Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stabbur på Føleide - tømra hus frå før år 1350



På Jobruket på Føleide står eit stabbur som truleg er frå før år 1350. Huset står fritt og fint, med utsikt mot "Innfjorden" og mot Eidsdalen som fører til Vereide. Huset, som truleg har stått på garden sidan rett før Svartedauden, har nok opplevd både skiftande tider og kår.

Plan av stabburet: tverrsnitt, sett mot nord; langsnitt, sett mot vest.

Plan av stabburet: tverrsnitt, sett mot nord; langsnitt, sett mot vest.

Eigar: I Norske tømmerhus frå mellomalderen.

Datering: 1990-talet.

Fotograf: Teikning: Arne Berg.

Datering

Tømmeret som vart nytta til stabburet, har vore heller småvakse. Nokre av hovuda i hjørna er skadde, og det er difor forholdsvis enkelt å sjå korleis novene er hogne. Halsen er i den nedre delen av stokken. Dette vert kalla findalshogg, og tidfester huset i si tidlege form til tida før svartedauden. Skulle huset vere bygt etter 1350, vil det vere første gongen ein råkar på denne bygemåten så seint. Halsen har som eit møne øvst, og dette sansynleggjer at huset ikkje vart bygt lenge før svartedauden.

Ombygging og utviding

Med denne byggemåten har det frå først av vore tømra eit enkelt, kvadratisk rom. Etter kvart har det vorte bygt til eit rom framfor døra, med bordveggar på tre sider. Oppå det heile er det så tømra ein låg lem med ein mykje yngre hoggemåte i novene. Om påhogginga vart gjort før eller etter jordskiftet i 1908 - altså før eller etter at husa vart flytte ut or det gamle tunet - kan ikkje seiast. Mest truleg var det før. Vi snakkar såleis om ein avstand i tid på ca. 500 år frå huset vart bygt til det vart påbygt i lengde og høgde.

Sotsvarte stokkar

Merkeleg nok er det teikn til at stokkane har vore sotsvarte inne, og at dei har vore avpussa. Dette leier først tanken til ei stove, men løysinga ligg truleg ikkje der. Til det er rommet for lite, og det var dessutan vanleg å nytte grøvre tømmer til stovehus. Einast dei gamle sylltsokkane er laga av grovt vyrke. Dei er vel 40 cm høge, men meir avøksa på tjukna enn det som er vanleg for stovehus.

Meir truleg er det at huset opphavleg har vore brukt som eldhus. Men også dette skurrar. Kring døra inne er det nemleg dekorerte kinningar attmed beitskiene. Ei gissing som har vorte ståande, er at huset er ei forseggjort bu som i kortare eller lenger tid har vore nytta som eldhus - til mellom anna røyking av kjøt.

Bles av stolpane under nyttårsorkanen i 1992

Bua står i dag på stolpar. Frå først av har ho truleg stått med syllstokkane direkte på novsteinar eller syllsteinar.

Nyttårsorkanen i 1992 tok godt også på Føleide. Bua bles av stolpane. Skadane var ikkje omfattande, og huset kunne løftast på plass att. Seinare er taket tekt om, på gamlemåten, med never og torv.
Huset er verna.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Berg, Arne: Norske tømmerhus frå mellomalderen, bind 5. Utgjeve av Riksantikvaren og Norsk Folkemuseum. Oslo 1998.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim, bind 4. Utgjeve av Sparebanken Sogn og Fjordane, Gloppen. Sandane 1992.
Eide, Petter: Tembra hus frå mellomalderen i Nordfjord. Artikkel i Årbok for Nordfjord 1995.
Jon Gimmestad, noverande eigar av Jobruket.

PERMANENT IDENTIFIKATOR