folks held. Constitutionen er et Palladium [finaste sort sølv] for Folkets Frihed, som selv Uretfærdighed og Vold ikke ustraffet skal antaste.»

Den nyvalde kongen følgde opp med kunngjering til det «Elskede norske Folk» og sende ut kongeleg «Rescript» til «Rigets Biskopper» om takke- og bønnefest. På andre søndag etter «Trinitatis» (19. juni 1814) står det notert i kyrkjeboka for Helgheim:

«2d. Sønd i Trinit Eom:96 prædiket Ps. 125 v.1 – i anledning af kongens Christian Frederics tronbestigelse»

Val til omframt Storting

Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde opphavleg vedteke at det fyrste «ordentlige Storting» skulle haldast i februar 1815. Men etter det militære nederlaget mot Sverige vart det underteikna ein fredsavtale, Mossekonvensjonen, som sa at eit storting skulle haldast i september eller oktober 1814 for å tilpasse grunnlova til ein union med Sverige.

Amtsvalet om hausten, den 23. september, vart på same måten som valet til Eidsvoll-forsamlinga, halde på garden Vange i Vik. Det møtte 58 valmenn. Ingen av Eidsvoll-mennene vart valde til omframstortinget. Desse representantane kom inn frå Sogn og Fjordane:

• Bonde Torger H. Næss, Luster prestegjeld, Sogn.
• Nils Griis Alstrup Dahl, Eivindvik prestegjeld, Sogn
• Bonde Ole Torjussen Svanøe, Kinn prestegjeld, Sunnfjord.
• Bonde Erik O. Nord, Eid prestegjeld, Nordfjord.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden [et al]: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane.
Nordfjord og Sunnfjord. Førde : Selja forl., 2000

Cappelens Forlag: Eidsvoll 1814. 1914

Djupedal, Reidar: Rekk meg handa di. Trondheim, 1984

Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane – grenseendringar gjennom tidene. I: Kjelda nr. 3 2002, s. 26-46

Heiberg, G.F.: Slægten Heiberg : personalhistoriske og genealogiske oplysninger. Kristiania : Cammermeyer, 1907.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR