Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinsåkerstøylen



Steinsåkerstøylen høyrer til Steinsåker, gard nr. 82, i Gloppen. Stølen ligg ca. 640 m o.h., bortimot 1 km ovanfor fjellgarden (skilje utmark-fjell). Fleire andre stølar ligg nokså nær. Det er ein stor og romsleg støl der fjøsane (no berre murar att) er plasserte i øvre kviekant. Dei 4 sela er meir spreidde over kvia. Det er ein fin støl, godt opprydda, bra med gras, men einekrattet trekkjer innover.

Stensakerstølen, med fjøsmur til høgre.

Stensakerstølen, med fjøsmur til høgre.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Tilkomsten er via 4-5 km rås opp frå tunet. Einar Stensaker fortel at det er til dels noko bratt, men frå Breivadet er råsa noko flatare i eit kupert terreng. Frå tunet er det kring 1 times gange.

Bruk av stølen

Einar Stensaker fortel at dei flytte opp til stølen før den 10. juli og var der til dei første dagane av september. Steinsåkerstøylen var inngjerda så dei hausta gras på stølsvollen. Dette vart lagra på fjøslemmen og henta heim på vinterføre. Om søndagen var jentene fri for å bere mjølka heim. Då var det vanleg at andre, og gjerne heile familien, tok ein tur på stølen. Dei vart då bodne på rømmekolle med flatbrød og spekemat til.


Siste helga før dei flytte heim, hadde dei frå eldre tider ein avslutningsfest. Då samlast dei ved Rustaselet som var stort og romsleg. Det ligg noko aust for Steinsåkerstøylen og nord for Sårheimstøylen. Då kom dei frå Øvresetstøylen i aust til Hetlastøylen i vest til ein skikkeleg fest med felespel og dans.

Nokre fakta

Steinsåker, gard nr. 82, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR