Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnegåve frå Amerika i Vadheim



I april år 1900 reiste Ole Johannsson Hovland til Amerika. Han hadde fire sysken. Hansine utvandra i 1903; dei tre andre i 1910. Alle var fødde på husmannsplassen Sutarvika. I 1954 sende dei pengar til eit minne om Marie Farsund Kvamme i Vadheim. Dei hadde hatt brevbyte med henne i årevis, og dei hadde sett stor pris på det.

Sølvskåla har ein diameter på ca 16 cm og er ca 4 cm høg. Krossen på loket er omlag 2,5 cm høg. Skåla er laga av gullsmed David Andersen i Oslo.

Sølvskåla har ein diameter på ca 16 cm og er ca 4 cm høg. Krossen på loket er omlag 2,5 cm høg. Skåla er laga av gullsmed David Andersen i Oslo.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Husmannsplass i Sutarvika
Sutarvika ligg på austsida av Vadheimsfjorden, mellom gardane Hovden og Klevald. I 2006 kan me sjå spor av steingjerde, husmurar og ei båtstø. Sutarvika var husmannsplass under Klævoll. År 1900 budde Johannes Gullaksson med huslyden sin i Sutarvika: - kona Kari Hansdotter, borna Hansine (fødd 1885), Gullak (fødd 1892) og Brita, og ei bestemor, Sigrid (fødd 1808). Eldste sonen, Ola (fødd 1882) og dottera Sigrid (fødd 1887), budde andre stader ved årsskiftet 1900/1901.

Av folketeljinga 1900 går det fram at dei dyrka potet og korn. Dei hadde husdyr og kjøkkenhage. Elles skaffa Johannes utkome som dagarbeidar. Bestemora Sigrid som var 92 år gamal, hadde støtte av fattigkassa.

Til Amerika
Ola hadde utvandra til Amerika om våren 1900. Systera Sigrid utvandra i 1903 og dei tre andre sju år seinare. Dei reiste frå Bergen i april 1910. I emigrantlistene står Gullak oppførd som fabrikkarbeidar (utbygginga av Vadheim Elektrochemiske Fabriker som starta opp i 1907), Hansine og Brita som tenestejenter. I emigranlistene står Ola oppførd med etternamnet Hovland, Sigrid med Hovden, og dei tre siste med Klævold. Det kan sjå ut som i alle høve fire av dei kom til å bruka etternamnet Hovland i Amerika.

God brevskrivar
Marie Farsund Kvamme, fødd 1879 i Førde, budde i Vadheim. Ho var gift med Søren Andreasson Kvamme (1875-1961). Marie Kvamme var ein framifrå brevskrivar. Ho vart bindeledd mellom syskena frå Sutarvik og staden dei kom frå. I årevis skreiv ho til dei og fortalde nytt, til dømes om då vegen mellom Vadheim og Klevald vart bygd fyrst på 1930-talet. Dei var spente på korleis det ville gå vinterstid utetter Hovlandsfjellet der det var rasfåre fleire stader.

Takksemd
Marie Kvamme døydde i januar 1954. Signaturen "-e" (Lars Berge) fortel i eit stykke i Sogn Folkeblad at då Marie ikkje var meir, kjende syskena frå Sutarvika det som dei skulle ha mist ein av sine eigne. Dei tenkte attende på det gode venskapet mellom dei og henne, og barndomstida då dei som ungar ofte hadde vore i heimen hennar, somme gonger medan dei venta på båtskyss ut til Sutarvika. Dei ynskte å visa kor takksame dei var ved å gje ei gåve til bedehuskapellet i Vadheim.

Oblatøskje
I samråd med soknepresten i Kyrkjebø, Førsund, og lærar Horpedal i Vadheim, vart det kjøpt inn ei oblatøskje i sølv til bruk ved nattverden. Oblatøskja er i røynda ei låg skål på fot med lok. På loket står inngravert: MINNE OM MARIE FARSUND KVAMME * 1879-1937
På innsida av loket står: GÅVE FRÅ FIRE SYSKEN HOVLAND I USA * FØDD I SUTARVIKA, KYRKJEBØ

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn Folkeblad. 22.04.1957.
Henden Aaraas, Margrethe, o.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bind 2. 2000.
Informasjon frå:
Georg Hovland, Høyanger.
Folketeljinga 1900. Digitalarkivet.
Emigrantlister, Bergen. Digitalarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR