Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gaular prestegard på Steia



Prestegarden på Sande er i dag lite synleg fordi området har vorte nedbygt av private og offentlege bygg. Men før dette skjedde må garden ha vore godt synleg der den låg som eit åndeleg sentrum. Med etableringa av prestegarden på Sande ser ein her byrjinga på det som seinare vart sentrum i kommunen.

Hovudbygningen på prestegarden vart bygd i sokneprest Borchgrevink si tid (1888-1903). Ved fleire høve vart huset ombygt. Det skjedde som oftast i samband med eit presteskifte til stor irritasjon for dei løyvande styresmaktene.

Hovudbygningen på prestegarden vart bygd i sokneprest Borchgrevink si tid (1888-1903). Ved fleire høve vart huset ombygt. Det skjedde som oftast i samband med eit presteskifte til stor irritasjon for dei løyvande styresmaktene.

Eigar: I Bygdebok for Gaular.

Datering: Kring 1890.

Fotograf: Leif Lundgren. (Teikning).

Etableringa

Status som prestegard fekk Steia først midt på 1700-talet. I 1755 vart nemleg Holmedals prestegjeld delt i to, og det vart skipa to nye, Indre og Ytre Holmedal. Indre Holmedal vart seinare til Gaular prestegjeld med sokna Bygstad, Sande og Viksdalen. Det administrative sentrumet vart no lagt til Sande med plassering på Steia. Grunnen til det var mest av geografiske omsyn, men også fordi presten i Dale eigde Steia som kunne nyttast som bustad til den nye prestefamilien. For folk i bygda betydde det mykje at Gaular fekk sin eigen prest buande på Sande. No trong dei ikkje lenger reise ut til Dale for å få ordne saker som hadde med dåp, konfirmasjon, giftarmål og gravferd å gjere. Sande hadde no fått eit sentrum med utgangspunkt i prestegarden.

Slutt på gardsdrift

Prestegarden vart driven fram til 1961. Seinare har mesteparten av jorda vorte slegen av naboar. Fjøsen vart riven for å gjere plass til den nye sentralskulen som stod ferdig hausten 1967. I åra etter vart prestegarden teken bit for bit til ulike føremål.

Nytt sentrum

I samband med dei store omleggingane i etterkrigstida kom behovet for tomteareal til private opp. Kommunestyret valde då å gjere seg nytte av prestegarden i og med at det var eit offentleg område. Først vart tomtene bak skulen utlagde, dette skjedde frå 1950-åra. Frå kring 1974 byrja kommunen å stykke ut det som i ettertid vart heitande Løfallsfeltet sjølv om det låg på Steia. Då dette området var ferdig utbygd, vart arealet aust for riksvegen teke i bruk i byrjinga av 1980-åra, det som no går under namnet Steiafeltet.
Medan sentrum før siste krig låg på nordsida av elva på Skagen og Sande, skulle dette frå 1960-åra bli flytta over elva til Steia. Frå å vere eit område der prestegarden sine jordvidder og husdyr var rådande før krigen, skulle dette bli utlagt til tomter for bank, kommunehus og andre offentlege og private bygg. I tillegg vart arealet også utlagt til tomter frå 1970-åra.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band II. 1992. Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band V. 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR